For få år sidan ga ØIL ut ei fin turbok med omtale av 37 ulike turmål innan kommunen vår. Mange av turane til Stikk UT 2020 ligg i Ørskog
Informasjon om trim eller ski finn du på menyen. Eller ta turen innom Stikk Ut
Frå 2011 vart skigruppa og trimgruppa slått saman. Ski har lange tradisjonar i laget – heilt tilbake til skipinga i 1918. Ø.I.L. har hatt gode aktørar både i langrenn, hopp og alpint. Det er bygt opp eit flott løypenett i området Geilhaugen – Svartløken – Ørskogfjellet m.m. Svært mange nyttar seg av dette flotte skianlegget. Ei flott gruppe av maskinkøyrarar tek seg av løypeprepareringa.
Trimdelen av fellesgruppa satsar i hovudsak på ulike turaktivitetar for flest mogeleg. Turkassene og turbøkene til Ø.I.L. finn du på over 20 ulike stader i kommunen – høgt og lågt – langt og kort.
Ø.I.L si turbok «På tur i Ørskog» gjev gode omtalar av 37 turmål i kommunen. Laget har framleis bøker til salgs!
Anlegg - innandørs
Ørskoghallen står til disposisjon.
Anlegg – utandørs
Turterrenget i Ørskog sommar som vinter! Lysløype nordaust for Geilhaugen + Ørskogfjellet + Vaksvikfjellet.