Møtebok årsmøte 190319

ØRSKOG IDROTTSLAG

 SKIPA 24. FEBRUAR 1918

M Ø T E B O K

ÅRSMØTE 2019

 ØRSKOGHALLEN

 TYSDAG 19. MARS 2019 KL. 19.00

 MØTEBOK

 
   

ÅRSMØTE ØRSKOG I.L. - 2019

 

Tid:                Tysdag 19. mars 2019 frå kl. 19.00

 

Stad:              Ørskoghallen

  

Frammøtte: Ragnar Bakken, Jan Petter Øvstedal, Linn Tove Lid, Anne Grete R Tennfjord, Stine Ø Urke, Kåre Johnny Braute, Siv Krokfoss, Aslak Krokfoss, Ann Kristin H Kavli, Emma K Hanssen, Kjell Petter Braute, Ola Mogstad, Frode Balseth. 19.30: Odd Arild Jakobsen, Anne Sofie Valgermo.

Samla 15 medlemmer. Ragnar ønsker velkommen til sitt aller siste møte som leiar i styret i ØIL. Jan Petter Øvstedal rosar og takkar Ragnar for innsatsen gjennom alle desse åra og det vert servert marsipankake. Blomster frå ØIL v/nestleiar Stine Ø. Urke.                                                                                                                                           Ordfører Knut Helge Harstad kjem og held tale og overrekker ei gåve med mykje godt frå Stolt Mat.

Sak 1. Konstituering av årsmøtet.

 

1.1       Godkjenning av innkalling: Samrøystes: Innkallinga vart godkjend slik ho ligg føre.

           Jf. kunngjering gjennom annonse i Bygdebladet – 2 gongar. + nettside.

 

1.2       Godkjenning av sakliste:     Samrøystes: Saklista vart godkjend slik ho ligg føre.

                                                       Saklista vart delt ut ved starten av møtet.

 

1.3       Val av ordstyrar:                 Samrøystes vald: Ragnar Bakken.

 

1.4       Val av skrivar:                     Samrøystes vald: Linn Tove Lid.

 

 

Sak 2. Årsmeldingar 2018.

           Årsmeldingane - rekneskap – val – m.m. samla i eit eige hefte – vart utdelt på møtet.

 

2.1     Årsmelding frå hovudstyret:

          Årsmeldinga vart gått gjennom av leiar – spørsmål – kommentarar undervegs.

           7 styremøte med samla 78 saker.

           Laget har sju ulike grupper som dekkjer eit breitt spekter av aktivitetar.

Glimt frå saklistene saman med oversyn sentrale oppgåver – saker og anlegg for 2018 følgde årsmeldinga frå styret.

                     

          Samrøystes vedtak: Årsmeldinga frå hovudstyret vart vedteken utan merknader.

 

2.2 1-7Årsmeldingar frå gruppene:

Årsmeldingar frå gruppene – sju grupper – skal handsamast av årsmøtet – jf. årsmøteheftet. Årsmøtet fekk meldingar frå alle gruppene.

           Grupper:

Cheerleading – fotball – friidrett - idrettsskulen – ski og trim - sykkel - volleyball.          Nokre viktige moment frå meldingane vart trekte fram av repr. frå gruppene m.fl.

 

           Samrøystes vedtak: Årsmeldingane frå gruppene vert vedtekne utan merknader.

 

Sak 3. Rekneskap 2018.

 

3.1     Rekneskap frå hovudstyret:

           Rekneskap for drift og balanse vart lagt fram på møtet og gjennomgått av leiar. Underskot stort kr24206 35.590,- . Positiv balanse. Takk til Ørskog Sparebank for gåver og sponsing – likeeins takk til kommunen for kulturmidlar. Takk også til Økonomiservice knytta til føring av rekneskapen. Revisjonsmelding datert 11.03.19 vart lagt fram – tilrår godkjenning av rekneskapen.

Samla overskot h.lag + grupper: 123.777 kr i 2019.

          

Samrøystes vedtak: Rekneskapen for hovudstyret vert godkjend utan merknad.

          

3.2-7 Rekneskap frå gruppene:

           Rekneskap frå gruppene vart lagt fram på møtet – desse omfattar:

           Cheerleading: Underskot: 22.867. Positiv balanse.

Fotball: Overskot: 109.696. Positiv balanse.

Friidrett: Overskot: 17.394. Positiv balanse.

           Idrettsskulen: Underskot - 6.776. Positiv balanse.

           Ski og trim: Overskot: 12.031. Positiv balanse.

           Sykkel: Overskot: 8.407. Positiv balanse.

           Volleyball: Overskot: 30.813. Positiv balanse.

           Revisjonsmelding datert 11.03.19 vart lagt fram – jf. sak 3.1.

           Samla vurdering: Økonomien i gruppene er jamt god – i det utgiftene er godt tilpassa                            inntektene. Alle grupper har positiv balanse.

 

           Samrøystes vedtak:   Rekneskapa frå gruppene vert godkjende utan merknader.         

 

Sak 4. Kontingent 2019.

Leiar orienterte kort om kontingenten og fastsetjinga av denne. NIF har vedteke minimumssats på 100 pr. for alle aldersgrupper. Framlegg om uendra kontingent frå 2019 på 100 kr.

 

           Samrøystes vedtak:  

           Kontingent for 2019 til hovudlaget vert 100 kr for alle medlemmer.

Gruppene fastset sjølve sine eigne avgifter/gruppekontingentar utover 100 kr.

 

 

Sak 5. Budsjett 2019.

Framlegg til budsjett for hovudstyret med kommentarar vart lagt fram på møtet og gjennomgått. Framlegget inneber eit budsjett med eit overskot på 9.500 kr.

Framlegg til vedtak:   Årsmøtet i ØIL godkjenner det framlagde budsjettet for                                                            hovudstyret. Gruppene gjer sjølve vedtak om eigne budsjett.

          

Samrøystes vedtak:  

Årsmøtet i ØIL godkjenner det framlagde budsjettet for hovudstyret. Gruppene gjer sjølve vedtak om eigne budsjett.

 

Sak 6. Val 2019.

6.1     Arbeidsutval/hovudstyret:  

           Framlegget frå valnemnda vart lagt fram på møtet.

Valnemnda har vore: Kåre Johnny Braute, Odd Bertil Yksnøy og Tine J. Steinset. Valnemnda hadde funne kandidatar til verva i arbeidsutvalet m.m. Leiar hadde bede om avløysing. Nemnda hadde funne avløysar til leiar- og nestleiarvervet.

                     

           Samrøystes vedtak i samsvar med valnemnda sitt framlegg:

           Leiar:             Aslak Krokfoss                      ny                  2019

           Nestleiar:        Hege H. Amdam                   ny                  2019

           Kasserar:        Frode Dyrkorn                     attval             2019 – 2020  

           Skrivar:          Linn Tove Lid                       ikkje på val     2018 – 2019

           Styremedl.:     Siv Krokfoss                           ikkje på val     2018 – 2019

          

           Varamedlem: Ingrid Rekdal                        ny                   2019 – 2020                                      Varamedlem: Per Even Brautehaug           ikkje på val     2018 – 2019

 

           Samrøystes vedtak – medlemmer frå gruppene til hovudstyret:  

Cheerleading: Stian L Eidhammer (attval). Fotball: Jon Egil Sollied (ny) Friidrett: Kjell Petter Braute (attval) Idrettsskulen: Anne Sofie Valgermo (attval) Ski/trim: Emma K Hanssen (attval) Sykkel: Ola Mogstad (attval) Volleyball: Anne Grete R Tennfjord (attval)

 

6.2 Revisorar:

           Framlegg frå valnemnda.

            Samrøystes vedtak i samsvar med valnemnda sitt framlegg:

           Hege Merethe Berli                - attval            2019

           Knut Helge Vestre                 - attval             2019             

 

6.3    Valnemnd:

           Samrøystes vedtak:

           Odd Bertil Yksnøy (leiar) - attval 2019

           Tine J. Steinset – attval                2019

           Stine Ø. Urke - ny                        2019

 

6.4     Gruppestyra:

Gruppene har i hovudsak tillitsvalde på plass. Jf. årsmøta i dei ulike gruppene.

  Cheerleading: Leiar: Odd Arild Jakobsen (attval) – leiar 2019 Styremedlem: Jannice Haagensen (attval) – 2019  Styremedlem: May Linn Breivik (ikkje på val) – 2018-2019 Styremedlem: Stian Eidhammer (ikkje på val-medlem h.styre) – 2018-2019 Styremedlem: Cecilie Anderson (ny) – 2019 - 2020 Styremedlem: Irmelin Hove (ny) – 2019 - 2020 Trenarkontakt: Thea Elise V. Aasen (attval) – 2019

Fotball: Leiar: Jon Egil Sollied (ny) - 2019 Nestleiar: Sigbjørn Ramsvik (ny) – 2019 - 2020 Kasserar: Arild Bakken (ikkje på val) - 2018 - 2019 Skrivar: Tina Fylling (ikkje på val) – 2018 - 2019 Styremedlem: Per Christian Gillebo (attval) – 2019 - 2020 Styremedlem: Magni H. Dyrkorn (ikkje på val) – 2018 - 2019 Dommaransvarleg: ? Ansvarleg ungdomsfotball: ? Baneansvarleg: ?
 

Friidrett: Leiar: Kjell Petter Braute (attval) - 2019 Nestleiar: Petter Leon Fauske (attval)- 2019 - 2020 Kasserar: Arnhild Lunde (ikkje på val) – 2018 - 2019 Skrivar: Michael Werner (attval) – 2019 - 2020 Styremedlem: Tom Christiansen (ikkje på val) – 2018 - 2019 Styremedlem: Per C Gillebo (ny) – 2019 - 2020 Styremedlem: Kåre Johnny Braute (ikkje på val) 2018 - 2019

Idrettsskulen: Leiar: Anne Sofie Valgermo (attval) - 2019 Kasserar: Maria Sollied Lande (ikkje på val) – 2018 - 2019 Styremedlem: Mari Bjermeland Opsal (attval) – 2019 - 2020 Styremedlem: Vegard Bergquist (ikkje på val) – 2018 - 2019 Styremedlem: Heidi Øvrelid (ny) – 2019 - 2020 Styremedlem: Jan Erik Øvsti (ny) – 2019 - 2020
 

Ski/trim: Leiar/sekretær: Emma K Hanssen (attval) - 2019 Kasserar/styremedlem: Norvald Sjøholt (attval) – 2019 - 2020 Styremedlem: Ricarda Rossbach (attval) – 2019 - 2020 Styremedlem: Lars Tore Nerbøvik (attval) – 2019 - 2020 Styremedlem: Magne Rødset (attval) – 2019

Sykkel: Leiar: Ola Mogstad (attval) - 2019 Kasserar: Kjetil Ramsvik (ikkje på val) – 2018 - 2019 Styremedlem: Aslak Benjaminsen (ikkje på val) – 2018 - 2019 Styremedlem: Torbjørn Frøland (ikkje på val) – 2018 - 2019 Styremedlem: Vidar Amdam (attval) – 2019 - 2020 Varamedlem: Vidar Ørskog (ny) – 2019

Volleyball: Leiar: Anne Grete R Tennfjord (attval) - 2019 Kasserar: Jan Myren (ikkje på val) – 2018 - 2019 Sekretær: Anniken Aakvik (ikkje på val) – 2018 - 2019 Styremedlem: Renate Sjøholt (attval) – 2019 - 2020 Styremedlem: Siv Turid D Solnørdal (attval) – 2019 - 2020 Styremedlem: Inga Helen Støversten (attval) - 2019 - 2020

 

6.5     Medlemsregistreringa. Organisering – val m.m.

Det vert vist til notat vedlagt årsmøtepapira om medlemsregistreringa så langt saman med erfaringar med det nye opplegget siste åra.

 

Samrøystes vedtak:

Notat og orientering vart tekne til vitande og ver t lagt til grunn for det vidare arbeidet. Styret får fullmakt til å velje medlemsansvarleg(e) innan ØIL.

 

6.6     Brukarutval Ørskoghallen.                                                                                            

Samrøystes vald: Odd Arild Jakobsen (Stian L Eidhammer).

6.7     Barneidrettsansvarlig.

Samrøystes vald: Anne Sofie Valgermo.

6.8     Politiattestansvarleg.

Samrøystes vald: Siv Krokfoss

 

Sak 7. Arbeidsplanar 2019.

 

7.1/3    Arbeidsplan/organisasjonsplan hovudstyret.

           Orientering ved leiar.

 

              Samrøystes vedtak:

           Arbeidsplan/organisasjonsplan for hovudstyret 2019 vart godkjende.

 

7.2       Arbeidsplanar for kvar av gruppene.

Alle grupper hadde lagt fram arbeidsplanar for 2019.

 

           Samrøystes vedtak:

           Arbeidsplanane 2019 for gruppene i ØIL vart godkjende.

 

Sak 8. Godtgjersle leiarar

Det vert vist til vedtak sist årsmøte med fastsetjing av godtgjersler.

 

Samrøystes vedtak:

Årsmøte i ØIL 19. mars 2019 vedtek ei godtgjersle til leiar av hovudlaget på  50.000 kr pr. år, fotballgruppa 26.000 kr pr. år, leiar andre grupper 2.000 kr pr. år.                                                                                                                                                                                               Løypekøyrarar får ei samla årsgodtgjersle som kan delast slik:  10 første turar pr. køyrar er dugnad - avsett godtgjersle vert så fordelt mellom dei som køyrer meir etter utførte turar – samla godtgjersle pr. år 8.000 kr. All godtgjersle vert dekt innan eigne budsjett. Vedtaket for 2019. Alt er slik godtgjerslene var i 201 – unnateke auke i godtgjersle for leiar ØIL frå 35.000 til 50.000..

 

Sak 9. Innkomne saker/framlegg – frist 15.03.2019.

Sak om bruk av midlar for opptreden mm på Color Line hausten 2018. Samla utgjer dette 90.000 Ann Kristin Haaheim Kavli orienterte. Og bad om framlegg til bruk av pengane. Alle innan ØIL bør få mest mulig glede av denne premien. Mange tok del! Mange framlegg kom fram: klatrevegg, buldrevegg, skøytebane, trampolinepark, hoppepute, plasthoppbakke opphaldsplass, samlingsplass. Bruke ei av sandvolleyballbanene?.  

 

            Samrøystes vedtak:

Styret i ØIL tek denne saka vidare for handsaming og vedtak

 

Sak 10. Idrettsråd Nye Ålesund kommune.

Kommunesamanslåing frå 01.01.20. Ny Ålesund kommune der Ørskog går inn som ein del. Nytt idrettsråd for den nye kommunen skal skipast. Førebuande arbeid har pågått – arbeidsgruppe frå alle dei fem kommunane. Handsaming og vedtak på årsmøtet i 2018. Sak på styremøte fleire gongar i 2018/19. Brev frå MRIK om kva vedtak ØIL skal gjere på dette årsmøtet

 

                Orientering og drøfting på årsmøtet. Årsmøtet følgjer oppmodinga frå MRIK.

 

                Samrøystes vedtak – årsmøte Ørskog I.L. 19. mars 2019:

Sak 10 a:

Ragnar Bakken(ØIL) og Kristin Tørlen (Ørskog Ride- og køyreklubb) er valde som representantar i interimsstyret i nye Ålesund idrettsråd.

Sak 10 b: Aslak Krokfoss vert føreslått som representant til valkomiteen i nye Ålesund idrettsråd.        

Sak 11. Orienteringssaker.

 

11.1: Nytt idrettsanlegg. Status pr. mars 2019.

Orientering ved Kjell P. Braute og Ragnar Bakken. Alt tyder no på anleggsstart rett over sommaren 2019 og ferdigstilling i 2020. Vi nærmar oss målet!

 

11.2: Jubileumsbok ØIL 2018 – 100 år. Status pr mars 2019 – sal mm

Leiar orienterte. Dei ferdige bøkene er lagra på Ørskoghallen. Sal så lang godt over 200 stk – 400 kr pr stk. Nytte alle arrangement mm til å selje boka. Alle utgifter med boka er betalte.

Takk til boknemnda!

 

11.3: Andre orienteringar.

             Ingen andre orienteringar utover det som kom fram knytta til årsmeldingane.

 

Samrøystes vedtak:

           Orienteringane vart tekne til vitande.

 

Undervegs i møtet: Kaffi med bløtkake.

 

Takk til tillitsvalde for innsatsen i 2018. Blomster til Jan Petter, Stine og Frode Balseth!

Blomster til Ragnar frå ØIL. Gåve og gode ord frå Ørskog kommune ved Knut Harstad til Ragnar tidleg i møtet.

 

Ragnar takkar av og ga Aslak gode ønskje for arbeidet som ny leiar.

                                                                                                                                                                     

Møtet slutt 21.45.

 

Skrivar/notat på årsmøtet: Linn Tove Lid   Endeleg oppsett ved Ragnar Bakken.

 

 

Rett utskrift: Ørskog 22. mars 2019.     Ragnar Bakken – leiar ØIL 2018 –

 

 

Utskrift til:

Arbeidsutvalet – gruppestyra v/leiar for vidare formidling – revisorar – valnemnd – andre

aktuelle – avisene – nettsida.

 

Et samla oversyn for det som gjeld tillitsvalde innan Ørskog I.L. 2019 vert utarbeidd på grunnlag av sakspapir og vedtak på årsmøtet 19. mars 2019.

 

Øil årsmøte 2019 møtebok