Det nye, store prosjektet for ØIL er no utbygging av anlegg for friidrett.

ØIL har gjennom vedtak på årsmøtet 2012 gjort sine prioriteringar. Planlegginga skal no sjåast i samanheng med bruken av uteområdet for nye Ørskog skule.

I juni 2016 vart det inngått avtale mellom ØIL og kommunen om anlegg for friidrett. Eit redusert anlegg med 200 meter bane skal realiserast innan utgangen av 2020. Planarbeidet reknar vi med skal starte hausten 2019.