Plasthallen - innspel frå ØIL

ØIL sitt styre drøfta saka om plasthallen ved stadion på sitt siste styremøte 12.01.15:


MØTEBOK vedk platshallen v/Ørkogbanken stadion

STYREMØTE – ØRSKOG I.L.

 

Måndag 12. januar 2015 kl. 19.00.

Ørskoghallen

Til stades:

Ragnar Bakken - Tone Oliv Misund – Caroline Vestre (vara) - Ireen Sjøholt – Anne Grete Refsnes Tennfjord – Arild Hjelle (vara) – Linda Vestre – Merete Refsnes – Kjetil Ramsvik – Kjell Petter Braute – Emma Karoline Hanssen

12 voterande.

 

Forfall: Jan Petter Øvstedal - Annbjørg Gjerde Ramsvik

Møteleiar: Ragnar Bakken.

Ref. på møtet: Tine Steinset

 

Ingen merknader til innkalling – pr. e-post og post (dokument).

Frå og med neste styremøte vil ein prøve med datautsending av alle saksdokument.

Til saklista: Saklista vart godkjend med ei tilleggssak.

 

Sak 4. Plasthallen. Status. Tankar vidare. Dialog med kommunen.

Litt historikk:

ØIL søkte hausten 2011 om å få setje opp ein plasthall ved Ørskogbanken stadion. Hallen skulle nyttast til maskiner og utstyr. Søknaden vart imøtekomen på visse vilkår: Hallen skulle mellombels setjast opp – for 2 år. ØIL vart oppmoda om å søkje om bygging av eit permanent bygg i løpet av 2012. Dette vart ikkje gjort.

I 2013 søkte ØIL derimot om permanent løyve for hallen. Tenesteutvalet sa nei til dette. ØIL klaga på vedtaket. Klaga vart handsama i TU 23.01.14. Administrasjonen innstilte på at klaga skulle imøtekomast. TU sa nei og saka vart sendt Fylkesmannen for avgjerd.

Vedlegg: Sakspapir frå saka 23.01.14  - som gjev meir bakgrunn for heile saka.

Fylkesmannen har i brev 08.12.14 oppheva kommunen sitt vedtak og har sendt saka tilbake for ny handsaming i kommunen. Avslaget frå TU på søknaden frå ØIL var ikkje grunngjeven. Brevet ligg ved.

Neste steg vil vere ny handsaming i TU. Her kan TU vedta med grunngjeving det utvalet meiner er rett sett frå deira synsstad.

Saka har vakt interesse også i media – jf. ulike innspel i lokalavisa. ØIL ser det lite teneleg å bruke meir tid og krefter i denne saka og ser det ønskjeleg at ØIL saman med kommunen kan finne ei løysing som kan vere tenleg for alle. Ingen vil vere tent med at ei relativt lita «fillesak» skal versere i våre organ år etter år!

 

Samrøystes  vedtak:

Styret i ØIL gjer vedtak i samsvar med punkta nedanfor knytta til innspel overfor Ørskog kommune når det gjeld plasthallen ved kunstgrasbana.

  • Plasthallen får stå og tene som lager for ØIL så lenge han varer.

  • Store utbyggingar står føre knytta til Sjøholt skule og uteområdet – jf. eiga sak om anlegg for friidrett og nærmiljøanlegg for skulen. Her vil då bli endå meir utstyr som skal lagrast – utstyr som skal nyttast av skule og ØIL. Innspelet vil då vere: Kan ØIL og kommunen inngå eit samarbeid om eit permanent felles lagerbygg for diverse uteutstyr. Planlegging og plassering bør eventuelt takast saman med alt det andre som skal utførast i området. Planane om bygging av lager knytta til Ørskoghallen må også takast med i vurderingane. Når eit slikt bygg er på plass, vil plasthallen vere ute av biletet.

  • Dersom eit felles bygg ikkje vert aktuelt, må ØIL for eigen del starte planlegginga av eit permanent lagerbygg – med eventuell økonomisk støtte frå kommune og andre

 

Rett utskrift frå møtet 12.01.2015

Ragnar Bakken – leiar ØIL -