Volleyballaktivitetar for gutar og jenter – barn og vaksne – er målsetjing og målgrupper for denne gruppa i Ø.I.L. Talet på aktive har variert noko gjennom dei åra som ligg bak.  Les meir:Volleyball-intro

Oppstart Trimvolleyball

Oppstart Trimvolleyball

Vi startar opp med trening for trimvolleyball i dag onsdag 16.september kl 20-2130 (evt. 22) i Ørskoghallen.
Dette er eit lavterskel tilbod til alle voksne som ønsker å spele volleyball. Vi stiller ingen krav til nivå, men du bør helst ha vore borti ein volleyball tidligare og kunne litt om sporten da vi ikkje har trener og organiserer oss sjølv. Her er altså alle velkomne så det er berre å møte opp (både damer og herrer)! smile Om du ikkje kan i dag så møt opp neste gong. Be også gjerne om å bli medlem i facebookgruppa Trimvolleyball der vi kommuniserer litt fra uke til uke.

Årsmøte i ØIL Volleyball

Det blir årsmøte i Ørskog IL volleyball den 24. februar kl 19 på klubbhuset ved sandvolleyballbanene.

Vanlege årsmøtesaker.

Er du interessert i å bidra i volleyballgruppa så møt opp og meld di interesse! Vi treng engasjerte bidragsytera både i styre og ellers! :)

Avslutning av sesongen 2013/2014

Då har dei aldersbestemte laga i volleyballgruppa tatt sommerferie. Det blei også i år ein noko tidlig sommerferie då trenaren må ut i permisjon.

Vi avslutta sesongen med å ta med alle spelarar på pizza og bowling ved Baronen bowling i Spjelkavika onsdag denne veka. Dette vart som alltid stor suksess! Vi var heile 25 barn og 8 vaksne så det var ein god gjeng som var på tur.

Neste punkt på lista for Ørskog IL Volleyball er dugnad på sandvolleyballbanene lørdag den 10.mai. Sett av datoen! Denne dagen er målet å ferdigstille renoveringa av banene. Det viktigaste som står att er å støype ned dei nye stengene, samt å lage til ein kant mellom graset og sanden. Har du lyst til å hjelpe til så er det berre å melde seg til underteikna. Cool

Har du ein volleyballtrenar i magen så vil vi veldig gjerne ha deg med på laget frå hausten av! For at volleyballgruppa skal klare å utvikle seg er vi heilt avhengig av å få tak i fleire trenarar. Også oppmenn vil vere til stor hjelp då trenar til no har fungert som begge deler. Heldigvis har vi hatt mange flinke foreldre som har stilt opp når behovet har meldt seg. Kanskje er nokon av dei klar for å bli trenar også? Dersom nokon treng trenarkurs vil vi sjølvsagt vere behjelpelig med det. Ta kontakt om du er interessert! Smile

 

Då vil eg berre ønske alle ein riktig god sommar når den tid kjem! Håper vi snakkast igjen til hausten med fleire aktive lag i gruppa. Trenden i vinter har i alle fall vore veldig positiv med mange nye spelarar! Smile


Mvh

Anne-Grete Refsnes Tennfjord
Leiar i Ørskog IL Volleyball

Vi treng trenarar! :)

Er det nokon der ute som kan tenke seg å bidra som trener i volleyballgruppa? Vi vil veldig gjerne fortsette den gode utviklinga frå dei siste åra, og treng difor deg som trener til gruppa vår! :) Vi vil fortsette med to grupper med minivolleyball (mix) og eit jente 15 års lag dersom nokon kan hjelpe til med trening. Dei minste trenar ein gang i veka, og dei eldste kanskje to dersom kapasiteten på trenersida blir betre. 

Du treng ikkje ha noko stor kompetanse i volleyball for å trene dei minste, men bør helst kunne det grunnleggende nokonlunde. Ellers finns det kurs som vi meir enn gjerne sender deg på om ønskelig! :)

Ta kontakt med meg så snart som mogleg dersom du er interessert!

Blindheimscup 2014

Da har vi hatt tre lag i aksjon på årets Blindheimscup i helga som var. To lag i minivolleyballklassen nivå 2 og ett lag i J15 klassen. Totalt var det 90 lag i 8 klasser som deltok i år. Det var dessverre mange av de yngste som ikke hadde anledning å bli med denne helgen, men vi klarte å stille to lag så det ble mye spilletid på de som var med. For de som stilte i 15 års klassen var dette første gang på dette nivået. Det ble tap i alle kamper, men vi lærte mye og hadde det veldig gøy! Vi var også veldig nærme seier i noen kamper, så dette gir nok mersmak for å satse videre neste sesong. Her er et bilde av J15 fra kampen mot Tambar på lørdag. Smile