JUBILEUMSDRESS

 

ØRSKOG I.L. MED JUBILEUMSDRESS

Dei fleste har fått med seg at ØIL rundar 100 år i 2018. Ei rekkje arrangement er unnagjort. Jubileumsfest står att. Denne kjem laurdag 24. november - på Kulturhuset. Set av kvelden - meir info etter kvart. ØIL har også på plass ei rekkje effektar knytta til jubileet. Vi har m.a. fått laga ein eigen sportsdress - med jakke og bukse i god kvalitet. Godt 100 har sikra seg denne. Vi gir no deg og alle interesserte sjansen til å få sjå, prøve og eventuelt bestille/kjøpe. Møt fram på Ørskog Frivillegsentral tysdag 23. oktober 18-20 eller torsdag 25. oktober kl 18.-20. Vel møtt.

Ragnar B. - leiar ØIL -