Møtebok styret 23.01.19.

MØTEBOK

STYREMØTE – ØRSKOG I.L.

Onsdag 23. januar 2019 kl. 19.00.

Ørskoghallen

Til stades:  Ragnar Elias Bakken - Stine Ødegård Urke – Linn Tove Lid –Siv Krokfoss - Jan Petter Øvstedal - Kjell Petter Braute - Emma Karoline Hanssen - Anne Grete Refsnes Tennfjord - Stian Eidhammer - Ola Mogstad – Frank Urke (vara).

Forfall: - Frode Dyrkorn - Anne Sofie Valgermo. Frank Urke vara for Frode. Ingen vara for Anne Sofie. 11 røysteføre.

Ref. på møtet: Sekretær Linn Tove Lid                                                                                                                        

Innkalling – pr. e-post + post. Ingen merknader.                                                                                                              

Til saklista: Saklista vart godkjend utan merknader.

 

Sak 1 – 23.01.19 - Møtebok frå styremøte 04.12.18

Samrøystes vedtak:

Møteboka frå 4. desember 2018 vart godkjend utan merknader.

Sak 2 – 23.01.19 - Nytt frå dei sju gruppene i ØIL.

Cheerleading: Generalprøve 13/1 med stappfull hall. Winter Open kvalifisering i Drammen 26-27/1. Senior laget rykk direkte til NM i mars. Ellers god vekst med medlemmar, drifta godt og flinke instruktørar. Har bestilt airtrack matte. Fotball: Snart påmeldingsfrist til ny sesong. Fotballfest 18/2 kl. 18.00 i hallen med salgsstand frå Rongve, tombola, kiosk og litt cheer-oppvisning. Futsal i slutten av februar. Friidrett: Ingenting nytt og melde. Samme trenarar. Idrettskule: Starta opp 16/1 etter juleferien. Bra med oppmøte kvar onsdag kl. 17.30. Ski/trim: Bra trakka løyper med mykje folk på ski. Den nye løypetraseen og gapahuken blir og flittig brukt. Sykkel: Utanfor sesong. Har fått invitasjon til trafikkvakt kurs frå Ulstein og omegn. Dette må ein ha for å arrangere sykkelritt. Prøver å stille på dette. Volleyball: Alt som før med trening kvar torsdag for herrar og damer med ca. 10-12 i oppmøte. Samrøystes vedtak: Styret tek orienteringane til vitande.

 

Sak 3 – 23.01.19 – Nytt idrettsanlegg status.  

Vi går tilbake til siste handsaming i styret av denne saka – 4. desember 2018. Møteboka for denne saka ser slik ut:

  1. september handsama kommunestyret sak og 01gjorde vedtak – sak 74/18

KS-74/18 Vedtak 27.09.18 – kommunestyret.:

  1. Ørskog kommunestyre tek til vitande Ørskog Idrettslag sin oversikt over innhenta sponsorinntekter.
  2. Ørskog kommunestyre vedtek å gå vidare med prosjekteringsarbeidet.
  3. Med atterhald om vedtak i sak budsjett 2019, ber Ørskog kommunestyre byggenemnda å gjennomføre prosjektet innanfor ramme til prosjektkostnad, kr. 16.620.000
  4. desember 2018:

Viser til sak 3 frå møte 2. oktober 2018. Budsjettet for 2019 Ørskog kommune er vedteke 01.11.18. 5. nov. tok leiar ØIL saka opp via Kjell P. Braute for det som gjeld vidare framdrift

Kjell Petter purrar på kommunen 5. november. Teknisk sjef svarer i e.post 7. nov. – jf. vedlegg. Byggenemndmøte er innkalla. Vidare er det tale om å organisere prosjektet. Tippemiddelsøknad kan knapt vere klar til 15. januar. Idrettsfunksjonell førehandsgodkjenning må vere på plass før spelemiddelsøknad kan sendast.                                             Alt dette ligg til kommunen å utføre.. Møtedato byggenemnd er sett til: 23. 11. 2018

ØIL bør i alle høve stå fast: Bygging i 2019!! – Med start våren 2019!

Innbetaling frå dei som økonomisk støttar prosjektet er på gang. Dessverre oppstod ein feil ved trekk i banken. Alle vart trekt for heile beløpet. Jf. vedlegg med orientering frå Kjell Petter.

På styremøte vil få heilt fersk oppdatering frå Kjell Petter Braute. Han refererte frå møtet 231118. Ikkje skriftleg referat så langt

Samrøystes vedtak:

Styret i ØIL er glad for vedtaket i sak 74/18 i kommunestyret 27.09.18 om bygging av nytt idrettsanlegg innafor ei ramme på 16.620.000. Styret føreset at alle formalitetar kjem på plass slik at realisering av prosjektet kan gjerast i 2019    

                                                                                                                                                           Vi har gått inn i eit nytt år – der vi forventar fysisk gjennomføring av dette prosjektet. Opplysningar sidan sist møte:

- Tafjord kraft har meldt om 50.000 i tilskot til bygginga.

- Kjell Petter og Arild har ordna med at elle gjevarar får registrert dei rette opplysningar i høve til skattefrådrag for gåver i 2018.

- Eg har bede Kjell Petter – medlem i plannemnda – om å gje meg status for planlegginga som skjer i nemnd og kommune. – Kvar står vi? Vidare framdriftsplan?

Oppdatert orientering vart gjeve på møtet 23.01.19 v/Kjell Petter og Ragnar B..

Det vart opplyst at tilsetjing av prosjektleiar er nær føreståande. Så anbudsrunde – og etter kvart bygging.

Spennande om kommunen og nemnda får unna det som skal på plass, slik at byggearbeidet kan starte.

 

Samrøystes vedtak:

Styret ØIL 23.01.19 tek oppdateringar og orienteringar til vitande. Styret vil også denne gongen minne om at prosjektet skal gjennomførast i løpet av 2019. Takk til Tafjord Kraft for støtte til prosjektet.

                       

Sak 4 – 23.01.19 – Årsmøte 2019 – 19. mars.

Vi tek med frå møteboka 4. desember 2018:

2018 går mot slutten, og vi ser litt på det som må gjerast fram mot årsmøta i 2019.

  • Tidfesting av hovudlaget sitt årsmøte – skal etter lovene haldast innan 31. mars
  • Framlegg til dag 2019: Tysdag 19. mars – kl 19.00 – Ørskoghallen
  • Årsmøta i gruppene må haldast i god tid før 19. mars – før 19. februar 2019

Rekneskap – årsmelding – val + eventuelt andre saker skal handsamast i gruppene

Brev til grupper og tillitsvalde vert utsendt – her får vi nyttig informasjon i tillegg til fristar. Les godt og hald fristane.

    • Brev til valnemnda for hovudlaget sitt årsmøte vert sendt ut – her vert gjort greie for dei val som står føre og kva valnemnda si oppgåve vert.
    • Grupper og einskildmedlemmer som har saker til handsaming på hovudlaget sitt årsmøte 19. mars 2019, må ha levert desse til leiar seinast 2 veker på førehand.
  • Viktige påminningar: Innberetting av lønn mm til kasserer innan 1. januar 2019.Alle opplysningar frå gruppene og valnemnda som skal nyttast i hovudlaget si årsmelding til leiar innan 4. mars 2019.

 

  • Reviderte rekneskap frå gruppene til kasserar innan 20. februar 2019
  • Idrettsregistreringa – medlemstal pr 31.12.18 m.m. EIGE SKJEMA. Frist for ØIL for vidaresending er 30. april 2019.
  • Viktig: Laget sine lover er nye frå 2016. Desse har alt om årsmøta m.m. – Dei er å finne på laget si heimeside og i papirutgåve.

Samrøystes vedtak:                                                                                                                                        Styret fastset årsmøtet for ØIL 2019 til: Tysdag 19. mars 2019 – kl 19.00 – Ørskoghallen. Styret sluttar seg elles til innhaldet i breva daterte 19.11.18 til grupper, tillitsvalde og valnemnd. Styret bed om at alle oppsette fristar vert haldne.

På styremøte 23. januar 2019:

  • Minne om vedtaket 4. des. 18 og alle fristar knytta til vedtaket.
  • Spesielt: Årsmøta i gruppene innan 19. februar.!
  • Gruppene: Årsmelding – årsplan 2019 – rekneskap (revidert) – val 2019.
  • Valnemnda for hovudlaget er i arbeid.
  • Leiar ØIL ordnar årsmelding samla for ØIL + årsplan ØIL 2019
  • Rekneskap – frå gruppene – vert samordna og sett opp av Økonomiservice.
  • Saker styret ØIL vil ha på saklista årsmøte 19. mars utover ordinære årsmøtesaker? – Eventuelle andre spørsmål knytta til årsmøtet. Medlemmer etc sjå sak 8.

 

Samrøystes vedtak:

Styret tek påminningar og orienteringar om årsmøtet 2019 til vitande.                                             Merknader: Rekneskap frå gruppene til Økonomiservice v/Arild B. snarast seinsast 10.02.

 

Sak 5 – 23.01.19 - Løypetrase Liasætra - Steinsetsætra

Vi tek med frå møteboka styret 04.12.18:

Finansiering der hovudsummane kom frå:

  • Spelemidlar                150000
  • Ørskog Sparebank      125.000
  • Ørskog I.L.                 85.000
  • Gåver frå private          8.706
  • Overført frå hkonto:     20.000
  • Samla:                        388.706

Dugnadsarbeid i starten med rydding etc – på slutten med bruene. Det er ikkje ført nøyaktige lister over dugnadsarbeidet – eit anslag tilseier 300 timar Braute Maskin har utført maskinarbeidet – etter anbodsrunde. Siste del av arbeidet var legging av jernbjelkar og dekke til dei to bruene over osen . Dette vart utført i veke 45 i 2018.

Utgifter inkl. MVA:

  • Braute Maskin – første delbetaling – planering/grøfting      187.500
  • Materiell Amdam sag                                                           26.963          
  • Braute Maskin – vidare arbeid – sluttarbeid med bruene.    167.605
  • Andre utgifter                                                                                     3.330
  • Helikopter trensport                                                             13.475
  • Samla:                                                                                  398.805

Prosjektet går etter dette nesten i balanse. I tilleegg kjem utført dugnadsarbeid: 300 t a 250 kr = 75.000. Restbeløpet vert dekt av hovudlaget. Rapport og rekneskap for heile prosjektet skal no sendast Fylkeskommunen som då vil utbetale 150.000 i samsvar med tilsagn.

Takk til alle som har vore med å gjere dette prosjektet mogleg. Vi tillet oss å nemne spesielt: Ørskog sparebank – Ørskog kommune saman med Vestnes og Skodje kommunar – Friluftsrådet - Jostein Tomren – Terje Braute – Braute Maskin A/S – ØIL – grunneigarar i det aktuelle området. Ei eller anna form for opning av traseen bør vi få til. Vinterarrangement 2019?

På møtet 04.12.18: 95% ferdig. Stor dugnadsinnsats på slutten. Alt er klart til snøven og trakkemaskina kjem. Eit nytt fint turmål både sommar og vinter for heile familien. Der er og laga badekulp. All ære til Jostein Tomren for primus motor.

Samrøystes vedtak:

Styret i ØIL slår fast at denne nye sløyfa innan skinettet i området Liasætra - Svartløken no er på plass. ØIL rettar ei stor takk til alle som har teke del med dugnadsarbeid og dei som har bidrege økonomisk. Styret ser fram til å kunne invitere til skigåing i denne traseen til vinteren. ØIL tek sikte på ei opning av anlegget i løpet av vintersesongen. Førebels rekneskap viser at prosjektet går i balanse med ca 385.000. ØIL søkjer no om å få utbetalt tippemidlane 150.000.

Møte 23.01.2019:

Prosjektet er gjennomført. Traseen har blitt ein del av løypenettet i dette området av Ørskog – Skodje – Vestnes.

Etter møtet 041218 har det vore arbeidd med dokumentasjon og rapportar knytta til å få sendt rapport til Fylkeskommunen for det som gjeld utbetaling av spelemidlar. Når dette vert skrive, nærmar vi oss innsending av alle katuelle dokument og opplysningar. Rekneskepen har gått gjennom kommunen sitt revisjonssystem. Det siste krevet frå kommunen er å få ført alt knytta til finansieringa inn i eit skjema som Fylket krev skal nyttast.

Deretter vil utbetaling av 150.000 til ØIL skje. Eventuell MVA-kompensasjon vil kome i etterkant. ØIL har forskottert alle utgifter til prosjektet. Det er såleis viktig at ØIL sin hovudkonto no vert styrka med nemnde 150.000 kr.

Opning av anlegget: Ei markering i regi av ØIL vil vere på sin plass. Dette bør kome i løpet av skisesongen 2019. Utfordringa her synest eg bør gå til trim/skigruppa. Denne kan sjølvsagt knytte til seg medspelarar til oppgåva.

 

 

 

Samrøystes vedtak:

Styret er svært godt nøgd med at dette prosjektet no er losa i hamn Nok ein gong takk til alle som har gjort dette mogeleg. Styret tek til vitande det som er gjort knytta til å få utbetalt spelemidlar. Styret vil be trim/skigruppa om å arrangere ei opning av den nye løypetrasen. Dette bør skje når snøforholda ligg til rette for det – vinteren 2019.

 

Sak 6 – 23.01.18 -Jubileumsboka ØIL 2018

Frå møteboka styret 04.12.18:

Vi tek ikkje heile historia til denne saka her. Vedtak gjort på årsmøtet 2015.                                          Tek med nokre gamle dokument styresak 19. februar 2016. Startmøte i januar 2016.

Boknemnd vart etablert Boknemnda har arbeidd samanhangande heilt fram til i dag.                                                         Ei rekkje møte – innsamling av stoff og bilete – intervju og samtaler.                                                   Mykje skrivearbeid er lagt ned. Mange utover boknemnda har kome med bidrag.

Boknemnda har hatt eit omfattande arbeid. Utforming og innhald måtte avgjerast.         Konklusjon: Arbeidet har vore tidkrevjande , omfattande og slett ikkje lett alltid.

Vi er i innspurten. Boka skal/vert sett hos Språksmia i Valldal. Trykk: Lasertrykk i Oslo.           24. november vart opplegget for boka presentert på jubileumsfesten av Bjørn Steinar Skarbø     Målsetjinga har heile vegen at ferdig bok skulle liggje føre i 2018 Dette siste kan halde hardt då sluttarbeidet krev mykje og ting tek tid!

Boka vert tinga i 400 eksemplar – A4 format – i fargar – kanskje opp mot ca 400 sider.Prisen har vore antyda til 400 kr Økonomien er førebels noko usikker – både utgifter og inntekter. Mykje er avhengig av godt sal.

Sal: Her må mange engasjerast – særleg julesal dersom boka ligg føre til då. Salet må organiserast – også gruppene må ta sin del her. Vi har ca. 900 husstandar i Ørskog så dette trur vi skal gå bra. Ca 90 bøker vart tinga vekk på jubileumsfesten.

TAKK TIL ALLE SOM HAR GJORT SITT FOR Å FÅ REALISERT DETTE PROSJEKTET. Ei spesiell takk til boknemnda.    

Møtet 04.12.18: Prøvetrykk til jubileumsfesten. A4 format med farger på 364 sider til 400kr. 500 bøker er bestilt. 100 bøker selde på jubileumsfesten. Vi er nesten i mål med boka, men trykkeriet klarer ikkje levere før jul. Leveranse første veka i januar. Prøve å lage ein presentasjonskveld i januar og selje fleire bøker.

Samrøystes vedtak:

Styret er storleg nøgd med at vi får på plass ei jubileumsbok for ØIL i 2018. Hjarteleg takk til alle for innsatsen. Boka skal seljast og distribuerast – leiar får fullmakt til å organisere dette arbeidet. Kanskje vi kan få til ein presentasjon med signering etc. Bokpris: 400 kr.

Til møtet 23.01.2019:

Boka er lova sendt frå trykkeriet 17. januar 2019. Dei 400 bøkene skal såleis vere på plass til styremøtet 23. januar.

Boka skal no seljast og distribuerast. Utgiftene er førebels ikkje fullt ut kjende. Kan truleg leggjast fram på styremøtet. ØIL har avsett samla 75.000 kr til prosjektet. Resten og helst meir av utgiftene må dekkjast gjennom sal. Nokre eksemplar kan vere aktuelt å gje vekk. Vi må elles satse på å behalde ein del eksemplar for framtidig sal etc. ØIL har tinga vekk ca. 100 eksemplar i samband med jubileumsfesten.

Leiar får fullmakt til å organisere sal mm. Leiar ser det nyttig at styret tek ei runde på dette der gode idear kan drøftast – og at vi saman legg ein plan.

Nokre stikkord:

  • Arrangere ein presentasjons- sals-kveld – boknemnd – styre m.fl.? Ja
  • Selje bøker på «stand» ved butikkane i Sjøholt? Ja
  • Legge ut for sal fleire stader i Ørskog? Ja
  • Dør til dør – aksjon? Nei
  • Gruppene får ansvaret for kvar å selje eit visst tal bøker? Nei ikkje førebels
  • Kontant sal – VIPPS – giro m.m. ? OK
  • Distribuere ut førehandstingingane. OK
  • Gratis bok til? Avgrense dette – jf. økonomi.

Møtet 230119: Boka er ferdig og levert. Vi fekk sjå og bla litt i boka. Veldig fin bok med mange gode historier og flotte bilete. Bokslepp blir 29/1 kl. 19-21 i Ørskoghallen. Flest mulig frå styret stiller for å hjelpe til. Selge på butikkane. Ørskogdagane o.l. Kontant, vipps og giro. 400 kr. pr bok Alle i boknemnda, Øystein Nybø og Bydebladet får kvar si gratis bok.

Samrøystes vedtak:

Styret konstaterer at jubileumsboka er ferdig frå trykkeriet og klar for sal. Styret takkar alle bidragsytarar for flott innsats med dette prosjektet.                                                                                     Ei særleg takk til boknemnda med Bjørn Steinar Skarbø som leiar.

ØIL tek sikte på å få selt det meste av opplaget på 540 eksemplar. Dette skal gjerast gjennom ulike tiltak – jf. ovanfor.

 

Sak 7 – 23.01.19 – Idrettsråd nye Ålesund kommune

Frå møteboka sist saka var handsama 4. des. 2018:

Litt blikk tilbake.

*Hurtigarbeidande gruppe for skiping av idrettsråd i nye Ålesund kommune Vedlegg

*Årsmøte ØIL 20. mars 2018 – Vedlegg med vedtak etc.

*Styremøte 5. juni 2018 – Vedlegg – sak + vedtak i styret ØIL

*Interimsstyret er valgt på møte 1. oktober VEDLEGG møtereferat nr 1

*Møtereferat nr 2 og 3 frå interimsnemnda mm VEDLEGG (2)

På siste møte 26.11.18 vart tida mykje nytta til gjennomgang av:

*«Rapport frå faggruppe kultur – avgitt 5.11.2018

Styret i ØIL får denne rapporten vedlagt

I denne rapporten er viktig prinsipp for ordningar knytta til framtida i nye Ålesund drøfta. Dette gjeld også for idretten. Eg viser spesielt til sidene 8 – 12 for det som gjeld driftsmodellar, prisar mm innan idretten. Frå Ørskog møter Ragnar Bakken og Kristin Tørlen i desse drøftingar. Aslak Krokfoss har vore med i gruppa som har utarbeidd førnemnde rapport.

Alle innspel må kanalisert vis desse. I denne runden får styret i ØIL orientering og kan kome med synspunkt! Ikkje alle dokument i saka er tekne med i denne runden.

Stikkord frå møtet 04.12.18: Sjå eiga mappe. Legg fram korleis idrettslag skal driftast og finansierast etter 2020. Ålesund har for lite hallkapasitet. Kan bli store forandringar etter 2020. Det vil bli fast timepris for alle kommunar? Kor stor er den økonomiske støtta frå kommunen til ØIL? Kommunen støtter berre med kulturmidlar og gratis leige til trening.

Samrøystes vedtak:

Styret i ØIL tek orienteringa om skiping av nytt idrettsråd i nye Ålesund til vitande. Styret vil streke under at gunstige avtalar knytta til bruk av idrettsanlegg, Ørskoghallen mm vert vidareført, og at der ikkje vert kravd leige for bruk av m.a. Ørskoghallen etter 2020 slik ordninga er i dag. Alle anlegg i Ørskog må då så langt råd er, vere til bruk for innbyggjarane i noverande Ørskog. ØIL ser fram til eit sterkt idrettsråd som vil fremje idretten sine vilkår på ein best mulig måte.

Til møte i styret 23.01.2019:

Etter 4. des. og resten av året 2018: Ingen møte knytta til etablering av nytt idrettsråd.

På nyåret 2019 vart det avtala eit møte mellom representantar frå interimsstyret og representantar frå nye Ålesund kommune - knytta –il kultur/idrett.

Dette møtet vart halde i Ålesund 9. januar 2019 VEDLEGG

I forkant av dette møtet var interimsstyret samla til førebuingsmøte på Eidet kulturhall 7. januar. Her vart ulike spørsmål og strategiar drøfta.

Leiar ØIL tok del på begge møta. Kristin Giskemo tok del på Eidet.

Arbeidet er omfattande – og framdrifta er rimeleg god. Eit nytt idrettsråd SKAL vere på plass hausten 2019.

Eg legg ved litt skriftleg frå møta mm. Vidare vil informasjon verte gjev på styremøtet vårt.

Møtet 23. jan. 2019: Har hatt to møte på nyåret 2019. Drøfta strategi, og satsar på å kome i mål hausten 2019.

Samrøystes vedtak:

Styret ØIL tek orienteringane knytta til arbeidet med skiping av eit idrettsråd for nye Ålesund kommune til vitande. Meir info vil verte gjeve i takt med framdrifta i prosjektet.

 

Sak 8 – 23.01.19 – Medlemsregistrering – statusrapport

Vi tek med frå møteboka til ØIL sitt styre 4. desember 2018:

Saka har stått på kartet mest kvart møte siste åra.

Pr slutten av november 2018:

  • Medlemstal :            521
  • Betalt 2018:               449
  • Ikkje betalt:                72.

 

I gruppa ikkje betalt finn vi ca 20 aktive og ca 50 støttemedlemmer.

Aktive ikkje bet.: Fotball 10, sykkel 4, Cheerleading 2, idrettsskulen 3 – andre grupper: 0

Møtet 04.12.18: Fotball har sendt ut 3 purringar til 19 stk, Kome ned på 9 stk, sendt ut skriftlig purring til resten med personleg helsing. Sykkel 4 stk, cheerleading 2 stk, idrettsskulen 3 stk, som manglar innbetaling. Leiarane i dei enkelte gruppene ordnar opp.

Samrøystes vedtak:

Styret tek opplysningane ovanfor til vitande. Ca 20 aktive ikkje betalt for 2018 må ordnast opp i v/gruppene. Cheerleading gruppekontingentar vert fakturert no på tampen av 2018.

Styremøte 23.01.19:

Vi har no passert årsskiftet 2018 – 2019. Vi bør pr. 01.01.19 ha ei reell og oppdatert medlemsliste for laget vårt. Tala i MIN IDRETT viser at pr. denne dato har vi ein del registrerte medlemmer som ikkje har betalt kontingent for 2018 – kanskje heller ikkje for åra før. Dette bør vi rydde opp i.

Ikkje betalt medlemskontingent – aktive og støttemedlemmer – betyr at desse ikkje formelet står som medlemmer i ØIL.

Dette inneber:

  • Vi set strek over desse medlemmene – melder ut . Alle får melding om dette og kan teikne seg som nye medlemmer f.o.m. 2019 dersom dei framleis vil vere aktive/støttemedlemmer i laget.
  • Denne «oppryddinga» skjer etter styremøte 230119.

Liste over desse ser slik ut pr 31.12.18:

Pr 31.12 2018:

                                                                           31.12.18          nov 2018

  • Medlemstal registrerte medlemmer:                      533                            (521)
  • Betalt 2018:                                                              477                             (449)
  • Ikkje betalt:                                                             56                              (72).

 

I gruppa ikkje betalt finn vi   14 (ca 20) aktive og 42 (ca 50) støttemedlemmer.

Aktive ikkje bet.31.12.18: Fotball 4, sykkel 3, cheerleading * 6, idrettsskulen 1 – andre grupper: 0

*Gruppekontingent fakturert des. 2018.

Tala ovanfor kan vere litt usikre. Min Idrett kunne nok kvalitetsmessig vore nokre hakk betre. Inga melding frå NIF vedk. endeleg frist for når alle medlemslister skal ver fullt ut pålitelege.

ØIL tek oppryddinga no

Møtet 23.01.19: Vi blei einige om at gruppene kan drøfte på sine styremøte utfordringa angåande ikkje betalte medlemmar. Om dei skal strykast eller ikkje. Så tek vi det opp vidare på årsmøtet 19. mars.

 

Samrøystes vedtak:

Styret ØIL tek medlemsopplysningane gjevne i denne saka til vitande. Styret utset let om kva måtar vi skal handtere medlemmer som ikkje har betalt kontingent for 2018. styret bed alle grupper drøfte saka på sine årsmøte og gjev sine synspunkt vidare til årsmøtet 19. mars. Årsmøtet tek då endeleg avgjerd. Alle medlemmer som ikkje har betalt kontingent for 2018, vert tekne ut av våre medlemslister. Gruppene arbeider dessutan vidare med å få inn årspengar/gruppekontingent frå alle aktive medlemmer.

 

Sak 9 - 23.01.19 - Skriv og meldingar 23. januar 2019.

  • Datagruppe – noko nytt? MUNNLEG Ikkje noko nytt

 

    1.  
  • Treningstider fotball + samla for ØIL - brukarmøte? MUNNLEG/VEDLEGG OK ingen brukarmøte
  • Brukarutval Ørskoghallen . MUNNLEG Ikkje møte 2017/2018

 

    1.  
  • Politiattestar – orientering/status. MUNNLEG Alt fungerer godt- gruppeleiarar leverer lister!

 

    1.  
  • Avisomtalar – ymse utklipp – lokalavisa. VEDLEGG OK

 

    1.  
  • Kurs –møte –samlingar. VEDLEGG/MUNNLEG OK

 

    1.  
  • Ørskogfjellet skilag – styrereferat m.m. VEDLEGG OK

 

    1.  
  • Opprydding Brauta – trakkemaskin – skur v/hoppbakke. VEDLEGG/MUNNLEG Til våren

 

    1.  
  • Skadeverk stadion og utstyr – status MUNNLEG Til konfliktrådet

 

    1.  
  • Nyhetsbrev NIF – MRIF. VEDLEGG OK

 

    1.  
  • Søknad gåve Ørskog sparebank VEDLEGG Søknad sendt.

 

    1.  
  • Jubel på Color Line –90.000 kroner – bruk. MUNNLEG Framlegg til bruk må sendast styret.
  • SFK – nominasjonar + kretsting + gallafest – Olav Martin årets trenar. MUNNLEG OK

 

    1.  
  • Granulat – epost frå SFK. VEDLEGG Duk/innsamling Ørskogbanken stadion

 

    1.  
  • Grasrotandelen VEDLEGG Siste utbet for 2017

 

    1.  
  • Miniturneringar fotball frå SFK VEDLEGG OK

 

    1.  
  • Forsikringar utstyr mm MUNNLEG Utstyr ØIL dekt av eiga forsikring Eika

 

    1.  
  • MVA- refusjon for 2017 – 81.981 VEDLEGG OK

 

    1.  
  • Møte vedk. Svartløkområdet MUNNLEG Ingen frå ØIL

 

    1.  
  • Rekning vedk. arrangement mars 2018 MUNNLEG Gjeld jubileum – er betalt

 

    1.  
  • Samarbeidsavtale med Tafjord VEDLEGG Avtale på plass

 

    1.  
  • Økonomi – ymse føringar MUNNLEG OK

 

    1.  
  • Serietilbod fotball 2019 – påmeldingar frå ØIL. MUNNLEG Nært klart

 

    1.  
  • Jubileumsdress mm MUNNLEG Avslutta

 

    1.  
  • Idrettsanlegg avtale med Ørskog sparebank – jf. Ørskog kommune. VEDLEGG Nesten i mål

 

    1.  
  • Eventuelt andre skriv eller meldingar MUNNLEG

 

  1.  

Samrøystes vedtak:

Skriv og meldingar vart tekne til vitande – jf. merknader.

Møtet slutt 21.00

Ragnar Bakken – leiar - Linn Tove Lid - referent på møtet