Løypekøyring

Løypekøyringa frå Brauta til Ørskogfjellet er ØIL sitt ansvarsområde i Svartløken området. Heldigvis har denne vinteren fram til no gitt oss muligheter for å produsere fine løyper i området og vi anbefalar sterkt dei som ønsker å seg fine skiturar å komme seg avgårde.

Vi held no også "barneløypa" open (forkorta utgåve av lysløypa) når dette er mulig.

Mykje køyring gir større  slitasje på utstyr og behovet for å disponere meir verktøy for å vedlikehalde maskina på ein god måte melder seg litt etter kvart. Molde Jarnvareforretning AS som er ein stor leverandør av verktøy til industrien på møre og Jan-Co Mek AS på Gausneset og Helge Sjøholt har sponsa "skisporets vener" med verktøy slik at vi kan ta dei fleste vedlikhehaldsreparasjonar sjølve.

Drifta av køyringa og utstyret er frivillig dugnadsinnsats frå ildsjeler og vi er avhengige av å få inn pengar til både drivstoff og vedlikehald. Vi har lagt ut giroar som dei som vil kan benytte til å betale inn til dette formålet. Vi legg også giroar på parkerte bilar og bed om forståelse for dette. Alt som kjem inn går til drifta av løypenette og alle beløp som kjem inn hjelper oss i dette arbeidet. Store som små.

Vi håper mange har glede av arbeidet som vert lagt ned og ønsker alle og ein kvar god skitur.