Fotballen engasjerer mange i Ø.I.L. Gruppa har aktive gutar og jenter frå 7-årsalderen og vidare inn i vaksen alder. Hovudtyngda av spelarar finn vi i grunnskulealder – 6 – 16 år. Vi reknar at godt over 200 aktive er knytta til Ø.I.L. si fotballgruppe.
Vi har hatt deltakande lag i SFK sitt seriesystem sidan 1950-talet. Jentefotballen har særleg blomstra site 10-åra. Påmelde lag i seriesystemet har siste åra vore om lag 20.
Mest årvisst har lag frå Ø.I.L. delteke i Norway cup og andre turneringar.
For å kunne gje tilbod til så mange, krevst ei rekkje tillitsvalde, trenarar og støttespelarar. Vi er glade og takkar for at så mange stiller opp!
Sjå oversikt over lag her