Styremøte 28. november - møtebok

MØTEBOK

STYREMØTE – ØRSKOG I.L.

Tysdag 28. november 2017 kl. 19.00.

Ørskoghallen

Til stades:Ragnar Elias Bakken - Jan Petter Øvstedal - Kamilla Vestre Cevallos - Kjell Petter Braute –Emma Karoline Hanssen – Anne Grete Refsnes Tennfjord - Anne Sofie Valgermo – Stian Eidhammer 8 av 12 medlemmer/vara.

Forfall Stine Ødegård Urke - Tine J. Steinset - Frode Dyrkorn - Kjetil Ramsvik-

Ref. på møtet: Leiar

Innkalling – pr. e-post + post. Ingen merknader.                                                                                                               Til saklista: Saklista vart godkjend utan merknader.

Sak 1. Møtebok frå styremøte 24.10.2017. Vedlagt

Samrøystes vedtak:

Møteboka frå 24.10.2017 vart godkjend utan merknader.

Sak 2. Nytt frå gruppene i ØIL.

  • Cheerleading: Alt fungerer godt. Førebur seg til konkurransar på nyåret.
  • Fotball: Utesesongen over. Kretsting 9. desember. Vellukka fusalturnering 25. 0g 26. nov. Nye turneringar på nyåret. Treningar inne og ute på gang.Viser til seinare saker samt skriv og meldingar. Ordna stikkrenne nord for kunstgrasbana.
  • Friidrett: Same som sist. Mellom 17- 25 på trening. Trenarane får god støtte frå foreldra. Det er foreldre som ønsker å bli trenarar. Trenarmøte. Team atletic m/diplomar og pizza 14. des. Stemnedeltaking til vårenbra økonomi.
  • Idrettskule: Aktivitetar 1 gong for veka. Fungerer godt.
  • Ski/trim: bøker tursesoengen sommar inne. Nye vinterbøker. Avslutning saman med stikkut – truleg før jul.
  • Sykkel: Ingen frå sykkel på møtet.
  • Volleyball: Det er ein gjeng som trener (8-10).

Samrøystes vedtak:

Styret tek orienteringane til vitande.

Sak 3 styremøte 28.11.17: Friidrettsanlegg/idrettsanlegg.

Vi viser til ei rekkje tidlegare handsaming av saka, seinast 24.10.17.

ETTER 24.10.17:

02.11.2017: Ørskog kommunestyre handsama saka. Saka var stempla fortruleg.

14.11.2017: ØIL mottok vedtaket frå Ørskog kommune.                                                           Melding om vedtak KS-sak 125/17: Forhandlingar med Ørskog Idrettslag

Ørskog kommunestyre hadde saka føre seg i møte 2.11.2017 og gjorde slikt vedtak:

KS-125/17 Vedtak:

Ørskog kommunestyre ber om at forhandlingsutvalget forhandler med Ørskog Idrettslag om realisering av idrettsanlegg hvor idrettslaget skal forplikte seg med å bidra med minimum 1/3 av prosjektkostnaden eks mva.

Ørskog kommune ber om at idrettslaget tar kontakt når de er klare til eit nytt møte med forhandlingar.

14.11.2017: E-post til styret om vedtak + ein del spørsmål mm for vidare arbeid. VEDLEGG

17.11.2017: Møte med advokat. Advokat + Frode Dyrkorn + Ragnar Bakken. ØIL orienterte om saka. Advokat Nilsen ville ha sine synspunkt klare i løpet av 20. nov. Dette heldt seg oppe.

ØIL har så langt ikkje gjeve tilbakemelding på eit framtidig møte med kommunen

Avtalen mellom ØIL og ØK frå juni 2016 følgjer også denne gongen som VEDLEGG

ØIL sitt vedtak 24.10.17 er så langt grunnlaget for ØIL sine haldningar og standpunkt i saka.

Styret ØIL vil få nærare orientering om saka på styremøtet 28.11.17. Det vil gjelde alt som har skjedd i saka sidan sist styremøte.

Gjennomgang av saka på møtet 2811.17. Samtale – alt munna ut i at ØIL vil halde på inngått avtale – jf. alle tidlegare vedtak.

Styret samla seg så om eit samrøystes vedtak i saka

Samrøystes vedtak 28.11.17:

ØIL viser til ei rekkje tidlegare møte, uttalar og vedtak i samband med planlegginga av eit idrettsanlegg for friidrett og fotball m.m. vest for Sjøholt skule

ØIL vil spesielt peike på avtale mellom ØIL og ØK datert 09.06.2016 om prosjektering, finansiering og bygging av dette anlegget, eit anlegg ØK der har påteke seg å byggje.

ØIL har i sitt styremøte 29.08.17 akseptert framlagde skisseprosjekt datert 05.07.17.

ØIL vil vise til siste drøftingsmøte mellom ØIL og ØK 17.10.17 og føringar frå dette møtet.

ØIL sitt styrevedtak 24.10.17 gjev i klartekst uttrykk for laget sitt syn i saka jf. vedtak.

ØIL har 14.11.17 motteke vedtak i Ørskog kommunestyre frå 02.11.17 i samband med fortruleg handsaming av saka:

Ørskog kommunestyre hadde saka føre seg i møte 2.11.2017 og gjorde slikt vedtak:

KS-125/17 Vedtak:

Ørskog kommunestyre ber om at forhandlingsutvalget forhandler med Ørskog Idrettslag om realisering av idrettsanlegg hvor idrettslaget skal forplikte seg med å bidra med minimum 1/3 av prosjektkostnaden eks mva.

Påført administrativt: Ørskog kommune ber om at idrettslaget tar kontakt når de er klare til eit nytt møte med forhandlingar.

ØIL strekar under: Ørskog kommunestyre sitt siste vedtak 02.11.17 er eit fullt ut brot på inngått avtale frå juni 2016. ØIL kan ikkje akseptere dette. Vedteken avtale uttrykkjer ikkje noko talfesta totalkostnad, men at kommunen har påteke seg ansvar for bygging og finansiering.

ØIL sine forpliktingar i høve avtalen er:

  • Ta del i planlegginga av prosjektet
  • Bidra til å skaffe sponsormidlar
  • Bidra med fysisk dugnadsinnsats etter avtale.
  • Ta del med dugnadsbasert arbeid i drifta av anlegget.

 

ØIL har utover dette ingen økonomiske forpliktingar knytta til bygging av anlegget. At idrettslaget skal forplikte seg med å bidra med minimum 1/3 av prosjektkostnaden eks mva.slik ØK hevdar, ligg såleis langt utanfor innhaldet i avtalen

ØIL har fått kompensert bortfall av tidlegare avtalar ved at laget ikkje skal ha direkte økonomiske forpliktingar i prosjektet (reie pengar).

ØIL føreset vidare at førehandsgodkjenning av anlegget vert gjort snarast slik at søknad om spelemidlar kan sendast innan 15.01.18. Dette av omsyn til vedteken tidsramme for gjennomføring og ferdigstilling av anlegget.

Konklusjon: ØK har 02.11.17 gjort eit nytt vedtak i saka der ØIL skal forplikte seg til å bidra med minimum 1/3 av prosjektkostnaden. Dette er ikkje i samsvar med avtalen frå 09.06.16. Kommunen sitt vedtak er såleis brot på denne avtalen. ØIL påpeikar at kommunen er forplikta å halde seg til vedteken avtale. ØIL ser det rett å be kommunen leggje fram eit nytt utspel som er i samsvar med avtalen og styret sitt vedtak. ØIL bed om at ØK gjev ØIL svar innan 1. desember 2017.

Sak 4 – 28.11.17 – Årsmøte 2018 – fastsetjing – førebuing.

2017 går mot slutten, og vi ser litt på det som må gjerast fram mot årsmøta i 2018:

  • Tidfesting av hovudlaget sitt årsmøte – skal etter lovene haldast innan 31. mars
  • Framlegg til dag 2018: Tysdag 20. mars – kl 19.00 – Ørskoghallen
  • Årsmøta i gruppene må haldast i god tid før 20. mars – før 20. februar 2018

Rekneskap – årsmelding – val + eventuelt andre saker skal handsamast i gruppene.

-   Brev til grupper og tillitsvalde vert utsendt – her får vi nyttig informasjon:                                   Les godt og hald fristane.

    • Brev til valnemnda for hovudlaget sitt årsmøte vert sendt ut – her vert gjort greie for dei val som står føre og kva valnemnda si oppgåve vert.
    • Grupper og einskildmedlemmer som har saker til handsaming på hovudlaget sitt årsmøte 20. mars 2018, må ha levert desse til leiar seinast 2 veker på førehand.
  • Viktige påminningar: Innberetting av lønn mm til kasserer innan 1. januar 2018.Alle opplysningar frå gruppene og valnemnda som skal nyttast i hovudlaget si årsmelding til leiar innan 1. mars 2018.

 

  • Reviderte rekneskap frå gruppene til kasserar innan 20. februar 2018
  • Idrettsregistreringa – medlemstal pr 31.12.17 m.m. EIGE SKJEMA. Frist for ØIL for vidaresending er 30. april 2018.
  • Viktig: Laget sine lover er nye frå 20156. Desse har alt om årsmøta m.m. – Dei er å finne på laget si heimeside og i papirutgåve.

 

Samrøystes vedtak :

Styret fastset årsmøtet for ØIL 2018 til: Tysdag 20. mars 2018 – kl 19.00 – Ørskoghallen. Styret sluttar seg elles til innhaldet i breva daterte 18.11.17 til grupper, tillitsvalde og valnemnd.  Styret bed om at alle oppsette fristar vert haldne.

 

Sak 5 – 28.11.17 - Medlemsregistreringa m.m. KlubbAdmin.

Jf. ei rekkje handsamingar av denne saka i 2016 og 2017.

Konklusjon – med grunnlag i tala pr november 2017:

  • Aktive – vi nærmar oss full innbetaling – rest 14 aktive medlemmer
  • Støtte – dette er personar som heilt fritt vil stå som medlemmer i ØIL. Dei 25 som står att på lista utan betaling, håper vi blir færre etter kvart.
  • Vi kan sjølvsagt verve nye støttemedlemmer og auke talet på aktive!

Det vil truleg vere rett at alle som står til rest med kontingent pr 31.12.17 vert sletta som medlemmer.

Registreringa av medlemmer til sentralt hald: Frist 30. april 2018 – jf. idrettsregistreringa.

Samrøystes vedtak 28.11.17:

Styret tek orienteringane til vitande. Gruppene purrar på medlemskontingent for dei aktive som står til rest for 2017. Talet med støttemedlemar som ikkje har betalt så langt i 2017 er no nede i ca 25. Styret vedtek at alle som står med ubetalt kontingent pr. 31.12.17 vert sletta som medlemar. Aktive får sjølvsagt melding om dette i god til for året er slutt.

SAK 6 – 28.11.17 - TRENINGSTIDER ØRSKOGHALLEN 2017-2018.

Det vert vist til tidlagre vedtak i saka hausten 2017 seinast 03.10.17.

ETTER 3. OKTOBER :

Fotball har fordelt sine tider – to oppsett:

  • Oppsett fram til 31.12.17
  • Oppsett etter 01.01.2018

Alt skulle etter dette vere fordelt.

Viktig:

  • Alle melder frå om endringar – til Kjetil/Ragnar
  • Alle melder frå om enkelttreningar som går ut
  • Alle tek omsyn til utleige av hallen som kan medføre at ØIL må vike plass.
  • Alle følgjer ordensreglar mm for hallen.
  • Alle nyttar loggbok
  • Alle melder frå dersom noko er unormalt, skada m.m.
  • Alle aktuelle tek del på brukarmøte

Vedlagt dei to oppsetta for bruk av hallen 2017/2018. VEDLEGG.

I oppsettet vert gjort ei lita korrigering mellom idrettsskulen og fotball.

Samrøystes vedtak 28.11.17:

Styret tek dei to oppsetta – før og etter 01.01.18 – til vitande med korrigering mellom idrettsskule og fotball. Alle brukarar merkar seg punkta ovanfor. Styret etterlyser brukarmøte hausten 2017 i regi av dagleg leiar av hallen..

 

Sak 7 – 28.11.17 – SPONSORGRUPPE NYTT IDRETTSANLEGG.

Saka vart handsama på sist møte 24.10.17:

Jf. sak 1 møte 24.10.17 – og avtale 09.016.17 mellom ØIL og Ørskog kommune. Ørskog I.L har teke på seg å bidra med å skaffe sponsormidlar. Førebuingane til dette arbeidet bør starte snarast. Iverksetjing av ulike tiltak i samband med innhenting av sponsorar/sponsormidlar må kome når vi kan presentere vedtak m.m. på det anlegget som skal byggjast. Dette bør også kome rimeleg raskt.

Sponsorgruppe bør såleis veljast no og eit enkelt mandat for gruppa bør følgje vedtaket:

  • Sponsorgruppe: ØIL vedtek å velje ei gruppe på inntil seks person som skal ha ansvaret for planlegging og gjennomføring av arbeidet. Fotball og friidrett bør stille med tre medlemmer kvar. Gruppene sjølv vel sine medlemmer.
  • Mandat: Førebu arbeidet med innhenting av sponsormidlar. Dette inneber ei rekkje spørsmål knytta til presentasjon, kontaktarbeid m.m. – alt i samråd med ØK – sidan ØIL skal bidra. Dette arbeidet kan starte straks.
  • Når prosjektet kan presenterast for potensielle sponsorar, vert dette startskotet for innhenting av avtalar mellom ØIL og sponsorane.

Samrøystes vedtak 24.10.17:

Styret i ØIL vedtek å opprette ei eiga gruppe til å arbeide med å skaffe sponsormidlar i samband med finansiering og realisering av idrettsanlegget vest for skulen, jf. presiseringane ovanfor. Sponsorgruppa vert samansett slik: 3 personar valde av fotballgruppa, 3 personar valde av friidrettsgruppa. Frivillegsentralen vert oppmoda om å vere med i denne gruppa. Vala må gjerast innan 10. nov. 2017. Sponsorgruppa konstituerer seg sjølv og rapporterer til styret i ØIL. Styret tek sikte på å gje gruppa eit økonomisk grunnlag (budsjett) til dekking av utgifter knytta til sponsorarbeidet.

Møtet 28.11.17:

Vi skal no følgje opp vedtaket frå 24. oktober.                                                                                    Fotball 3 medlemmer. Friidrett 3 medlemmer

Frivillegsentralen avklart – blir ikkje med som medlem i gruppa. Kan sikkert birda med gode råd.

Økonomi: Hovudstyret bør stille ein sum til disposisjon – storleik – styret avgjer.                                Elles vert det vist til sak 3 frå dette styremøtet – om idrettsanlegget.

Samrøystes vedtak 28.11.17:

Styret held fast på at ØIL opprettar ei gruppe som skal bidra med å skaffe sponsormidlar til nytt idrettsanlegg – jf. vedtak 24.10.17. Friidrett stiller med: Petter Leon Fauske, Kåre Jonny Braute og Tom W. Christiansen. Fotball har så langt ikkje namna klare. Dette må på plass snarast. Styret stiller inntil 5000 kr til disposisjon for arbeidet i sponsorgruppa. Midlane vert dekte av hovudlaget sin konto. Rekningar vert å levere leiar ØIL.

Denne e-postadressa er beskytta mot program som samlar e-postadresser. Du må aktivere javaskript for å kunne sjå den.

Sak 8 – 28.11.17 Løypetrase Liasætra - Steinsetsætra

Saka har vore handsama i fleire møte, seinast 24. okt. 2017. På det møtet vart det inngått avtale mellom ØIL og Braute A/S om opparbeiding av løypa. Jostein Tomren har orientert i avisa om prosjektet og framdrift.

Som vi ser av dette innlegget, arbeidet er sett i gang. Vinterver og snø kan skape utsetjingar. Alt er no opp til tre partar – veret, Braute A/S og ØIL. Det meste av maskinarbeidet som var planlagt gjort hausten 2017, er utført, Massane kan no få liggje å tørke ut.

ØIL fekk nei frå Ørskog kommune om å kunne førehandsbetale innvilga tilskot om spelemidlar stort 150.000. VEDLEGG

ØIL vil etter det finne andre løysingar knytta til utbetalingar m.m.

Samrøystes vedtak 28.11.17:

Styret takka spesielt Jostein Tomren for arbeidet hans så langt. Styret tek elles framdrift og gjennomføring så langt til vitande. ØIL betaler Braute A/S i samsvar med kontrakt og rekning.

Sak 9 – 28.11.17 - Jubileumsnemnd ØIL 100 år

Jubileumsnemnd:

Cheerleading: Stian Eidhammer

Fotball: Jan Petter Øvstedal

Friidrett: Kjell Petter Braute

Idrettskulen: Anne Sofie Valgermo

Ski/trim: Lars Tore Nerbøvik eller Emma Hansen

Sykkel: Kjetil Ramsvik

Volleyball: Anne Grete Refsnes

Arbeidsutvalet: Stine Ødegård

Mandat vedteke tidlegare 825.04.17):

  • ØIL skal markere jubileet på ulike måtar.
  • Sportslege aktivitetar/tiltak/arrangement – gjerne spreidde utover i året – der markeringa av 100 år er eit utgangspunkt. Jubileumsarrangement..

 

  • Andre markeringar – t.d. jubileumsfest – andre tiltak gjerne knytta opp mot sportslege innslag.

Styremøte 3 . oktober: Samrøystes vedtak:

Jan Petter blir valt til koordinator. Første møtedato er satt til 19.10.17 kl 19. Mandat som sist vedtak.

Framlegg til program skal leggjast fram for styret på siste styremøte 2017.

Nemnda har hatt to møte – 19.10 og 07.11. Referat ligg føre. Mange gode framlegg. Neste møte er tidfesta til 5. desember. Vi reknar med at det meste knytta til jubileumstiltak 2018 då er på plass, med tidfesting og ansvarlege. Nemnda får noko midlar til disposisjon:

Samrøystes vedtak 28.11.17:

Styret er godt nøgd med arbeidet og resultatet frå nemnda. Mange gode og gjennomførbare tiltak er på plass. Endeleg program vert arbeidd vidare med på møte 5. des. 2017. styret løyver inntil 15.000 som nemnda kan disponere i sitt arbeid i samband med kjøp av ulikt materiell og jubileumseffektar. Rekningar vert å sende til leiar ØIL og utgiftene vert belasta hovudlaget. 

Sak 8 – 28.11.17 - Traktorkjøp – kva no?                                                                                               

Denne saka har vore på saklista i ØIL sitt styre ved fleire høve. Det har vore behov for å skifte ut traktoren vi no nyttar, med ein ny og noko større.

ØIL har ved fleire høve kontakta ØK om å få til ei ordning der kommunen står som kjøpar og eigar. På den måten ville vi få full MVA-kompensasjon. Kommunen har sagt nei til ei slik løysing. ØIL har etter det lagt saka noko til sides med tanke på å gjere seg nytte av den traktoren vi har inntil vidare.

Siste handsaminga: Møtet 3. oktober 2017:

Det er kome inn tilbod om ein traktor frå Felleskjøpet til den samla kostnad på 550 000,- kroner med fråtrekk for innbyte av noverande traktor. Om ØIL skal kjøpe ein traktor vil dette koste laget 500 000,- som må finansierast med lån som blir belasta fotballgruppa.

Samrøystes vedtak:

Fotballgruppa gjer ei vurdering for kva årlege kostnadar eit lån vil koste. Ragnar tar kontakt med kommunen for å høyre om/søkje om det er mogeleg å få ettergjeve restbeløp og overta noverande traktor.

Etter 3. oktober:

Brev til Ørskog kommune datert 05.10.17 i samsvar med vedtaket ovanfor. Handsaming i formannskapet 9. nov. (k.styret 23..nov)

Vedtak k.styret:

  1. Ørskog kommunestyre vedtek å ikkje ettergjeve lån til ØIL
  2. ØIL får overta traktoren vederlagsfritt ved innbetaling av restlån, kr 117.000
  3. Det skal utarbeidast ein driftsavtale for kunstgrasbana som er i samsvar med Regjeringa sin rettleiar «Kunstgressboka». Ørskog kommunestyre føreset at ny traktor skal vere i samsvar med dei reglane som er sett opp der.

Innbytteverdien av traktor dersom vi aksepterer kommunen sitt vedtak: 193.750 – 117.000 = 76.750 . Kjøp vil då medføre at prisen vert 473.250 kr. Dette må i hovudsak lånast. Vi vil då ha avdrag og rentekostnader framover. Kan noko sponsing vere aktuelt?

Fotballgruppa si oppgåve jf. vedtaket 3. okt. :

Styret – og i særleg grad fotballgruppa må vurdere om vi har økonomi til dette samanhalde med behovet for å bytte traktor. Eit lån i banken for å finansiere eit kjøp i samsvar med tala ovanfor (500.000) vil gje årlege kostnader i sju år på ca 84.000 kr. Dette er vesentleg meir enn noverande kostnader og vil vere ei svært tung belastning for fotballgruppa.

Samrøystes vedtak – 28.11.17:

ØIL har ikkje fått imøtekome søknaden til Ørskog kommune om ettergjeving av restbeløp på gamla traktor. ØK har sagt nei til å gå inn i saka med tanke på MVA-fritak for ØIL. Kostnaden for ØIL med å finansiere ny traktor utan denne hjelpa vil gjennom banklån gje utrimeleg høge årskostnader. ØIL ser det difor rett å avslutte denne saka i denne omgang utan kjøp av traktor. Kommunestyret sitt vedtak pkt. 3 er etter dette uaktuelt då ny traktor no er uaktuelt.

Sak 11 – 28.11.17 – Medlemskap – æresmedlemskap.

Tid om anna dukkar det opp spørsmål knytta til det å vere medlem – bli medlem – avslutte medlemskap – kontingentar – forpliktingar rettar m.m.

Denne saka tek sikte på å klare opp i ein del spørsmål og utfordringar.

Vi går litt nærere inn på en del sentrale punkt.

Lov for Ørskog Idrottslag § 3 Medlemar er sentral – viser til denne.

Medlemskontingent og avgifter

Medlemskontingenten vert fastsett av årsmøtet. Andre avgifter/eigendelar kan krevjast for deltaking i idrettslaget sitt aktivitetstilbod.

Ørskog I.L. medlemskontingentar og medlemsavifter/treningsavgifter:

Pr 2017 er medlemskontingenten 100 kr pr år for alle både aktive og støttemedlemmar. I tillegg kjem avgiftene. Desse vert fastsette av gruppene 1 gong pr år. Aviftene tilfell den gruppa det gjeld.

Medlemskap Ørskog I.L – generelt:

  • ØIL er eit medlemsbasert idrettslag. Medlemane er grunnfjellet i laget. Alle som driv organisert idrett i regi av laget MÅ vere medlem. Å ta del i konkurransar krev medlemskap.
  • Medlemskap krev betalt medlemskontingent
  • Medlemane er dekte av ei felles idrettsforsikringar.
  • Støttemedlemar – vaksne får her høve til å støtte aktivitetane i laget.
  • Timaktivitetar – ikkje krav til medlemskap, men vi vil sterkt tilrå: Støttemedlemskap.
  • Det er viktig at medlemsregisteret er oppdatert. NIF krev også dette. Hovudlaget har hovudansvaret for medlemsregisteret. ØIL nyttar KlubbAdmin – eit internettbasert register levert av NIF. Medlemslista skal innehalde: Namn, adresse, fødselsdato, e-post, mobilnummer.
  • Alle tillitsvalde i ØIL skal vere medlemar av laget. Dette er grunngjeve ut frå at dei i ulike samanhengar representerer ØIL.
  • Medlemane kan administrere medlemskapen gjennom MinIdrett                                               ( https://minidrett.nif.no ) Det er også høve til å gjere både innmelding, utmelding og eventuell endring i medlemskapen ved e-post til underteikna/medlemsansvarleg.
  • Hovudlaget utfører all fakturering.
  • Familiemedlemskap er aktuelt. Det er berre personleg medlemskap i laget, men familiemedlemskap er ei praktisk løysing for laget og familien.
  • Som medlem i ØIL utløyser dette støtte frå Idrettsforbundet. Støtta vert fordelt internt i laget av styret i ØIL.
  • Berre medlemar har røysterett styre- og årsmøtesaker. Røysterett: Medlemar over 15 år. Under 15: Kan møte på årsmøte med forslagsrett
  • Aktiv medlem: Vi tek med NIF sitt pkt under medlemsopplysningar mm. Jf. VEDLEGG                           Alle medlemmer som regelmessig deltar i organisert aktivitet i regi av idrettslaget, eller representerer idrettslaget i idrettskonkurranser eller lignende, skal regnes som «aktivt medlem» med tilhørighet i en konkret gruppe/gren. Med «deltagelse» menes både å selv utøve idretten gjennom trening eller konkurranser, og å tilrettelegge for at andre skal kunne drive aktivitet i idrettslaget. Dette omfatter blant annet trenere, lagledere og andre oppgaver som bidrar til gjennomføringen av trening, konkurranser og annen aktivitet i idrettslaget. Personer som bistår idrettslaget gjennom administrative oppgaver, drift og vedlikehold av anlegg mm. omfattes også.

Både de som trener, konkurrerer, eller på annen måte bidrar til aktivitet i idrettslaget, skal registreres som aktive innen den eller de idretter eller grener deres aktivitet er knyttet til. Medlemmer som på eget initiativ transporterer familiemedlemmer til og fra trening eller idrettsarrangementer anses ikke som aktivt medlem.

Støttemedlem: Jf. eige oppsett frå NIF: Kort sagt: Alle som ikkje er /driv aktiv idrett i laget.

Æresmedlemar:

  1. Æresmedlemmer kan oppnemnast av styret i ØIL.
  2. Æresmedlemskap skal henge høgt og skal gjelde medlemar som har lagt ned eit stort arbeid innan ØIL. Æresmedlem skal ha vore med på å fremje kameratskap og godt miljø for medlemane, og gjennom positiv haldning styrka laget totalt sett.
  3. Styret si grunngjeving vert lese opp saman med utnemninga.
  4. Æresmedlemskap gjev i tillegg til vanlege medlemsrettar og plikter:                                               a)Fritak for betaling av medlemskontingent.                                                                                            b)Gratis adgang til alle ØIL sine idrettsarrangement.
  5. Det synlige æresmedlemskapet skal vere:                                                                               a)Bordvimpel med laget sin logo med inskripsjon på sokkel. ”Æresmedlem i Ørskog I.L.”.   Årstal og namn.                                                                                                                                       b) Diplom med tekst.                                                                                                                                    c) Bilete med ramme på klubbhuset                                                                                                                    
  6. Æresmedlemskap skal i regelen tildelast på årsmøtet eller under jubileumsfest.
  7. Alle medlemar kan sende inn framlegg på æresmedlemar til Hovedstyret.

Samrøystes vedtak 28.11.17:

Styret tek saksutgreiinga til vitande og nyttar konklusjonane der som grunnlag når spørsmål knytta til medlemskap - aktive – støttemedlemar dukkar opp. Styret viser elles til utdrag av saksutgreiinga jf. ovanfor. Grunnlaget for æresmedlemskap vert i samsvar med oppsettet ovanfor i sju punkt.                                                                                                               Ørskog I.L. – målsetjing:

  • Flest mogeleg aktive medlemar i alle aldersgrupper.
  • Eit høgt tal støttemedlemar mellom alle vaksne.

 

Sak 12. Skriv og meldingar 28. november 2017

  • Innkalling til kretsting SFK. VEDLEGG

 

    1. Kretsting 9. des – ØIL vert repr. . Olav Rune Amdam nominert beste trenar
  • Kjøp mm av effektar jf 100 år – skjerf – mm. MUNNLEG

 

Jf sak om jubileumsnemnd – løyving og bruk midlar                                  

  • Politiattestar – status. MUNNLEG . Ser rimeleg bra ut

 

 

  • Futsalturneringar. VEDLEGG Seinast 25.-26. nov – nye på nyåret

 

 

  • Jubileumsbok – status. MUNNLEG/vedlegg. Arbeidet skrider fram

 

 

  • Avisomtalar – ymse utklipp – lokalavisa. VEDLEGG

 

 

  • Stikk ut – avslutning jf. trimturar/trimfest ØIL. VEDLEGG                                      
  • Avslutning Stikk ut + Ut på tur i Ørskog

 

 

  • Ørskogfjell skilag – status. MUNNLEG. Teke over anlegget. Klar for køyring

 

 

  • Nettside – facebook ØIL – bruk. MUNNLEG Bruk desse.

 

 

  • Ørskoghallen – driftsstyre – arbeidet med regelverk mm. Lagerhall. MUNNLEG

 

Nytt møte med kommunen 7. des.

  • SFK- skriv SFK .VEDLEGG. Orientering

 

 

  • Kvitteringsliste nøklar Ø.hallen. Innlevering nøklar!! MUNNLEG. Fleire ute.

 

 

  • Drifta/bruken av Ørskoghallen – reglar - orden –rutinar – info mm. MUNNLEG

 

Ingen brukarmøte så langt

  • Nyheitsbrev MRIK. VEDLEGG Vedlagt til orientering

 

 

  • Nyheitsbrev NIF. VEDLEGG   Vedlagt til orientering

 

                                                       

  • Kurs – møte – samlingar. MUNNLEG Meld deg på kurs!

 

 

  • Vipps. MUNNLEG. 4 brukarar i ØIL

 

 

  • Omorganisering driftstyre til brukarutval – Ørskoghallen – MUNNLEG                 Jf møte 7.des

 

 

  • Varme i hallen – jf. futsalturnering 25. – 26. november . Brev til dagleg leiar hallen v/leiar ØIL

 

    1.  
  • Brukarmøte hallen. Etterlyse dette med dagleg leiar hallen. v/leiar ØIL

 

 Samrøystes vedtak:

Skriv og meldingar vart tekne til vitande – jf. merknader.

Sak 13. Eventuelt andre saker

Ingen saker.

 

Møtet slutt 21.15

Ragnar Bakken – leiar - + ref på møtet

 

NB – VIKTIG!:                                                                                                                      

Oppfølgjing av sakene frå styremøtet 28.11.17:

    • Sak 1   Til orientering - alle
    • Sak 2. Til orientering alle.
    • Sak 3. Leiar – friidrettsgruppe - styret – valde medlemmer plannemnda.
    • Sak 4   Alle til oppfølgjing
    • Sak 5. Leiar - styret – gruppene - medl.reg. gruppe
    • Sak 6. Alle grupper - s
      • Sak 9. Styret – valde medlemmer av jubileumsnemnd – leiar.
      tyret.
    • Sak 7. Leiar – sponsorgruppe - gruppene
    • Sak 8. Leiar – ski – J.Tomren

 

  • Sak 10 Leiar - fotball
  • Sak 11. Leiar – gruppene.
  • Sak 12. Alle til orientering
  • Sak 13. Alle til orientering ..                                                                                  Styre 281117 ref 
  •  
  •  
  •