Møtebok ØIL styret 28. august 2018

MØTEBOK

STYREMØTE – ØRSKOG I.L.

Tysdag 28. august 2018 kl. 19.00.

Ørskoghallen

Til stades:                                                                                                                                 Ragnar Elias Bakken - Stine Ødegård Urke ( til kl 20.00) – Linn Tove Lid – Frode Dyrkorn - Siv Krokfoss (frå kl 20.00) - Jan Petter Øvstedal - Kjell Petter Braute - Ola Mogstad - Emma Karoline Hanssen - Anne Sofie Valgermo. Samla 10 røysteføre.

Forfall: - Anne Grete Refsnes Tennfjord - Stian Eidhammer -. Ingen vara for dei to.

Ref. på møtet: Sekretær Linn Tove Lid                                                                                                                        

Innkalling – pr. e-post + post.   Ingen merknader.                                                                                                              

Til saklista: Saklista vart godkjend utan merknader.

Sak 1 – 28.08.18 - Møtebok frå styremøte 05.06.18 Vedlagt

Samrøystes vedtak:

Møteboka frå 5. juni 2018 vart godkjend utan merknader.

Sak 2 – 28.08.18 - Nytt frå dei sju gruppene i ØIL.

-cheerleading: Ikkje representert av Stian Eidhammer, men melder om stor auke i medlemmer og dei har starta seniorlag.

-fotball: Har trekt damelaget fra serien pga for stor og tøff motstand. Bana og anlegget er i god stand, ryddig og velstelt. Fotballdag blir arrangert førstkomande laurdag 01.09. Miniturnering 08.09 og futsal seinare.

- friidrett: Melder om same trenarar som før. Mulig jubileumsarrangement 06.09. Vil prøve å melde på turneringer.

-idrettskule: Vil søke om å få svømming og mulig eit jubileumsarrangement.

-ski og trim: Jubileumsbok på Lebergsfjellet. Trekning blir gjort og vinnerane kjem i bb.

-sykkel: Fast kvar onsdag heile året. Hadde sykkellaurdag på løken 16/7 med bra oppmøte. Deltakere med øil trøye både på Jotunheimen rundt, styrkeprøven Oslo, sykkel-ener`n Oppdal og Birkebeineren. Arrangementet på Haramsøya 25.08 vart avlyst pga dårlig vær. -volleyball: Ikkje representert av Anne Grete R Tennfjord. Samrøystes vedtak: Styret tek orienteringane til vitande.

Sak 3 – 28.08.18 - Friidrettsanlegg/idrettsanlegg. Status.                           Arbeidet med finansiering.

Viser til tidlegare handsaming av denne saka – ei rekkje saker over fleire år – seinas 5. juni 2018. Her følgjer utskrift av møteboka frå 05.06.18:

Samrøystes vedtak 5. juni 2018:

Styret ØIL tek orienteringane til vitande og ser fram til handsaming i kommunestyret 21.06.18 og eit positivt vedtak der.

Etter 050618:

Kommunestyret handsama saka på møte 21. juni etter at f.skapet drøfta og ga si tilråding 19. juni.           VEDLEGG: Saksdokumenta ligg ved her. Kommunestyret var delt i saka, men fleirtalet vedtok nok ei utsetjing:                                                                                                                                                             Ørskog kommunestyre gjer ØIL utvida frist til 1.9.2018 for å kome tilbake med fullstendig finansieringsplan for sin andel av prosjektkostnadene.

Mindretalet (7)foreslo å gje klarsignal for å starte vidare arbeid/bygging av prosjektet. Framlegget er å finne i ØK si saksutgreiing.

Vedtaket i ØK kan lesast på ulikt vis. Må 5 mill vere på plass frå ØIL? Når er kommunestyret fornøgd og korkleis vert fullstendig finansieringsplan definert? Det verkar som kommune heilt ser vekk frå inngåtte avtalar knytta til dette prosjektet.

ØIL må innan 1. sept. leggje fram nye tall i høve tala som vart presentert 21. juni 2018.

ØIL si sponsorgruppe arbeider med å auke ØIL sin innsats. Tala vi oversender ØK før 01.09.18 må vere ferskast mogeleg.

ØIL ser fram til at ØK kan gjere eit endeleg vedtak om oppstart snarast etter 1. sept. 2018.

Samrøystes vedtak:       :

Styret ØIL tek vedtaket i Ørskog kommunestyre 21. juni 2018 til vitande. ØIl har arbeidd med å få auka beløpet frå laget si side utover 3.297.068 - fram til 01.09.18. Sponsorgruppa i samråd med leiar i styret sin rapport pr 28.08.18 viser at ØIL har auka tilskota monaleg. Dugnad jf MVA flomlysanlegg er redusert med 326.000 medan innsamla midlar er auka med 710.000 Totalt inneber dette at ØIL sitt tal pr 28.08.18 er 3.730.00. Dei siste 100.000 kjem som tilskot frå Gjensidige.           Styret viser til eige vedlegg vedk. rapport pr 28.08.18.

Styret oppmodar ØK på det sterkaste snarast å gje klarsignal for gjennomføring av prosjektet nytt idrettsanlegg.

 

 

SAK 4 – 28.08.18 – MEDLEMSREGISTRERING. VERVING – PURRING

Dette er sak på dei fleste styremøte. Sist gong 5. juni 2018 – jf møtebok nedanfor:

Samrøystes vedtak 5. juni 2018:

Styret tek til vitande at medlemsordninga fungerer jamt godt. Fakturaer for 2018 er utsende. Styret er positiv til Frode N. Jordanger sitt initiativ for medlemsrulling gjennom lokalavisa. Kvar gruppe bør leggje medlemsansvaret til ein av funksjonane i vedk. gruppestyre.

Sidan sist:

I siste del av juli gjekk det ut purring til alle som ikkje hadde betalt for 2018. Dette utgjorde om lag halvdelen av dei ca 500 registrerte medlemmene. Her er både aktive og støttemedlemmer irekna.

Pr 1 august viser klubb-admin. (etter at purring var sendt):

  • Medlemstal :             495
  • Betalt 2018:               330
  • Ikkje betalt:                165.

I gruppa ikkje betalt finn vi ca 100 aktive og ca 70 støttemedlemmer.

Aktive: Fotball ca 50, sykkel 10, Friidrett 6, Cheerleading ca 25, idrettsskulen 12.

Oppsummering:

  • Når det gjeld aktive burde det vere unødvendig å bruke tid og krefter på innkrevjing av kontingentar.
  • Støttemedlemmer: Her må vi vere glade for kvar som vil halde fram å støtte ØIL på denne måten.
  • Gruppene må få alle aktive til å betale. Her må vi kome ned til 0 ikkje-betalande.
  • Medlemsvervinga sett i gang av Frode jordanger er i gang – og vil truleg gje positive resultat.

På møtet: For mykje tid og krefter blir brukt på purringar på ubetalte kontigentar. Tala må ned, sjølv om oppdaterte tal er noko lågare enn vist ovanfor.

Samrøystes vedtak 28.08.18:

Styret tek opplysningane ovanfor til vitande og bed dei ulike gruppene om å intensivere arbeidet med å få dei aktive medlemmene til å betale kontingentane. Alle grupper må følgje opp og legge ansvaret for alt kontingentarbeid etc til ein medlemsansvarleg.                                                   Styret håper aksjonen sett i gang av Frode Jordanger vil gje positive utslag på medlemstalet.

Sak 5 - 28.08.18 – Jubileum 100 år ØIL

Året 2018 – ØIL rundar 100 år. Fleire arrangement – andre tiltak – effektar mm

Viser til førre møte 5. juni 18:

Samrøystes vedtak 5. juni 18:

Styret godkjenner opplegget for arrangement så langt. Gruppene gjer nødvendig oppfølging, planlegging og gjennomføring. Jubileumsnemnda fastset prisar mm på effektar og skal vidare vere eit samordnande organ.

Sidan sist:

Sommaren ligg mellom møte i styret 5. juni og 21. august.

Nemnda har ikkje hatt møte i denne perioden. Sykkelløp avvikla 16. juni.

Dette «står att»:

  • Arrangement idrettsskule august
  • Terrengløp september - friidrett
  • Jubileumsfest 20. oktober – med boklansering – jubileumsnemnda i samråd med styret.
  • Sal og bruk av ymse effektar – jf m.a. jubileumsdress.
  • Eventuelt anna som skulle dukke opp i løpet av hausten.

Nærare orientering frå jubileumsnemnda på møtet 21.08.18. Her må vi også få litt opplysningar knytta til økonomien.

Frå møtet 280818: Jubileumsfest på kulturhuset 20.10. Jubileumsboka er i rute, men manglar stoff frå 1920-1945. Jubileumsdressar ca 100 dressar selde så langt. 40000 utlegg og 10000 inntening. Blir delt ut buffer til fotballdagen og diverse effektar har blitt gitt til dei forskjellige jubileumsarrangementa.

Samrøystes vedtak 280818:

Styret bed jubileumsnemnda følgje opp vedtekne tilak knytta til jubileet for det som gjeld resten av 2018. Planlegginga av jubileumsfesten 20. oktober bør starte snarast.Skisse for innhald mm for festen vert lagt fram på neste styremøte. Terrengløpet må endeleg tidfestast.

 

Sak 6 – 21.08.18 - FORDELING AV MIDLAR 2018

Midlar tildelt ØIL i 20187 vert gjennom vedtak i styret fordelt mellom hovudlaget og dei ulike gruppene. Desse midlane kan fordelast for 2018.

Midlar til fordeling 2018:

                                                                    2018        2017: 2016:       2015:     2014:           2013:

ØRSKOG KOM. KULTURMIDLAR:   30.000    47.000 60.000    35.000   70.000 (80.000)

 

ØRSKOG SPAREBANK – GÅVE:       100.000   70.000 57.500     50.000 45.000   (55.000)

 

STUI – NORGES IDR.FOR. LAM:     144.297 145.000*135.000* 125.000*89.332   (68.263)

 

GRASROTMID. Sist år:                        77.038         63.149 59.037   56.154 50.646   (44.528)

 

SAMLA:                                                 351.335 320.149  311.537 266.154 254.978 (247.791)

 

Ørskog Sparebank sponsoravtale ØIL: 30.000       30.000 30.000     25.000 25.000     (25.000)

 

Vedlagt: Alle dei ulike tilskota frå Ørskog sparebank i 2018: Flott

Momskompensasjon for ØIL 2017 vert utbetalt seint i 2018 og vert bokført hovudlaget som då får styrka sin konto. Dette kan gje høve til å gjere vedtak med økonomiske verknader utover i arbeidsåret 2018-2019.

Turbokkontoen pr august 2018: RS 30.000 (23.000 i 2017)

Vi bør finne rom til å setje av noko til jubileumsboka 2018 også i 2018

Jf. oppsett for fordeling siste 14 åra

Grasrotmidlar: Nyttar no heile år 01.01-31.12. Tidlegare mai-mai.

Styret gjer vedtak om fordelinga for 2018 på sitt møte 21. august 2018.

Nytt idrettsanlegg: Tidlegare uttalt: Hovudlaget 100.000, Friidrett: 100.000. fotball: 100.000 Dette vert å gjere formelt vedtak om i denne saka.

Samrøystes vedtak 28.08.18:

Styret vil i denne saka formelt vedta det ØIL/grupper vil gå inn i prosjektet med: ØIL hovudlaget 100.000, Friidrettsgruppa 100.000, Fotballgruppa 100.000.

Styret vedtek fordeling av midlar 2018 slik det kom fram på møtet. Fordeling:

  • Hovudstyret:              19.335
  • Fotball                       145.000
  • Friidrett:                     20.000
  • Idrettsskulen:                5.000
  • Ski:                             45.000
  • Sykkel:                          5.000
  • Trim:                             2.000
  • Volleyball:                  30.000
  • Cheerleading:            40.000
  • Jubileumsbok:           25.000
  • Løypetrase:                15.000 … samla 351.335

 

Sponsormidlar Ørskog sparebank – samla 30.000:

  • Hovudstyret:              10.000
  • Fotball:                      10.000
  • Cheerleading:             10.000

 

Faktaretting: Fotball sponsoravtale med Ørskog Sparebank: Talet for 2018 skal vere 95.000

 

SAK 7 – 28.08.2017

TRENINGSTIDER ØRSKOGHALLEN 2018-2019. FORDELING

Jf tidlegare års prosedyre – med mindre endringar:

  • Utlysing – i år med frist 10.08 2018. Svar frå Ørskoghallen vil vi ha til møtet 210818
  • Grupper og lag innan ØIL melder sine behov/ønskje for 2018/2019.
  • Leiar ØIL søkjer samla for heile ØIL – jf vedlegg datert 23.06.18.
  • Innkomne ønskje frå: Cheerleading som ønskjer Ty 1730-1900 og 1900-2100 + torsdag 1730-21.00Fotball: Idrettsskulen:.Sykkel:
  • Trim/ski:
  • Friidrett:
  • Volleyball:
  • Dei andre gruppene har så langt ikkje meldt ønskje.
  • Fordeling innan fotball til ulike lag vert gjort seinare i samråd med gruppa.
  • Opplegget må eventuelt ajourførast seinare.
  • Alle bør så langt råd er få oppfylt sine ønskje.
  • Styret gjer vedtak – eventuelt med fullmakt vidare til å fullføre planen og fordelinga.
  • Grupper/lag melder frå om start
  • Reglar mm for hallen skal følgjast.
  • Vi bør ha eit brukarmøte i regi av Ørskoghallen så tidleg som råd er.

Vedlagt følgjer endeleg oppsett for sist år 2017/2018.- til orientering

Møtet 28.08.18: Gjennomgang – cheerleading (auka behov) , volleyball, idrettsskule og friidrett har meldt behov for tider.

Samrøystes vedtak 28.08.18:

Styret tek til vitande arbeidet som er gjort knytta til treningstider 2017/18 – så langt. Styret tek orienteringane og det som kom fram på møtet som eit vidare grunnleg for endeleg fastsetjing av fordelinga. Leiar i samråd med aktuelle grupper sluttfører arbeidet med fordelinga, set dette opp i eit samla skjema som vert kunngjort for Ørskoghallen og alle brukarar.

 

Sak 8 – 28.08.18 – CHEERLEADING TRENINGSHELG – BRUK AV HALLEN OG SKULEN

Cheerleading har planar om ei treningshelg 22.-23. sept Dei vil invitere lag frå Sula til samling. Det meste vil skje i Ørskoghallen. Vidare har dei gjort framlegg om å få låne rom på Ørskog skule til overnatting.

Vedlagt følgjer ein e-post-korrespondanse i saka. VEDLEGG

  • Trenar cheerleading søkjer
  • Leiar Odd A. Jakobsen har sendt førespurnad til hallen og skulen.
  • Ok frå hallen
  • Nei frå skule v/rektor
  • Nei frå rådmann – sak vedk. utleigereglar mm for skulen seinare.
  • Godt svar frå Odd Arild
  • Kommentar frå leiar ØIL – ikkje svar frå kommunen pr 01.08.18

Saka er høgst merkeleg. Det burde vere ei kurant sak for skulen og kommunen å svare JA på denne søknaden frå ØIL v/cheerleading. Leiar ØIL viser til Odd Arild sine kommentarar og mine eigne synspunkt i vedlagde e-postar. Cheerleading arbeider med alternative løysingar for å kunne gjennomføre tiltaket.

Styret i ØIL bør følgje opp saka og prøve å få gjennomslag for eit positivt svar frå skule/kommune slik at gruppa sine ønskje vert imøtekomne.

Frå møtet 28.08.18: Det kom til dels sterke reaksjonar frå medlemmer i styret over at dette ikkje har vorte ordna frå kommunen si side. «Trist og trasig at skulen og kommunen seier nei til utlån av skulerom.Vi håper det vert ei løysing på dette.»

Samrøystes vedtak 28.08.18:

Styret vil be Ørskog skule og Ørskog kommune saman med ØIL å finne ei løysing i denne saka slik at ønskja frå cheerleading om å nytte rom ved skulen til overnatting vert imøtekomne. Dei idrettslege aktivittetane vert gjennomførte i Ørskoghallen.

Sak 9 – 28.08.18 – Eiga datagruppe innan ØIL

Eg viser til sak 9 frå møtet 5. juni 2018..

Møteboka fortel:

Tid om anna dukkar spørsmål knytta til data – databruk og datakunnskap opp på ulike stader innan organisasjonen ØIL.

Dette kan gjelde m.a,:

  • Generelle og spesielle datautfordringar knytta til ulike tillitsverv m.m.
  • ØIL si heimeside. Få auka bruken gjennom auka kunnskap hos dei som skal
  • Administrator – tilgang etc
  • Facebook – andre sosiale media – bruk
  • Rutinar og enkle reglar for bruk
  • Kortare kurs – etter behov.
  • Andre oppgåver?

Samrøystes vedtak 5. juni 2018:

Styret tek sikte på å opprette ei eiga datagruppe på to personar. Styret vil drøfte nærare med gruppa om oppgåver og forventningar vi sit inne med. Linn Tove Lid vil ta kontakt med Magnus Lande og Sindre Sjøholt med tanke på at dei kan utgjere denne gruppa.

Styret må no arbeide vidare med denne saka.

Vi merkar oss at to personar kunne vere aktuelle til gruppa.

Er desse framleis aktuelle/villege til å gjere ein innsats for ØIL her?

Vi avventar svara dei eventuelt har gjeve.

Vedtak og vidare arbeid med saka er avhengig av dei resultat Linn Tove kan leggje fram

Frå møtet 280818: Begge dei to aktuelle kandidatane har takka nei. Alternativ: Leggje vekk saka. Prøve vidare å finne personar som kan ta oppgåva. Linn Tove Lid har spurt 2 stk. Men dessverre fått nei frå desse. Ho vil spør fleire om det kjem opp fleire kandidatar. Ber alle om å tenke på eventuelle kandidatar. Då dette er noko som ein burde få til.

Samrøystes vedtak 28.08.18:

Styret vedtek å halde fram arbeidet med å få på plass ei eiga datagruppe – jf vedtak 5. juni 18. Opggåve for alle i styret: Melde frå til Linn Tove om eventuelle kandidatar til oppgåva.

Sak 10 – 28.08.18 – Norway cup 2018 – Evaluering Ørskog.

Norway Cup er verda største fotballturnering for sei yngste.

ØIL tok også i år del med fire lag på Norway Cup. Fotballgruppa og spelarar skal ha all ære av innsats og resultat. Det ligg sværande mykje arbeid bak ei slik deltaking.

Det er heilt naturleg at ØIL markerer ØIL si deltaking og resultat. Fotballgruppa må få ansvaret for ei slik markering. Når og korleis må vere gruppa si oppgåve og ansvar. I 2017 vart dette lagt til «fotballdagen» 30. sept. der Ørskog kommune og Ørskog sparebank tok del.

Styret ser det naturleg at arrangementet vert nærare planlagt av fotballgruppa i samråd med styret i ØIL.

Det vert elles vist til kampresultat og sluttplasseringar i vedlegg til saka. Resultat er gode. I tillegg kjem opplevingar for livet for dei mange spelarane og foreldre/besteforeldre m.f.

J14 med beste jentelaget i Ørskog si historie kom til kvartfinalen. Alle lag kom til a sluttspelet.

Samrøystes vedtak 28.08.18:

Styret vil uttrykke stor honnør til dei som var med på å bidra til at fire lag fekk delta på Norway Cup og til dei resultata som vart oppnådd. ØIL fotball vil stå føre markeringar av denne innsatsen.

Sak 11 – 28.08.18 – Sandvolleybanene – renovering.

For om lag 20 år sidan fekk ØIL planlagt og bygd sandvolleyballbaner nær Ørskogbanken stadion.

Banene har tidvis vore mykje nytt – andre periodar har bruken vor minimal.

Banene må haldast vedlike – det gjeld

  • Grusen – fri for ugras mm
  • Netta
  • Stengene
  • Området tett ved banene

Vi må heile vegen satse på at dei anlegga vi har, må godt haldast ved like.

Volleyballgruppe må seiast å vere nede i ein bølgedal, derifrå går det an å kome oppover.

ØIL samla må ta oppgåva å få renovert banene .

Vi må ta standpunkt til kva som må gjerast.

Saka har vore drøfta på styremøte.

Eg viser elles til litt e-postutveksling om kva som eventuelt må gjerast. VEDLEGG.

Saka vert no teken opp på styremøtet 21. august 2018

Her må vi stake ut kurse – kva gjer vi – kven gjer kva – økonomi.

Eg trur vi må vere budde på å bruke noko pengar på denne oppgåva.

Saka ver t lagt fram til drøfting med tanke på å gjere konkrete vedtak.

Desse vedtaka må så setjast ut i livet snarast deretter.

Styremøte 280818: Skal ein ha banene må dei vere i orden. Få ein pris og sjå kva som kan gjerast. Bør gjennomførast våre 2019.

Samrøystes vedtak 280818:

Styret vedtek at renovering av sandvolleyballbanene vert utført. Tilbod på arbeid og materiell vert å innhente. Økonomi: Styret viser til fordeling av midlar i sak 6 der volleyballgruppa fekk 30.000. Styret vil kome attende til eventuelle tilleggsløyvingar utover dette og eigne midlar frå gruppa. Volleyballgruppa er ansvarleg for at saka vert ført vidare ved innhenting av tilbod og at arbeidet vert gjennomført våren 2019.

Sak 12 – 21.08.18 – HANDLINGSPLAN FOR IDRETT OG FYSISK AKTIVITET – RULLERING AV HANDLINGSDELEN

Har i brev frå Ørskog kommune 31.07.18fått dokument knytta til høyring av plan for idrett og fysisk aktivitet.

Dette gjeld handlingsdelen. Denne skal rullerast kvar år. Alle prosjekt med ønskje/søknad om spelemidlar må vere med i planen.

Sist vi reagerte på vedtak i liknande sak var i styresak 18. januar 2018 – VEDLEGG.

Gjeldande handlingsprogram er todelt:

  • Ordinære anlegg

 

    • Her finn vi to anlegg
    • Nr2: Friidrettsanlegg – investeringskostnad 15 mill . Framleis er ØIL ført opp med 5 mill. Oppstart ikkje avklara
    • Nr 3 Løypetrase . Søknaden er imøtekomen med 150.000 – ikkje førebels utbetalt – dette vil skje i samband med fullføringa av anlegget i 2018,
    • Ørskog IL. Støttar desse prosjekta – Friidrettsanlegg bør rykkje opp til nr. 1.
    • ØIL vil også uttale si støtte til dei andre prosjekta på lista.
  • Nærmiljøanlegg

 

  • Her finn vi 9 positive tiltak som det ikkje er vanskeleg å gje si støtte til. Prioriteringane har vi ingen merknader til.

ØIL ser det svært viktig at prosjekt Friidrettsanlegget no får høgste prioritering. Her må alt vere klart til spelemiddel-søknad innan 15. januar 2019,

 

Samrøystes vedtak:

Styret viser til saksutgreiinga og vil uttale.

  • Nærmiljøanlegg – full støtte til desse prosjekta frå ØIL
  • Ordinære anlegg: Ørskog IL. Støttar desse prosjekta – Friidrettsanlegg bør rykkje opp til nr. 1. Jfr elles styret sine merknader til tala i dette projektet - sjå sak frå styret 18.01.18.
  • Styret vil i tillegg uttale: Utvidinga som er vedteken knytta til Ørskoghallen – lager m.m. – må gjennomførast straks!

 

  •  

 

Sak 13. Skriv og meldingar 28. august 2018

  • Løypetrase Liasætra mv – status. VEDLEGG Bjelkar og materiale snart på plass.

 

    1.  
  • Brukarutval Ørskoghallen – jf sak 05.06.18- status – 1. møte MUNNLEG Ikkje noko nytt

 

    1.  
  • Idrettsråd nye Ålesund – status. MUNNLEG Møte om kort tid 

 

    1.  
  • Politiattestar – orientering/status. MUNNLEG Siv følgjer opp.

 

    1.  
  • Avisomtalar – ymse utklipp – lokalavisa. VEDLEGG OK 

 

    1.  
  • Kurs – møte – samlingar. MUNNLEG OK

 

    1.  
  • Ørskogfjellet skilag – styrereferat. VEDLEGG Dugnad - styremøte 

 

    1.  
  • Stordalscup 5. – 17. juni. Evaluering MUNNLEG OK

 

    1.  
  • Opprydding Brauta – trakkemaskin – skur v/hoppbakke. MUNNLEG Kjell Petter og Emma ordnar dette. 

 

    1.  
  • VIPPS – bruk – omfang – røynsler MUNNLEG OK

 

    1.  
  • LAM-midlar 2018 VEDLEGG Jf sak fordeling av midlar

 

 

  • Skadeverk stadion og utstyr. MUNNLEG Politisak 

 

    1.  
  • Personvern VEDLEGG Nytt regelverk kjem attende til saka

 

    1.  
  • Nyhetsbrev NIF – MRIF VEDLEGG OK 

 

    1.  
  • Gebyrordninga Ørskog sparebank VEDLEGG Alt ordna

 

    1.  
  • Styret ØIL 2018 ajourført VEDLEGG OK 

 

    1.  
  • Festekontrakt stadion – historisk dokument 31. mai 1976. VEDLEGG OK

 

    1.  
  • Eventuelt andre skriv eller meldingar MUNNLEGRagnar ga melding om at ny leiar må på plass ved årsmøtet våren 2019.

 

  1.  

 

Samrøystes vedtak:

Skriv og meldingar vart tekne til vitande – jf. merknader.

Sak 14. Eventuelt andre saker

Ingen saker.

Møtet slutt 21.30

Ragnar Bakken – leiar - Linn Tove Lid - referent på møtet.+ ref. på møtet

 

NB – VIKTIG!:                                                                                                                      

Oppfølgjing av sakene frå styremøtet 28.08.2018:

  • Sak 1   Til orientering - alle
  • Sak 2. Til orientering alle.
  • Sak 3. Leiar – friidrettsgruppe - styret – valde medlemmer plannemnda – sponsorgruppe
  • Sak 4. Alle – styret – grupper.
  • Sak 5.. Jubileumsnemnd - alle grupper - styret.
  • Sak 6. Leiar - styret – gruppene - kasserar
  • Sak 7. Leiar - styret – valde medlemmer brukarutval.
  • Sak 8. Leiar – styret - cheerleading
  • Sak 9. Styret - grupper – Linn Tove.
  • Sak 10. Fotball
  • Sak 11. Leiar – volleybal
  • Sak 12. Leiar – grupper
  • Sak 13. Til orienteringØil Styre 280818 ref
  •  
  •