MEDLEMSBREV - MEDLEMSREGISTRERING - KONTINGENT

 

 

Til: Aktive medlemmer og støttemedlemmer i Ørskog I.L.

Ørskog I.L. er glad for alle som vil vere medlem i laget vårt. Vi ønskjer aktive medlemmer og støttemedlemmer i alle aldrar. ØIL har i dag sju aktive grupper med sine medlemmer. I tillegg er vi stolte over at fleire hundre er registrerte som støttemedlemmer. ØIL er av Norges Idretts-Forbund pålagt å gå over til sentral og samordna registrering av medlemmer og innbetaling av kontingentar. Ved utsending av krav om medlemspengar for 2017 har vi nytta lister som det nye systemet har adoptert. Ein del av namna er såleis frå ein del år tilbake. Vi håper at flest mogeleg av dei som mottek dette brevet med oppmoding om å betale medlemspengar for 2017, vil gjere dette. Takk på førehand! ØIL si støtte frå NIF aukar vesentleg for kvar medlem som stør oss med 100 kr i medlemspengar. Vi har likevel forståing for at det finst dei som vil avslutte sitt «medlemsskap». Desse siste gjev beskjed til underteikna.

  • Medlemskap – likt for alle – aktive og støttespelarar: 100 kr pr. år.
  • Gruppekontingent – gjeld aktive – desse kontingentane varierer frå gruppe til gruppe – frå 200 kr og oppover pr år. All innbetaling går her til gruppene sine kontoar.
  • Døme: Ola Olsen – aktiv medlem i sykkelgruppa i ØIL. Krav for 2017: 100 kr årspengar til ØIL + 200 kr gruppekontingent til sykkelgruppa. Systemet sorterer til rett konto.

Fakturaer vert sende til registrerte e-postadresser – eller pr. post/levering. Betaling kan skje via ONLINE (bruk helst online ved beløp under 600 kr). GIRO (bruk helst giro ved beløp over 600 kr). Aktive medlemmer i fleire grupper vil få fleire giroar (ein av desse inneheld då 100-lappen + ei gruppe).

Med sportsleg helsing frå Ørskog I.L – 100 år i 2018! – Ragnar Bakken – leiar ØIL -

Spørsmål - merknader:

Frå aktive medlemmer: Leiar i vedkomande gruppe.

Støttemedlemmer m.fl.: Leiar ØIL – Ragnar Bakken – 90205435 - Denne e-postadressa er beskytta mot program som samlar e-postadresser. Du må aktivere javaskript for å kunne sjå den.