MEDLEMSPENGAR ØIL 2017

ØRSKOG I.L. OG MEDLEMSPENGAR

Ørskog I.L har etter pålegg frå Idrettsforbundet gått over til nye rutinar i samband med innkrevjing av medlemspengar. Alle som er registrerte i ulike medlemskartotek har fått krav eller oppmoding om å betale kontingent for 2017. Oppmodinga går til alle støttemedlemmer der kontingenten er 100 kr pr år. Alle aktive har i tillegg til medlemskontingent på 100 pr også fått krav om gruppeavgifter. Alle aktive må betale. Omlegginga har kanskje ført til litt utfordringar for enkelte. Eg likar lite å mase, men eg vil som leiar for ØIL be og oppmode om at flest mogeleg av støttemedlemmene betaler 100 kr og at alle aktive betaler det dei har fått beskjed om. Håper vi kan halde på det relativt gode medlemstalet vi har. Spørsmål: Ta kontakt med underteikna. Takk for at du vil vere aktiv/støttemedlem i laget vårt. God sommar til alle - og hugs betaling før du tek ferie.

Ragnar Bakken - leiar ØIL -