Volleyball treng trenarar

Er det nokon der ute som kan tenke seg å vere trenar i volleyball den komande sesongen?

Ørskog IL Volleyball har hatt ein positiv trend siste åra med auka medlemstal, men for å klare å fortsette den positive utviklinga treng vi fleire trenarar. Du bør helst ha litt volleyballbakgrunn sjølv, men for dei minste kjører vi minivolleyball som er forhaldsvis enkelt og greitt sjølv utan eigen erfaring. Ein kan med fordel vere to ilag på treningane spesielt for dei minste, då slepp ein å drage heile lasset aleine også.  I utgangspunktet satsar vi på trening ein gong i veka for alle lag, så det er ikkje all verden av tid som krevast.

Kretsen har desse aldersgruppene:

  • Minivolleyball i klassene U11 og U13 og "vanleg" volleyball for U15, U17 og U19.

Ta kontakt med meg på tlf. 959 01 890 eller e-post: Denne e-postadressa er beskytta mot program som samlar e-postadresser. Du må aktivere javaskript for å kunne sjå den. om du er interessert! Smile

Mvh
Anne-Grete Refsnes Tennfjord
Leiar i volleyballgruppa