Avslutning av sesongen 2013/2014

Då har dei aldersbestemte laga i volleyballgruppa tatt sommerferie. Det blei også i år ein noko tidlig sommerferie då trenaren må ut i permisjon.

Vi avslutta sesongen med å ta med alle spelarar på pizza og bowling ved Baronen bowling i Spjelkavika onsdag denne veka. Dette vart som alltid stor suksess! Vi var heile 25 barn og 8 vaksne så det var ein god gjeng som var på tur.

Neste punkt på lista for Ørskog IL Volleyball er dugnad på sandvolleyballbanene lørdag den 10.mai. Sett av datoen! Denne dagen er målet å ferdigstille renoveringa av banene. Det viktigaste som står att er å støype ned dei nye stengene, samt å lage til ein kant mellom graset og sanden. Har du lyst til å hjelpe til så er det berre å melde seg til underteikna. Cool

Har du ein volleyballtrenar i magen så vil vi veldig gjerne ha deg med på laget frå hausten av! For at volleyballgruppa skal klare å utvikle seg er vi heilt avhengig av å få tak i fleire trenarar. Også oppmenn vil vere til stor hjelp då trenar til no har fungert som begge deler. Heldigvis har vi hatt mange flinke foreldre som har stilt opp når behovet har meldt seg. Kanskje er nokon av dei klar for å bli trenar også? Dersom nokon treng trenarkurs vil vi sjølvsagt vere behjelpelig med det. Ta kontakt om du er interessert! Smile

 

Då vil eg berre ønske alle ein riktig god sommar når den tid kjem! Håper vi snakkast igjen til hausten med fleire aktive lag i gruppa. Trenden i vinter har i alle fall vore veldig positiv med mange nye spelarar! Smile


Mvh

Anne-Grete Refsnes Tennfjord
Leiar i Ørskog IL Volleyball