Frå 2011 vart skigruppa og trimgruppa slått saman. Årsaka var manglande rekruttering innan ski. Ski har derimot lange tradisjonar i laget – heilt tilbake til skipinga i 1918. Ø.I.L. har hatt gode aktørar både i langrenn, hopp og alpint. Les meir:Ski / trim -intro

Løypekøyring

Løypekøyringa frå Brauta til Ørskogfjellet er ØIL sitt ansvarsområde i Svartløken området. Heldigvis har denne vinteren fram til no gitt oss muligheter for å produsere fine løyper i området og vi anbefalar sterkt dei som ønsker å seg fine skiturar å komme seg avgårde.

Vi held no også "barneløypa" open (forkorta utgåve av lysløypa) når dette er mulig.

Mykje køyring gir større  slitasje på utstyr og behovet for å disponere meir verktøy for å vedlikehalde maskina på ein god måte melder seg litt etter kvart. Molde Jarnvareforretning AS som er ein stor leverandør av verktøy til industrien på møre og Jan-Co Mek AS på Gausneset og Helge Sjøholt har sponsa "skisporets vener" med verktøy slik at vi kan ta dei fleste vedlikhehaldsreparasjonar sjølve.

Drifta av køyringa og utstyret er frivillig dugnadsinnsats frå ildsjeler og vi er avhengige av å få inn pengar til både drivstoff og vedlikehald. Vi har lagt ut giroar som dei som vil kan benytte til å betale inn til dette formålet. Vi legg også giroar på parkerte bilar og bed om forståelse for dette. Alt som kjem inn går til drifta av løypenette og alle beløp som kjem inn hjelper oss i dette arbeidet. Store som små.

Vi håper mange har glede av arbeidet som vert lagt ned og ønsker alle og ein kvar god skitur. 

 

 

Skiløypene frå Brauta

Endelig er snøen komen og skisporets vener er i farta med løypekøyring til glede for skiløparar i alle aldrar. Følg med på skisporet.no og søk deg inn på Svartløken så finn du oppdatert info om preparering både frå Ørskog sida så vel som Tomra og Skodje. 

Vermeldingane for julehøgtida indikerer stabilt ver og det er planen at vi skal halde ferske spor frå og med 1. juledag. Ein utmerka muligheit for å trimme av seg ekstra inntak under juledagane.

Skisporets vener vil også på denne måten ønske alle ei Riktig God Jul og Et Godt Nytt År 

Løypekøyring i Svartløken området

Karane som står bak produksjonen av skispor i Svartløken området og med base på Brauta (Skisporets vener) er klare til dyst så snart snøen legg seg i området. I skrivande stund er det snøfritt men håpet er der for at det snart skal bli mulig å komme i gong.

I garasjen på Brauta har vi denne sommaren fått støypt golv. Noko som lettar mykje situasjonen for vedlikehald av utstyret. Vi har også fått en ny "nabo" der oppe i og med at friluftsrådet har sett opp ein utedo som turgåarar fritt skal kunne nytte. 

Til denne sesongen er vi glade for å konstatere at vi har fått på plass sponsing av drivstoff til løypekøyringa. Dei som er med på dette er Farstad Shipping og Sperre sveis. Vi er svært glade for at dei hjelper oss og brukarane av området med dette.

Likevel er det klart at vi også i år vil legge ut giroar for frivillig bidrag til prosjektet. Trakkemaskina skal få service i sommar slik at ho er klar til dyst når neste sesong står for døra. Dette er nokså kostbart så vi håpar at så mange som mulig vel å støtte dette arbeidet. Skulle de ønske å bidra kan de også overføre pengar direkte til konto nr 4060 07 00679  

 

Skiløypene knytt til Svartløken området

Ørskog IL prepararer løypene som har utgangspunkt på Brauta (Geilhaugen) i Ørskog. Detaljar for status på preparereing finn de ved å klkke på denne linken

Sunnmørsposten er også i ferd med å lage til eit opplegg der det skal vere mogleg å få oppdatert status for snømengde og liknande i sitt nedslagsfelt. Dette er planlagt å vere på plass til vinterferien 2013 og du finn det her 

Trakkemaskina på plass i løypenettet

Endelig er trakkemaskina teke i bruk i løypenettet knytta opp mot Svartløken. I helga var det testing når snøen endelig kom. Utrulig kjekt å sjå at alt fungerte slik ein hadde håpa på.

Når publikum også fann ut at det var blitt preparert løyper vart det trongt om plassen på parkeringsplassen på Brauta.

Prosessen fram mot innkjøp og klargjering av "nymaskina" har også inkludert oppgradering av garasjen ved Brauta. Her er det blitt lagt inn straum, skifta port, skifta tak og rydda opp. Det som står att til sommaren er å få støypt golv.

Å få på plass økonomien til alt dette såg ein på som ei stor utfordring men takk vere kjempepositiv haldning både frå hovedgruppe, politikarar, Ørskog sparebank og næringslivet, kom pengane på plass fortare enn svint..

Når STX OSV sponsa drivstoffet for sesongen saman med Bunker Oil ja då er det berre å konstatere at det meste er på plass.

Alt arbeid knytta til dette prosjektet og køyring av løyper er gjort på dugnad av dei som kallar seg "Skisporets vener"  Diverre er no kassa tom og vi vonar difor at dei som synest det er positivt at løypene ligg klare for dei når dei måtte få lyst på ein tur, setter av eit beløp til konto 4060 07 00679 slik at vi har økonomi til å drive prosjektet vidare.

UT PÅ TUR 2012

Vi kan no presentere lista over besøkstala for 2012 på dei ulike trimpostane - saman med premievinnarar:

1 person uttrekt frå kvar bok - 1 uttrekt vinnar i kvar av dei 3 årsklassane og namnet på årets trimmar.

 

ØRSKOG I.L.:

UT PÅ TUR – SLUTTRESULTAT FOR 2012

TRIMPOSTANE:

POENG:

UTTREKT VINNAR 2012:

SUM BESØK:

Dyngjafossen

2

Aud Kongsnes

175

Gamle Lisetsætra

5

Magne Rødset

695

Gausneset

3

Malene Nærbøvik

259

Geitnibba

7

Maren Kongsnes

207

Giskemonibba

5

Ronny Hjelle

393

Gruvene i Liafjellet

2

Emma K. Hanssen

769

Grytavatnet

6

Arild Kåre Hjelle

207

Hallvardfjellet

6

Øygunn Garseth

137

Hestvika

2

Reidun Røyr

1527

Høgsvora

15

Arne Einar Aasen

605

Høgsætra

5

Martin Ødegaard

320

Kleivane

2

Kristin Torine Amdam

208

Lauparen

20

Elias Brautehaug

300

Lebergsfjellet

4

Espen Nordal

300

Liafjellet

6

Anny Hauge

724

Liasætra

2

Else Karin Sæter

802

Løken

4

Jorunn Tennfjord

436

Nysæternakken

3

Julie Rødset Hjelle

266

Postvegen

2

Kimi Bedynek

1556

Skogsvegen Vestre

2

Jens Skarbø

640

Snaufjellet

10

Peter Dalsbø

199

Svartløkfjellet

8

Ingrid Sætre Bakken

50

Syltesætra

5

Leiv Reite

391

Verahornet

5

Eva Myklebust Larsen

1269

Vestrefjellet

6

Linda Vestre

254

Samla: 25 turmål

 

 

Samla turar: 12669

 

Poengkrav for å delta i trekning av premiar på poengarka + vinnarar:

  • Vaksne 100 poeng – Svanhild Hegerberg

  • Over 67 år 50 poeng – Torunn Sletta

  • Barn fødd etter 1/1-97: 50 poeng - Magnus Jørgenvåg

 Årets trimmar: PETER DALSBØ MED 1203 POENG

Les meir: UT PÅ TUR 2012