Svartløken skiløyper

No er løypekøyringa i Svartløken området er i gong og i skrivande stund er det fantastiske forhold i løypenettet.

Nytt av året er at alle gruppene som køyrer løyper i området har gått vekk i frå å nytte skisporet.no til å nytte www.loyper.net vi trur at dette vil vere positivt for brukarane på sikt.

Så er vi komne inn i framtida med muligheita for å støtte arbeidet til skisporets vener med å preparere løyper til alle som ønsker å bruke dei. Tidlegare har vi nyttta berre bankkonto  4060 07 00679 men no har vi også fått oss VIPPS og de kan no betale der om de ønskar. Nr til VIPPS er 124619  eller de kan søke på Trakkemaskin Brauta. 

Alt arbeidet med løypenettet er dugnadsbasert og vi er avhengige av støtte for å få det til å gå rundt. Så alle bidrag mottas med takk.