Møtebok årsmøte 2015

Her følgjer møteboka frå årsmøtet ØIL 10. mars 2015

ØRSKOG

IDROTTSLAG 

SKIPA 24. FEBRUAR 1918

M Ø T E B O K

ÅRSMØTE 2015 

ØRSKOGHALLEN 

      TYSDAG 10. MARS 2015 KL. 19.30 


MØTEBOK

ÅRSMØTE ØRSKOG I.L. - 2015

 

Tid:                 Tysdag 10. mars 2015  frå kl. 19.00

 

Stad:               Ørskoghallen

 

Frammøtte:   14 medlemmer

Leiar Ragnar Bakken ønska alle velkomne til årsmøtet.

 

Sak 1. Konstituering av årsmøtet.

 

1.1       Godkjenning av innkalling:Samrøystes: Innkallinga vart godkjend slik ho ligg føre.

                                                           Jf. kunngjering gjennom annonse i Bygdebladet – 2 gongar.

 

1.2       Godkjenning av sakliste:     Samrøystes: Saklista vart godkjend slik ho ligg føre.

                                                           Saklista vart delt ut ved starten av møtet.

 

1.3       Val av ordstyrar:                  Samrøystes vald: Ragnar Bakken.

 

1.4       Val av skrivar:                      Samrøystes vald: Tine J. Steinset.

 

1.5       Val av 2 personar til å skrive under møteboka:

            Samrøystes valde: Ireen Sjøholt – Tone Misund.

 

Sak 2. Årsmeldingar 2014.

            Årsmeldingane - rekneskap – val – m.m.  samla i eit eige hefte – vart utdelt på møtet.

 

2.1    Årsmelding frå hovudstyret:

         Årsmeldinga vart gått gjennom.

            491 medlemmer - nedgang frå 535 året før. 5 styremøte med samla 65 saker.

            Laget har sju ulike grupper som dekkjer eit breitt spekter av aktivitetar.

            Sentrale oppgåver i 2014 vidare i 2015: Arbeidet med planlegging av anlegg for friidrett – bygging av gapahuk og        grindløe – drift/vedlikehald av kunstgrasbane -  rekruttering av tillitsvalde   –  skiløyper vedlikehald og oppkøyring  – ny turtrase frå Liasætra til Steinsetsætra – turkasser/StikkUt  –  politiattestar fortløpande oppdatering – økonomi – sportsleg aktivitet – framtida for skiaktivitetar - medlemsverving – aktivitetar innan volleyball og ski – jubileumsbok (2018)

                       

            Samrøystes vedtak: Årsmeldinga frå hovudstyret vert godkjend slik ho ligg føre.

2.2    Årsmeldingar frå gruppene:

            Årsmeldingar frå gruppene – sju grupper – skal handsamast av årsmøtet – jf. heftet.

            Grupper: Cheerleading – fotball – friidrett -  idrettsskulen – ski og trim - sykkel -   volleyball. Årsmøtet fekk meldingar  frå alle gruppene – jf «årsmøteheftet».         

            Nokre viktige moment frå meldingane vart trekte fram av repr. frå gruppene m.fl.:

            Cheerleading:Knapt 40 jenter er med. Hadde fleire oppvisningar i 2014. Nye drakter.

            Delteke på NM-kvalifisering i Drammen. Utøvarar også frå nabokommunane.

            Takk til dei unge trenarane!

            Fotball: Aktivt år – med 17  lag – med om lag 220 aktive spelarar.

A-lag og damelag på plass.  A-lag nedrykk frå 5. div til 6. div.

            Fleire futsalturneringar i Ørskoghallen. Gode sportslege resultat. Tine fotballskule.

            Mykje arbeid/dugnad knytta til vedlikehald av anlegga – kunstgrasbane m.m.

            Fotball er kommunen sin viktigaste og største frivillige møteplass for barn og ungdom!

Friidrett: Godt arbeid i gruppa. Om lag 25-30 gutar og jenter er med. Ein nedgang frå året før. Fleire har teke del på kurs.  Arrangerte sentrumsløpet under Ørskogdagane 2014.     

            Arbeidet med å få på plass eit utandørsanlegg held fram. Vi er utolmodige.

            Idrettsskulen:  Om lag 30 barn er med på aktivitetane i hallen. Symjing i bassenget ved   Sjøholt skule. Foreldra leier det heile på ein fin måte.

Ski- og trimgruppa: Løypekøyringa svært viktig. Gruppa arbeider med å få på plass       aktivitetar innan ski. Lysløypa på Brauta er ordna. Ikkje snø sesongen 2013/14. Jamt bra så langt i 2014/2015. Jf. også sak om utvida løypenett – gapahuk og grindløe. Trim: Fleire ulike aktivitetar – m.a. postvegmarsj – ut på tur – turbok – deltaking Ørskogdagane.

            Sykkel: Sykkelgruppa har om lag 45 medlemmer! Har arrangert fellesturar. Trening på     Fysiotrimmen vinterstida.

Volleyball: Lite/ingen aktivitet grunna mangel på trenarar. Volleyball for vaksne   damer/ menn. Sandvolleyballbanene ikkje heilt ferdigrenoverte.

 

            Samrøystes vedtak: Årsmeldingane frå dei sju gruppene vert godkjende slik dei ligg                                              føre.

 

Sak 3. Rekneskap 2014.

3.1    Rekneskap frå hovudstyret:

            Rekneskap for drift og balanse vart lagt fram på møtet og gjennomgått av kasserar/leiar.

Overskot stort kr 78.820,- . Hovudlaget har jamt god likviditet. Takk til Ørskog sparebank for gåver og sponsing – likeeins takk til kommunen for kulturmidlar. Revisjonsmelding datert 09.03.15 vart lagt fram –  nokre mindre merknader – desse vil vi følgje opp.

 

            Samrøystes vedtak: Rekneskapen for hovudstyret vert godkjend slik han ligg føre.         

3.2    Rekneskap frå gruppene:

            Rekneskap frå gruppene vart lagt fram på møtet – desse omfattar:

            Cheerleading: Overskot: 25.362.  Positiv balanse.

            Friidrett: Overskot:.14.879.  Positiv balanse.

            Fotball:  Underskot: 35.175.  Positiv balanse.

            Idrettsskulen:  Underskot  7.540.   Positiv balanse.

            Ski og trim:  Underskot: 24.053.  Positiv balanse.

            Sykkel: Overskot: 31.486.  Positiv balanse.

            Volleyball: Overskot: 7.365. Positiv balanse.

            Revisjonsmelding datert 09.03.15 vart lagt fram – jf. sak 3.1.

            Samla vurdering: Økonomien i gruppene er jamt god – i det utgiftene er godt tilpassa        inntektene. Alle grupper har positiv balanse.

 

            Samrøystes vedtak:

            Årsmøtet godkjenner rekneskapa frå alle dei sju gruppene slik dei ligg føre. 

 

Sak 4. Kontingent 2015.

            Leiar orienterte kort om kontingenten og fastsetjinga av denne.

 

            Samrøystes vedtak:

            Kontingent for 2015 til hovudlaget vert 100 kr for medlemmer 18 år og over det.

            Kontingent for 2015 til hovudlaget vert 50 kr for medlemmer under 18 år.

Gruppene fastset sjølve sine eigne medlemspengar utover 50 kr/100 kr.

 

Sak 5. Budsjett 2015.

            Framlegg til budsjett for hovudstyret vart lagt fram på møtet og gjennomgått.

            Framlegget inneber eit budsjett med eit overskot på 26.100 kr.

            Framlegg til vedtak:   Årsmøtet i ØIL godkjenner det framlagde budsjettet for                                                                   hovudstyret. Gruppene gjer sjølve vedtak om eigne budsjett.      

Samrøystes vedtak:

            Årsmøtet i ØIL godkjenner det framlagde budsjettet for hovudstyret.

            Gruppene gjer sjølve vedtak om eigne budsjett.

 

Sak 6. Val 2015.

 

6.1    Arbeidsutval/hovudstyret:  

            Framlegget frå valnemnda vart lagt fram på møtet.

            Valnemnda har vore: Frode Dyrkorn, Kåre Johnny Braute og Linda Hoff Johansen.

            Valnemnda hadde funne kandidatar til verva i arbeidsutvalet m.m.

            Tone Misund hadde sagt frå seg attval til styret.

                       

            Samrøystes vedtak i samsvar med valnemnda sitt framlegg:

           

            Leiar:             Ragnar Bakken                    attval              2015

            Nestleiar:       Jan Petter Øvstedal              attval              2015

            Kasserar:       Frode Dyrkorn                     ny                   2015 – 2016  

            Skrivar:         Tine J. Steinset                                             2014 – 2015 - ikkje på val

            Styremedlem:Merete Refsnes                                             2014 – 2015 - ikkje på val

           

            Varamedlem:            Caroline Vestre -   2014 – 2015 – ikkje på val  

            Varamedlem:            Per Even Brautehaug          attval              2015 – 2016

 

            Alle gruppeleiarane (7) valde av gruppene sjølve er medlemmer i hovudstyret:        

 

Linda Vestre - ny (cheerleading) – Janne Osvik – ny (fotball) – Kjell Petter Braute - attval (friidrett) – Trond Alstadsæter – ny (idrettskulen) – Emma K. Hanssen – attval (ski-trim) – Kjetil Ramsvik – attval (sykkel) - Anne Grete Refsnes – attval (volleyball).

 

 

6.2    Revisorar: 

            Framlegget frå valnemnda låg føre.

 

            Samrøystes vedtak i samsvar med valnemnda sitt framlegg:

            Veronica Sollied                    - attval -          2015

            Knut Helge Vestre                - attval            2015                           

 

6.3    Valnemnd:

 

            Samrøystes vedtak:

            Kåre Johnny Braute (kallar inn) - attval   2015

            Ireen Sjøholt – ny                                         2015

            Annbjørg Gjerde Ramsvik – ny                 2015

 

6.4    Gruppestyra:

            Alle gruppene har tillitsvalde på plass. Gjennomgang av vala i gruppene.

 

            Samrøystes vedtak:

            Årsmøtet i ØIL godkjenner dei valde gruppestyra i gruppene slik dei ligg føre:

            Cheerleading – Fotball – Friidrett - Idrettsskulen – Ski/trim – Sykkel  - Volleyball.

 

Sak 7. Friidrettsanlegg – status – vidare arbeid.

Saka vart sist handsama på styremøte 12.01.15 – møtebok nedanfor.

Styret vedtok: Dette skal vere sak på årsmøtet 2015.

Vedlagt saka til årsmøtet også status pr 1. januar 2015.

Saka vart drøfta og årsmøtet slutta seg til tilrådinga frå styremøtet 12.01.2015.

Denne tilrådinga dannar såleis grunnlaget for årsmøtet sitt vedtak.

           

Dette inneber følgjande vedtak:

 

Samrøystes årsmøtevedtak:

Årsmøtet ØIL 10.03.15 viser til vedtak frå kommunestyret 16.12.14 knytta til handlingsplan for idrett og fysisk aktivitet der anlegg for friidrett er prioritert, og der midlar samla 3 mill. er foreslått avsett i 2016-2017.

 

Styret i ØIL viser vidare til vedlagde samandrag for det som gjeld arbeidet med eit anlegg for friidrett vest for Sjøholt skule.                                                                                                      ØIL held fast på fleire tidlegare vedtak om at anlegget må innehalde 400m løpebane med min. 4 baner. Vidare må det innafor banearealet og eventuelt i nær tilknyting utanfor vere areal nok til alle aktuelle tekniske friidrettsøvingar. Dette vil etter ØIL sitt syn kunne kombinerast med areal for andre aktivitetar innan idrett og skuleformål som t.d. volleyball, fotball, ulike typer leikeareal og aktivitetsområde til bruk både i skuletida og til disposisjon elles til idrettsaktivitetar. Dette vil gje eit godt kombinasjonsanlegg tilpassa dei ulike formåla der sambruk vil vere eit nøkkelord. Dette vil ikkje gje eit fullskala friidrettsanlegg, men vil tene friidrettsinteressene på ein rimeleg god måte.

 

ØIL bed difor om at pågåande reguleringsarbeid v/Flataker Landskap vert definert som regulering av areala til skule- og idrettsformål. ØIL vil presisere at arealet knytta til grusbana/skuleidrettsplassen heilt sidan bygginga i 1995 skulle innehalde eit byggjesteg to for friidrettsaktivitetar.

 

ØIL bed med ovanståande som argument om å få ein fast medlem i gruppa som no arbeider med utbygging/renovering av Sjøholt skule. I saker der det er tale om samarbeid mellom kommune og frivillige lag er det i dag heilt vanleg at dei frivillege er representert i planleggingsgrupper m.m. Dette vil gje grunnlag for samspel og samarbeid der også idretten sine ønskjemål kjem tydeleg fram. ØIL bed om at leiar for friidrettsgruppa-/anleggsutvalet for tida Kjell Petter Braute vert ØIL sin representant i skulegruppa.  

ØIL sin representant rapporterer fortløpande attende til styret i ØIL.

 

ØIL vil elles presisere at denne sjansen til å utvikle førnemnde areal til beste for både skule og idrettsformål ikkje må skuslast vekk.

 

ØIL er kjend med at planleggingsarbeidet knytta til Sjøholt skule inkl. utområdet  nærmar seg sluttfasen, og vi bed difor om at våre ønskjemål ovanfor vert iverksette straks.

 

Årsmøtevedtaket vert oversendt kommunen for iverksetjing og vidareformidling til skulegruppa og Flataker Landskap.

Årsmøtet viser også til inngått avtale mellom ØIL og kommunen knytta til avlysing av bygselkontrakt vedk. Iden og forpliktingar knytta til friidrettsanleg og anna areal.

 

Sak 8. GODTGJERSLE LEIARAR

8.1      Fastsetjing av godtgjersle til leiarar ØIL – hovudlag og grupper

 

Godtgjersle leiarar – tidlegare vedtak:

  • Leiar ØIL – vedtak 2010: Årsmøtet i 2010 vedtok ei godtgjersle til leiar ØIL for 2010 på 30.000 kr.  

    Årsmøtet 2011 i ØIL vedtek at leiar i ØIL skal få ei årleg godtgjersle på 30.000 kr.  Av    dette dekkjer fotballgruppa 20.000 kr. Resten 10.000 kr vert dekt av dei andre gruppene. Vedtaket gjeld f.o.m. 2011.

  • Leiar fotball – vedtak 2013: 20.000 (utgifter) + 4.000 (løn) – f.o.m. 2013 – dekt av fotballgruppa

  • Andre leiarar:

    Årsmøtet i ØIL 12. mars 2012 vedtek at leiarane i laget sine grupper skal få ei årleg        godtgjersle som skal dekkje ein del mindre ugifter leiarane har i sine tillitsverv – m.a.     telefon, data, kontormateriell.

                    Fotballgruppa: 4.000 kr pr år.

    Dei seks andre gruppene: 2.000 kr pr år.

     

    Vedtak på årsmøtet 2014:

    Årsmøtet vedtok å gjere vedtak om ei endring knytta til pkt om godtgjersle til leiar fotball.

     

                    Nytt samrøystes vedtak:

                    Årsmøte i ØIL 11. mars 2014 vedtek ei årleg godtgjersle til leiar av hovudlaget på          30.000 kr, fotballgruppa 24.000 kr pr år, leiar andre grupper 2.000 kr pr år. All godtgjersle vert dekt innan eigne budsjett. Vedtaket gjeld f.o.m. 2014 inntil nytt vedtak           er fatta.

     

    Handsaming årsmøtet 10.03.15 – samrøystes vedtak:

                Årsmøte i ØIL 10. mars 2015 vedtek ei årleg godtgjersle til leiar av hovudlaget på 35.000 kr, fotballgruppa 26.000 kr pr år, leiar andre grupper 2.000 kr pr år. All godtgjersle vert dekt innan eigne budsjett. Vedtaket gjeld f.o.m. 2015 inntil nytt vedtak er fatta.

     

     

     

    SAK 9. JUBILEUMSBOK ØIL 2018 – 100 ÅR

    Saka har vore drøfta på fleire styremøte i ØIL – seinast 12. januar 2015.

    Møtebok frå dette møtet følgjer saka.

    Styret gjorde eit vedtak – og saka skulle følgjast opp på årsmøtet 10.03.15

    Dette vert no gjort.

    Årsmøtet bør gjere eit prinsippvedtak – ja eller nei til dette prosjektet.

    Styret bør så i tilfelle ja få fullmakt til å arbeide vidare med prosjektet – der boknemnd, og ikkje minst finansieringsplan vil stå sentralt. I tillegg kjem sjølvsagt innsamling av stoff til boka.

     

    Vedtaket frå styret/tilråding overfor årsmøtet var som følgjer:

    Samrøystes vedtak:

    Styret i ØIL legg saka om jubileumsbok fram for årsmøtet 2015 til endeleg avgjerd. Boknemnd: Styret får fullmakt til å setje saman ei nemnd på 5 personar og engasjere redaktør for prosjektet. Styret får oppgåva med å arbeide fram finansieringsplan og utarbeide endeleg mandat for nemnda sitt arbeid. Boka må vere ferdig i rimeleg tid før 25.02.2018.

     

    Samrøystes vedtak årsmøtet 10.03.15:

    Årsmøtet ØIL 10.03.15 sluttar seg til styret sitt vedtak/tilråding frå møtet 12.01.15.

     

    Sak 10. Innkomne saker/framlegg – frist 03.03.2015.

                Ingen innkomne saker.

     

    Sak 11. Orienteringssaker.

     

    11.1.  Plasthall.

    Orientering om saka v/leiar. Fylkesmannen har avgjort klagesaka. ØIl har i møte 120115 sendt kommunen eit innspel om å kome i dialog – ingen reaksjon så langt

                Saka vert å kome attende til når klagesaka/innspelet frå ØIL er ferdighandsama.

     

    11.2   Bygging av gapahuk/grindløe

             Orientering v/leiar.

    Grindløe Verahornet er under arbeid – skal fraktast ferdig til toppen.

    Gapahuk Liasætra. Samarbeid med LHL. Løye og plassering er ordna. Oppsetjing på dugnad. Trim/skigruppa organiserer dette.

     

    11.3.  Løypetrase frå Liasætra.

    Orientering v/leiar. Alle nødvendige opplysningar om prosjektet er sendt kommunen/Fylkeskommunen. Ventar på avklarande svar. Planen er å gjennomføre dette prosjektet i 2015.

     

    11.4. StikkUT – nytt registreringssystem for turgåarar.

    Orientering v/leiar. Systemet liknar på Telltur. Vert sett ut i livet i vår. Kontaktperson frå ØIL: Richarda Rossbach frå trim-skigruppa.

               

    Ingen vedtak i orienteringssakene

     

     

    Leiar takka for fornya tillit og for samarbeidet og innsatsen som er lagt ned i meldingsåret 2014. Ekstra takk og blomster til dei som no går ut av styret: Tone Misund,  Ireen Sjøholt og Annbjørg Gjerde Ramsvik

     

     

    Undervegs i møtet: Kaffi/te med litt attåt.

                                                                                                                                                                                                                                                                                                                                                                                                                                                                                                                       Møtet slutt 21.15.

     

    Skrivar på årsmøtet: Tine J. Steinset (sign).

       

    Endeleg oppsett ved Ragnar Bakken.

     

     

    Rett utskrift: Ørskog 15. mars 2015.

     

    Ragnar Bakken – leiar ØIL 2015 -

     

    Utskrift til:

    Arb.utvalet – gruppestyra v/leiar for vidare formidling - revisorar – valnemnd – andre aktuelle – avisene.

 

 

Et samla oversyn for det som gjeld tillitsvalde innan Ørskog I.L. 2015 vert utarbeidd av leiar på grunnlag av sakspapir og vedtak på årsmøtet 10. mars 2015.

 

 

 

 

 

 

 

 


Ragnar Bakken

 

Ireen Sjøholt

 

Tone O. Misund