ØIL årsmøte 21. mars 2107 - møtebk

 

ÅRSMØTE 2017

ØRSKOGHALLEN

TYSDAG 21. MARS 2017 KL. 19.00

 MØTEBOK

ÅRSMØTE ØRSKOG I.L. - 2017

 

Tid:                 Tysdag 21. mars 2017 frå kl. 19.00

 

Stad:               Ørskoghallen

 

Frammøtte:   15 medlemmer

 

Leiar Ragnar Bakken ønska alle velkomne til årsmøtet.

 

Sak 1. Konstituering av årsmøtet.

 

  • Godkjenning av innkalling: Samrøystes: Innkallinga vart godkjend slik ho ligg føre.

 

            Jf. kunngjering gjennom annonse i Bygdebladet – 2 gongar. Ein trykkfeil i annonsen

 

1.2       Godkjenning av sakliste:     Samrøystes: Saklista vart godkjend slik ho ligg føre.

                                                           Saklista vart delt ut ved starten av møtet.

 

1.3       Val av ordstyrar:                  Samrøystes vald: Ragnar Bakken.

 

1.4       Val av skrivar:                      Samrøystes vald: Tine J. Steinset.

 

 

Sak 2. Årsmeldingar 2016.

            Årsmeldingane - rekneskap – val – m.m. samla i eit eige hefte – vart utdelt på møtet.

 

2.1    Årsmelding frå hovudstyret:

       Årsmeldinga vart gått gjennom av leiar – spørsmål – kommentarar undervegs.

            6 styremøte med samla 75 saker.

            Laget har sju ulike grupper som dekkjer eit breitt spekter av aktivitetar.

Glimt frå saklistene saman med oversyn sentrale oppgåver – saker og anlegg for 2016 følgde årsmeldinga frå styret.

                       

           Samrøystes vedtak: Årsmeldinga frå hovudstyret vart vedteken utan merknader.

 

2.2    Årsmeldingar frå gruppene:

Årsmeldingar frå gruppene – sju grupper – skal handsamast av årsmøtet – jf. årsmøte- heftet. Årsmøtet fekk meldingar frå alle gruppene.

            Grupper:

Cheerleading – fotball – friidrett - idrettsskulen – ski og trim - sykkel - volleyball.

Nokre viktige moment frå meldingane vart trekte fram av repr. frå gruppene m.fl.

           

            Samrøystes vedtak: Årsmeldingane frå gruppene vert vedtekne utan merknader.

 

Pause i årsmøtedrøftingane: Banksjef Erik Kavli i Ørskog Sparebank heldt eit innlegg der han orienterte om banken og dei tilbod som kan vere av nytte for ØIL. ØIL fekk som gåve ein Zettle-terminal. Spørsmål undervegs. Leiar i ØIL nytta høvet til å rette ei stor takk til Ørskog Sparebank for banken si store støtte til ØIL sitt arbeid. Gåvene og sponsorinntektene frå banken har i 2016 vore monaleg større enn tidlegare. Tusen takk.

 

Sak 3. Rekneskap 2016.

 

3.1    Rekneskap frå hovudstyret:

            Rekneskap for drift og balanse vart lagt fram på møtet og gjennomgått av leiar.

Overskot stort kr 41.638,- . Positiv balanse. Takk til Ørskog Sparebank for gåver og sponsing – likeeins takk til kommunen for kulturmidlar. Takk også til Økonomiservice knytta til føring av rekneskapen. Revisjonsmelding datert 07.03.17 vart lagt fram – nokre mindre merknader – desse vert å følgje opp.

 

            Samrøystes vedtak: Rekneskapen for hovudstyret vert godkjend utan merknad.

           

3.2    Rekneskap frå gruppene:

            Rekneskap frå gruppene vart lagt fram på møtet – desse omfattar:

            Cheerleading: Overskot: 80.521. Positiv balanse.

Fotball: Overskot: 49.065. Positiv balanse.

Friidrett: Overskot: 20.230. Positiv balanse.

            Idrettsskulen: Overskot 3.888. Positiv balanse.

            Ski og trim: Overskot: 15.287. Positiv balanse.

            Sykkel: Underskot: -223. Positiv balanse.

            Volleyball: Underskot: -384. Positiv balanse.

            Revisjonsmelding datert 07.03.17 vart lagt fram – jf. sak 3.1.

            Samla vurdering: Økonomien i gruppene er jamt god – i det utgiftene er godt tilpassa        inntektene. Alle grupper har positiv balanse.

 

            Samrøystes vedtak: Rekneskapa frå gruppene vert godkjende utan merknader.         

 

Sak 4. Kontingent 2017.

Leiar orienterte kort om kontingenten og fastsetjinga av denne. NIF har vedteke minimumssats på 100 pr. for alle aldersgrupper. Framlegg om uendra kontingent 100 kr.

 

            Samrøystes vedtak:

            Kontingent for 2017 til hovudlaget vert 100 kr for alle medlemmer.

Gruppene fastset sjølve sine eigne avgifter/gruppekontingentar utover 100 kr.

 

 

 

Sak 5. Budsjett 2017.

            Framlegg til budsjett for hovudstyret vart lagt fram på møtet og gjennomgått.

            Framlegget inneber eit budsjett med eit overskot på 27.300 kr.

 

            Framlegg til vedtak: Årsmøtet i ØIL godkjenner det framlagde budsjettet for                                                                   hovudstyret. Gruppene gjer sjølve vedtak om eigne budsjett.

           

Samrøystes vedtak:

Årsmøtet i ØIL godkjenner det framlagde budsjettet for hovudstyret.

Gruppene gjer sjølve vedtak om eigne budsjett.

 

Sak 6. Val 2016.

 

6.1    Arbeidsutval/hovudstyret:  

            Framlegget frå valnemnda vart lagt fram på møtet.

            Valnemnda har vore: Kåre Johnny Braute, Ireen Sjøholt og Annbjørg Gjerde Ramsvik.

            Valnemnda hadde funne kandidatar til verva i arbeidsutvalet m.m.

                       

            Samrøystes vedtak i samsvar med valnemnda sitt framlegg:

           

            Leiar:              Ragnar Bakken                     attval               2017

            Nestleiar:        Stine Ødegaard Urke attval                           2017

            Kasserar:        Frode Dyrkorn                      attval               2017 – 2018

            Skrivar:          Tine J. Steinset                      ikkje på val     2016 – 2017                                                                                                               Styremedlem:Kamilla Vestre Cevallos          ikkje på val     2016 – 2017

           

            Varamedlem:Frank Urke                              ikkje på val     2016 – 2017

            Varamedlem:  Per Even Brautehaug           attval               2017 – 2018

 

            Alle gruppeleiarane (7) valde av gruppene sjølve er medlemmer i hovudstyret:   

 

Renate Grande Skodje - attval (cheerleading) (Stian L. Eidhammer møter i h.styret) Jan Petter Øvstedal - attval (fotball) – Kjell Petter Braute - attval (friidrett) – Anne Sofie Valgermo – attval (idrettskulen) – Emma K. Hanssen – attval (ski-trim) – Kjetil Ramsvik – attval (sykkel) - Anne Grete Refsnes – attval (volleyball).

 

6.2    Revisorar: 

            Framlegget frå valnemnda låg føre.

 

            Samrøystes vedtak i samsvar med valnemnda sitt framlegg:

            Veronica Sollied                     - attval -          2017

            Knut Helge Vestre                  - attval            2017                           

 

6.3    Valnemnd:

 

            Samrøystes vedtak:

            Kåre Johnny Braute (leiar) - attval 2017

            Ireen Sjøholt – attval                         2017

            Annbjørg Gjerde Ramsvik – attval   2017

6.4    Gruppestyra:

Gruppene har i hovudsak tillitsvalde på plass. Jf. årsmøta i dei ulike gruppene.

 

            Samrøystes vedtak:

            Årsmøtet i ØIL godkjenner dei valde gruppestyra i gruppene nokre få tillegg.     Cheerleading – Friidrett - Idrettsskulen – Ski/trim – Sykkel - Volleyball.

Tillagt på årsmøtet: Fotball Per Gillebo – baneansvarleg 2017 – 2018. Odd Bertil Yksnøy dommaransvarleg 2017. Cheerleading: Ronny Langseth går ut.  Nokre rettingar i skrivemåten på namn.

 

6.5    Medlemsregistreringa. Organisering – val m.m.

Det vert vist til notat vedlagt årsmøtepapira om medlemsregistreringa så langt saman med plan for vidare arbeid med m.a. fakturering av kontingentar.

 

Samrøystes vedtak:

Notat og orientering vart tekne til vitande og ver t lagt til grunn for det vidare arbeidet. Kamilla Vestre Cevallos vart vald til medlemsansvarleg i ØIL saman med leiar ØIL.

 

Sak 7. Arbeidsplanar 2017.

 

7.1       Arbeidsplan/organisasjonsplan hovudstyret.

            Orientering ved leiar. Endringar i medlemsregistreringa vart gjennomgått.

 

            Samrøystes vedtak:

            Arbeidsplan/organisasjonsplan for hovudstyret 2017 vart godkjend.

 

7.2       Arbeidsplanar for kvar av gruppene.

Alle grupper hadde lagt fram arbeidsplanar for 2017.

 

            Samrøystes vedtak:

            Arbeidsplanane 2017 for gruppene i ØIL vart godkjende.

 

Sak 8. Godtgjersle leiarar

Det vert vist til vedtak sist årsmøta med fastsetjing av godtgjersler. Framlegg i møtet: Godtgjerslene frå 2016 vert gjort gjeldande for 2017.

 

Samrøystes vedtak:

Årsmøte i ØIL 21. mars 2017 vedtek ei årleg godtgjersle til leiar av hovudlaget på 35.000 kr pr. år, fotballgruppa 26.000 kr pr. år, leiar andre grupper 2.000 kr pr. år.

            Løypekøyrarar får ei samla årsgodtgjersle som kan delast slik:              

10 første turar pr. køyrar er dugnad - avsett godtgjersle vert så fordelt mellom dei som køyrer meir etter utførte turar – samla godtgjersle pr år 8.000 kr.

           All godtgjersle vert dekt innan eigne budsjett. Vedtaket gjeld for 2017.

           Alt er slik godtgjerslene var i 2016.

 

 

SAK 9. ØIL 100 år – jubileumsnemnd

Leiar la denne saka fram for årsmøtet – jf. kort skriftleg saksførebuing. ØIL er 100 år i 2018. Årsmøtet drøfta oppretting av ei jubileumsnemnd.

 

Samrøystes vedtak:

ØIL skal markere jubileet på ulike måtar. Ei jubileumsnemnd skal veljast.

Årsmøtet gjev styret oppgåva å finne fram til medlemmer i denne nemnda.

Det er ønskjeleg at alle grupper og hovudstyret vert representerte i nemnda

 

 

Sak 10. Innkomne saker/framlegg – frist 14.03.2017.

            Ingen innkomne saker.

 

Sak 11. Orienteringssaker.

 

11.1:  Friidrettsanlegg. Status pr mars 2017.

           Orientering ved leiar i friidrettsgruppa og medlem i plangruppa Kjell Petter Braute.

            Planarbeidet har kome godt i gang. Ein reknar med ferdigstilling i løpet av 2018.

 

11.2:  Jubileumsbok ØIL 2018 – 100 år.

           Leiar orienterte om arbeidet i boknemnda. Jamt bra framdrift.

 

           

11.3: Medlemsregistreringa – fakturering m.m.

             Medlemmer i gruppa som har arbeidd med dette i 2016 orienterte om arbeidet fram til

             i dag og det som ligg framføre – m.a. fakturering/innkrevjing av kontingentar 2017.

 

Samrøystes vedtak:

            Orienteringane vart tekne til vitande.

 

Undervegs i møtet: Kaffi/te med litt attåt.

 

Takk til tillitsvalde for innsatsen i 2016.

                                                                                                                                                                                                                                                                                                                                                                                                                                                                                                                  Møtet slutt 21.14.

 

Skrivar på årsmøtet: Tine J. Steinset (sign)   Endeleg oppsett ved Ragnar Bakken.

 

 

Rett utskrift: Ørskog 21. mars 2017.     Ragnar Bakken – leiar ØIL 2017 –

 

Utskrift til:

Arbeidsutvalet – gruppestyra v/leiar for vidare formidling – revisorar – valnemnd – andre aktuelle – avisene – nettsida.

 

Et samla oversyn for det som gjeld tillitsvalde innan Ørskog I.L. 2017 vert utarbeidd av leiar på grunnlag av sakspapir og vedtak på årsmøtet 21. mars 2017.