Anlegg friidrett vedtak styret 120115

Styret handsama enno ein gong saka om anlegg for friidrett - her følgjer særutskrift av m.a. vedtaket.

 

MØTEBOK

 

STYREMØTE – ØRSKOG I.L.

Måndag 12. januar 2015 kl. 19.00.

Ørskoghallen

Til stades:

Ragnar Bakken - Tone Oliv Misund – Caroline Vestre (vara) - Ireen Sjøholt – Anne Grete Refsnes Tennfjord – Arild Hjelle (vara) – Linda Vestre – Merete Refsnes – Kjetil Ramsvik – Kjell Petter Braute – Emma Karoline Hanssen

12 voterande.

 

Forfall: Jan Petter Øvstedal - Annbjørg Gjerde Ramsvik

Møteleiar: Ragnar Bakken.

Ref. på møtet: Tine Steinset

 

Ingen merknader til innkalling – pr. e-post og post (dokument).

Frå og med neste styremøte vil ein prøve med datautsending av alle saksdokument.

Til saklista: Saklista vart godkjend med ei tilleggssak.

 

Sak 3.  Friidrettsanlegg – situasjonsrapport – strategi vidare framover. Årsmøtesak 2015?

Vi tek med litt frå saksutgreiinga til møtet:

Saka har jamt vore på saklista til styremøta i ØIL heilt sida friidrettsgruppa vart etablert i 2011. Gruppa og styret har gjort ei rekkje vedtak om å få på plass eit tidsmessig godt utandørsanlegg for friidrett. Alt har vore satsa på grusbana med tilhøyrande område rundt – vest for Sjøholt skule..

Vedlagt følger eit samandrag for det som har skjedd i saka desse åra – fram til 01.01.15. I 2014 vart utbyggingsplanane for Sjøholt skule sett på dagsorden for fullt – gjennom vedtak og oppretting av ei gruppe som no arbeider intenst for å kome fram til korleis skulen skal renoverast/utbyggjast. Uteområdet er ein del av det som skal takast standpunkt til. Det er starta reguleringsarbeid av området som skulen har i dag + området vest for skulen – grusbane og området som hestesenteret i dag nyttar. ØIL har gjeve uttale ved oppstart av reguleringsarbeidet.

Mykje tyder på at ØIL sine planar om eit anlegg med 400 m baner m.m. kan utfordrande å få på plass – jf. siste vedtak som vart gjort i k.styret 16.12.14 i samband med rullering av plan for idrett og fysisk aktivitet. Friidrettsanlegget er med i planen, men med eit redusert omfang (jf. redusert økonomisk ramme) – og alt skal gå saman med dei behova skulen har for andre typar uteanlegg og dermed areal. Dette siste har vore omtala som eit nærmiljøanlegg.                                                                           ØIL bør snarast kome i nær dialog med kommunen då i første omgang gruppa som arbeider med planane for Sjøholt skule. Vi må vere med og få våre synspunkt med i dei samvuderingar som skal gjerast. Vi bør invitere oss sjølve til å få vere med på arbeidet i gruppa – for det som gjeld uteareal. Jf. også pågåande reguleringsarbeid. Kommunestyret ga i alle fall ikkje opp tanken om at her må også kome anlegg og areal for friidrett. Dessutan har vi også omsyn å ta i høve fotballen sine behov utover dei som vert dekte ved kunstgrasbana.

Vi kan sikkert tenkje oss ulike strategiar og måtar å arbeide vidare med denne saka. Eitt er rimeleg klart – vi må inn i eit nært og positivt samarbeid med kommunen – for å få til ein bruk av areala vest for Sjøholt skule til beste for skule og ØIL. Det handlar i realiteten om dei same barn/unge i notid og framtid. Skulen har heile vegen uttrykt ønskje og behov for anlegg for friidrettsaktivitetar -  trening og utøving/konkurranse. Å kunne disponere eit anlegg der det er høve til å drive med friidrettsaktivitear er utan tvil eit stort aktivum både for skule og ØIL m.fl.

Alternativ– fleire kan sikkert vere aktuelt å diskutere.                                                                                                                                 

  • Styret i friidrettsgruppa hadde ei grundig drøfting av saka på møtet 06.01.15.

    På grunnlag av drøftingane i friidrettsgruppa og tidlegare vedtak i ØIL var det utarbeidd eit utkast til framlegg for styret.

Styret hadde ei grundig drøfting av saka:

Samrøystes vedtak:

Styret i ØIL viser til vedtak frå kommunestyret 16.12.14 knytta til handlingsplan for idrett og fysisk aktivitet der anlegg for friidrett er prioritert, og der midlar samla 3 mill. er foreslått avsett i 2016-2017.

 

Styret i ØIL viser vidare til vedlagde samandrag for det som gjeld arbeidet med eit anlegg for friidrett vest for Sjøholt skule.                                                                                                      ØIL held fast på fleire tidlegare vedtak om at anlegget må innehalde 400m løpebane med min. 4 baner. Vidare må det innafor banearealet og eventuelt i nær tilknyting utanfor vere areal nok til alle aktuelle tekniske friidrettsøvingar. Dette vil etter ØIL sitt syn kunne kombinerast med areal for andre aktivitetar innan idrett og skuleformål som t.d. volleyball, fotball, ulike typer leikeareal og aktivitetsområde til bruk både i skuletida og til disposisjon elles til idrettsaktivitetar. Dette vil gje eit godt kombinasjonsanlegg tilpassa dei ulike formåla der sambruk vil vere eit nøkkelord. Dette vil ikkje gje eit fullskala friidrettsanlegg, men vil tene friidrettsinteressene på ein rimeleg god måte.

 

ØIL bed difor om at pågåande reguleringsarbeid v/Flataker Landskap vert definert som regulering av areala til skule- og idrettsformål. ØIL vil presisere at arealet knytta til grusbana/skuleidrettsplassen heilt sidan bygginga i 1995 skulle innehalde eit byggjesteg to for friidrettsaktivitetar.

 

ØIL bed med ovanståande som argument om å få ein fast medlem i gruppa som no arbeider med utbygging/renovering av Sjøholt skule. I saker der det er tale om samarbeid mellom kommune og frivillige lag er det i dag heilt vanleg at dei frivillege er representert i planleggingsgrupper m.m. Dette vil gje grunnlag for samspel og samarbeid der også idretten sine ønskjemål kjem tydeleg fram. ØIL bed om at leiar for friidrettsgruppa-/anleggsutvalet for tida Kjell Petter Braute vert ØIL sin representant i skulegruppa.               ØIL sin representant rapporterer fortløpande attende til styret i ØIL.

 

ØIL vil elles presisere at denne sjansen til å utvikle førnemnde areal til beste for både skule og idrettsformål ikkje må skuslast vekk.

 

ØIL er kjend med at planleggingsarbeidet knytta til Sjøholt skule inkl. utområdet  nærmar seg sluttfasen, og vi bed difor om at våre ønskjemål ovanfor vert iverksette straks.

 

ØIL vil også setje saka om friidrettsanlegg på saklista for årsmøtet i mars 2015.

 

Styrevedtaket vert oversendt kommunen for iverksetjing og vidareformidling til skulegruppa og Flataker Landskap.

 

 

Rett utskrift av møteboka sak 3 – møte 12.01.15.

 

Ragnar Bakken – leiar ØIL –