Ørskog hinderløype 2026
Postet av Anne Britt Sjøholt Osvoll den 22. sep 2026
Søndag 13.september gjentok Ørskog Idrottslag fjorårets suksess med å arrangere hinderløype. Arrangementet vart satt i gang med besøk av sjølvaste Brannbamsen Bjørnis, til stor glede for alle borna som hadde møtt opp.

Etter Bjørnis hadde reist tok programleiar Asgeir Hanestadhaugen ordet og presenterte den nye leiaren i Ørskog Idrottslag, Øystein Osvoll. Deretter skulle årets eldsjelpris delast ut av den nye leiaren og prisen gjekk til dagens programleiar, Asgeir Hanestadhaugen. Denne prisen blir delt ut basert på nominasjonar som har kome inn til styret og skal gå til nokon som har utmerka seg med engasjement og frivillig arbeid i ØIL over lengre tid, anten gjennom ulike verv, oppgåver eller generelt stort engasjement. Med godt humør og artige kommentarar har Asgeir, som speaker, underhaldt og informert publikum og utøvarar på kampar og ulike arrangement i regi av ØIL gjennom fleire tiår.


Det vart også utdelt pris til det som truleg er Ørskog IL sitt aller første æresmedlem. Personen er ein som gjennom fleire generasjonar har bidrege til drifta av ØIL og denne prisen gjekk vel fortent til Ragnar Bakken. Han har gjennom heile 58 år gitt mykje av si fritid til idrettslaget gjennom forskjellege verv, også som leiar i mange år.

Vi set utruleg stor pris på at desse har gitt av seg sjølv til idrettslaget over så lang tid. Idrettslaget er heilt avhengig av frivillige.
Etter prisutdeling gjekk startskotet for sjølve hinderløypa. Løypa starta ved friidrettsbana på Ørskogbanken Stadion og gjekk via ulike postar gjennom Sjøholt sentrum. Det var blant anna postar frå alle fem undergruppene i Ørskog Idrottslag (fotball, cheerleading, ski/trim, sykkel og idrettsskulen) der deltakarane fekk prøve seg på diverse hinder tilknytt undergruppene og dermed fekk vi vise fram kva ØIL kan tilby av aktivitetar. Mot slutten av løypa skulle ein krysse elva ved Elvastien, eit spanande hinder for mange.




Det var 100 påmeldte deltakarar i alle aldrar så det var mykje liv i løypa. Det var premiering blant anna for beste lagånd, raskaste tid, best show og beste innsats. Tusen takk til Heitebua, Stolt Mat, Fergekaia Sjøholt, Sabry Sushi og Fjellstova for spons av hovudpremiar. Og tusen takk til Ørskog Sparebank for premiar og lån av startnummer. Utruleg kjekt å sjå små og store by på seg sjølv med utkledning, humør og samhald i løypa! Etter fleire tilbakemeldingar frå deltakarar etter målgang så ser det ut som dette må bli ein tradisjon.

Arrangementskomiteen saman med prisvinnarane, Asgeir og Ragnar:

Anne Britt Sjøholt Osvoll
Regine Haddal Amdam
Jon Espen Nitter Ulvestad
Vibeke Lid Amdam
Logg inn for å skrive en kommentar.