Anlegg friidrett - klar tale på årsmøtet

Årsmøtet ØIL 10. mars drøfta saka om anlegg for friidrett. Vi tek med sak og vedtak:

ØRSKOG I.L. ÅRSMØTE:

KLAR UTTALE OM ANLEGG FOR FIIDRETT

Ørskog I.L. hadde sak om anlegg for friidrett på saklista under årsmøtet 10. mars 2015. Laget har arbeidd med denne saka sidan friidrettsgruppa vart nyskipa for om lag 4 år sidan. (2. byggesteg av skuleidrettsplassen frå 1995!)

Vi har hatt ei rekkje utspel og handsamingar/vedtak i saka – utan å få skikkeleg gjennomslag overfor kommunen. ØIL kan no seiast å vere utolmodige!

Vi saksar frå årsmøtepapir og ØIL sitt vedtak

Styret handsama saka seinast på styremøte 12.01.15.

Styret vedtok: Dette skal vere sak på årsmøtet 2015.

Vedlagt saka til årsmøtet også status pr 1. januar 2015. Etter kvart eit omfattande

fireårsdokument!

Saka vart drøfta og årsmøtet slutta seg til tilrådinga frå styremøtet 12.01.2015.

Denne tilrådinga danna såleis grunnlaget for årsmøtet sitt vedtak.

Dette inneber følgjande:

 

Samrøystes årsmøtevedtak:

Årsmøtet ØIL 10.03.15 viser til vedtak frå kommunestyret 16.12.14 knytta til handlingsplan for idrett og fysisk aktivitet der anlegg for friidrett er prioritert, og der midlar samla 3 mill. er foreslått avsett i 2016-2017.

Styret i ØIL viser vidare til vedlagde samandrag for det som gjeld arbeidet med eit anlegg for friidrett vest for Sjøholt skule.                                                                                                      ØIL held fast på fleire tidlegare vedtak om at anlegget må innehalde 400m løpebane med min. 4 baner. Vidare må det innafor banearealet og eventuelt i nær tilknyting utanfor vere areal nok til alle aktuelle tekniske friidrettsøvingar. Dette vil etter ØIL sitt syn kunne kombinerast med areal for andre aktivitetar innan idrett og skuleformål som t.d. volleyball, fotball, ulike typer leikeareal og aktivitetsområde til bruk både i skuletida og til disposisjon elles til idrettsaktivitetar. Dette vil gje eit godt kombinasjonsanlegg tilpassa dei ulike formåla der sambruk vil vere eit nøkkelord. Dette vil ikkje gje eit fullskala friidrettsanlegg, men vil tene friidrettsinteressene på ein rimeleg god måte.

 

ØIL bed difor om at pågåande reguleringsarbeid v/Flataker Landskap vert definert som regulering av areala til skule- og idrettsformål. ØIL vil presisere at arealet knytta til grusbana/skuleidrettsplassen heilt sidan bygginga i 1995 skulle innehalde eit byggjesteg to for friidrettsaktivitetar.

ØIL bed med ovanståande som argument om å få ein fast medlem i gruppa som no arbeider med utbygging/renovering av Sjøholt skule. I saker der det er tale om samarbeid mellom kommune og frivillige lag er det i dag heilt vanleg at dei frivillege er representert i planleggingsgrupper m.m. Dette vil gje grunnlag for samspel og samarbeid der også idretten sine ønskjemål kjem tydeleg fram. ØIL bed om at leiar for friidrettsgruppa-/anleggsutvalet for tida Kjell Petter Braute vert ØIL sin representant i skulegruppa.  

ØIL sin representant rapporterer fortløpande attende til styret i ØIL.

ØIL vil elles presisere at denne sjansen til å utvikle førnemnde areal til beste for både skule og idrettsformål ikkje må skuslast vekk.

ØIL er kjend med at planleggingsarbeidet knytta til Sjøholt skule inkl. utområdet  nærmar seg sluttfasen, og vi bed difor om at våre ønskjemål ovanfor vert iverksette straks.

Årsmøtevedtaket vert oversendt kommunen for iverksetjing og vidareformidling til skulegruppa og Flataker Landskap.

Årsmøtet viser også til inngått avtale mellom ØIL og kommunen knytta til avlysing av bygselkontrakt vedk. Iden og forpliktingar knytta til friidrettsanleg og anna areal.

 

Utskrift frå møteboka: Ragnar Bakken – leiar ØIL -