Møtebok styret ØIL 12.01.2015

Her kjem möteboka frå 12.01.2015:

 


MØTEBOK

STYREMØTE – ØRSKOG I.L.

Måndag 12. januar 2015 kl. 19.00.

Ørskoghallen

Til stades:

Ragnar Bakken - Tone Oliv Misund – Caroline Vestre (vara) - Ireen Sjøholt – Anne Grete Refsnes Tennfjord – Arild Hjelle (vara) – Linda Vestre – Merete Refsnes – Kjetil Ramsvik – Kjell Petter Braute – Emma Karoline Hanssen

12 voterande.

 

Forfall: Jan Petter Øvstedal - Annbjørg Gjerde Ramsvik

Møteleiar: Ragnar Bakken.

Ref. på møtet: Tine Steinset

 

Ingen merknader til innkalling – pr. e-post og post (dokument).

Frå og med neste styremøte vil ein prøve med datautsending av alle saksdokument.

Til saklista: Saklista vart godkjend med ei tilleggssak.

 

Sak 1. Møtebok frå styremøte 17. november 2014.

Møteboka var utsend på førehand. Gjennomgang av vedtaka.

Samrøystes vedtak:

Møteboka frå styremøte 17. november 2014 vert godkjend slik ho ligg føre.

 

Sak 2. Vi startar 2015 med å informerer kvarandre - nytt frå dei sju gruppene i ØIL.

 

Cheerleading - Fotball – Friidrett - Idrettsskulen –  Ski/Trim – Sykkel - Volleyball.

Vi informerer kvarandre og spør – om arbeidet i gruppene. Gladnytt. Utfordringar. Problem.

 

Cheerleading: Stor aktivitet. Har hatt inspirasjonsdag med … frå Chicago. Jobbar mykje med førebuing til kvalifiseringsrunde til NM.  Kvalifiseringsrunda skjer i Drammen. Open forestilling søndag kl 17:00 Ørskoghallen.

 

Fotball:  Manglar trenar til G16, ser ut til at det blir samarbeid med Stordal. Omtrent like mange lag som tidlegare. A-laget har begynt å trene ute. Dei andre laga held på inne. Skal starte opp med tilbod til 1.klasse. (6 åringane). KM i futsal vart arrangert no i helga. Vellykka arrangement. Barnefutsal om 2 veker.

 

Friidrett: Ei trening i veka. Litt lite trenerer, ønsker å få fleire trenarar. Ei gruppe der alle trener i lag. Har ikkje hatt utetrening denne sesongen.

Idrettskulen: Oppmøte ein gang i veka, ca 20 som møter pr. gang. Basseng frå veke 4.

Ski og trim: Trimfest i november. Vardebrenning på Verahønnet den 28.12 Spennande når ein kan få begynt på gapahuken.

Sykkel: Trener inne, spinning. Lite aktivitet om vinteren. Utesesongen startar så snart det er trygt for dei utan piggdekk.

Volleyball: Lite nytt. Trimlaget, men det har vore lite aktivitet i haust. Har hatt ei trening sist torsdag og håper på lysare tider. Manglar trenar.

Samrøystes vedtak:

Styret i ØIL tek orienteringane til vitande.

 

Sak 3.  Friidrettsanlegg – situasjonsrapport – strategi vidare framover. Årsmøtesak 2015?

Vi tek med litt frå saksutgreiinga til møtet:

Saka har jamt vore på saklista til styremøta i ØIL heilt sida friidrettsgruppa vart etablert i 2011. Gruppa og styret har gjort ei rekkje vedtak om å få på plass eit tidsmessig godt utandørsanlegg for friidrett. Alt har vore satsa på grusbana med tilhøyrande område rundt – vest for Sjøholt skule..

Vedlagt følger eit samandrag for det som har skjedd i saka desse åra – fram til 01.01.15. I 2014 vart utbyggingsplanane for Sjøholt skule sett på dagsorden for fullt – gjennom vedtak og oppretting av ei gruppe som no arbeider intenst for å kome fram til korleis skulen skal renoverast/utbyggjast. Uteområdet er ein del av det som skal takast standpunkt til. Det er starta reguleringsarbeid av området som skulen har i dag + området vest for skulen – grusbane og området som hestesenteret i dag nyttar. ØIL har gjeve uttale ved oppstart av reguleringsarbeidet.

Mykje tyder på at ØIL sine planar om eit anlegg med 400 m baner m.m. kan utfordrande å få på plass – jf. siste vedtak som vart gjort i k.styret 16.12.14 i samband med rullering av plan for idrett og fysisk aktivitet. Friidrettsanlegget er med i planen, men med eit redusert omfang (jf. redusert økonomisk ramme) – og alt skal gå saman med dei behova skulen har for andre typar uteanlegg og dermed areal. Dette siste har vore omtala som eit nærmiljøanlegg.                                                                           ØIL bør snarast kome i nær dialog med kommunen då i første omgang gruppa som arbeider med planane for Sjøholt skule. Vi må vere med og få våre synspunkt med i dei samvuderingar som skal gjerast. Vi bør invitere oss sjølve til å få vere med på arbeidet i gruppa – for det som gjeld uteareal. Jf. også pågåande reguleringsarbeid. Kommunestyret ga i alle fall ikkje opp tanken om at her må også kome anlegg og areal for friidrett. Dessutan har vi også omsyn å ta i høve fotballen sine behov utover dei som vert dekte ved kunstgrasbana.

Vi kan sikkert tenkje oss ulike strategiar og måtar å arbeide vidare med denne saka. Eitt er rimeleg klart – vi må inn i eit nært og positivt samarbeid med kommunen – for å få til ein bruk av areala vest for Sjøholt skule til beste for skule og ØIL. Det handlar i realiteten om dei same barn/unge i notid og framtid. Skulen har heile vegen uttrykt ønskje og behov for anlegg for friidrettsaktivitetar -  trening og utøving/konkurranse. Å kunne disponere eit anlegg der det er høve til å drive med friidrettsaktivitear er utan tvil eit stort aktivum både for skule og ØIL m.fl. Alternativ– fleire kan sikkert vere aktuelt å diskutere.                                                                                                                                 

  • Styret i friidrettsgruppa hadde ei grundig drøfting av saka på møtet 06.01.15.

    På grunnlag av drøftingane i friidrettsgruppa og tidlegare vedtak i ØIL var det utarbeidd eit utkast til framlegg for styret.

Styret hadde ei grundig drøfting av saka:

Samrøystes vedtak:

Styret i ØIL viser til vedtak frå kommunestyret 16.12.14 knytta til handlingsplan for idrett og fysisk aktivitet der anlegg for friidrett er prioritert, og der midlar samla 3 mill. er foreslått avsett i 2016-2017

Styret i ØIL viser vidare til vedlagde samandrag for det som gjeld arbeidet med eit anlegg for friidrett vest for Sjøholt skule.  ØIL held fast på fleire tidlegare vedtak om at anlegget må innehalde 400m løpebane med min. 4 baner. Vidare må det innafor banearealet og eventuelt i nær tilknyting utanfor vere areal nok til alle aktuelle tekniske friidrettsøvingar. Dette vil etter ØIL sitt syn kunne kombinerast med areal for andre aktivitetar innan idrett og skuleformål som t.d. volleyball, fotball, ulike typer leikeareal og aktivitetsområde til bruk både i skuletida og til disposisjon elles til idrettsaktivitetar. Dette vil gje eit godt kombinasjonsanlegg tilpassa dei ulike formåla der sambruk vil vere eit nøkkelord. Dette vil ikkje gje eit fullskala friidrettsanlegg, men vil tene friidrettsinteressene på ein rimeleg god måte.

 ØIL bed difor om at pågåande reguleringsarbeid v/Flataker Landskap vert definert som regulering av areala til skule- og idrettsformål. ØIL vil presisere at arealet knytta til grusbana/skuleidrettsplassen heilt sidan bygginga i 1995 skulle innehalde eit byggjesteg to for friidrettsaktivitetar.

 

ØIL bed med ovanståande som argument om å få ein fast medlem i gruppa som no arbeider med utbygging/renovering av Sjøholt skule. I saker der det er tale om samarbeid mellom kommune og frivillige lag er det i dag heilt vanleg at dei frivillege er representert i planleggingsgrupper m.m. Dette vil gje grunnlag for samspel og samarbeid der også idretten sine ønskjemål kjem tydeleg fram. ØIL bed om at leiar for friidrettsgruppa-/anleggsutvalet for tida Kjell Petter Braute vert ØIL sin representant i skulegruppa.               ØIL sin representant rapporterer fortløpande attende til styret i ØIL.

 

ØIL vil elles presisere at denne sjansen til å utvikle førnemnde areal til beste for både skule og idrettsformål ikkje må skuslast vekk.

ØIL er kjend med at planleggingsarbeidet knytta til Sjøholt skule inkl. utområdet  nærmar seg sluttfasen, og vi bed difor om at våre ønskjemål ovanfor vert iverksette straks.

ØIL vil også setje saka om friidrettsanlegg på saklista for årsmøtet i mars 2015.

Styrevedtaket vert oversendt kommunen for iverksetjing og vidareformidling til skulegruppa og Flataker Landskap.

 

Sak 4. Plasthallen. Status. Tankar vidare. Dialog med kommunen. Litt historikk:

ØIL søkte hausten 2011 om å få setje opp ein plasthall ved Ørskogbanken stadion. Hallen skulle nyttast til maskiner og utstyr. Søknaden vart imøtekomen på visse vilkår: Hallen skulle mellombels setjast opp – for 2 år. ØIL vart oppmoda om å søkje om bygging av eit permanent bygg i løpet av 2012. Dette vart ikkje gjort.

I 2013 søkte ØIL derimot om permanent løyve for hallen. Tenesteutvalet sa nei til dette. ØIL klaga på vedtaket. Klaga vart handsama i TU 23.01.14. Administrasjonen innstilte på at klaga skulle imøtekomast. TU sa nei og saka vart sendt Fylkesmannen for avgjerd.

Vedlegg: Sakspapir frå saka 23.01.14  - som gjev meir bakgrunn for heile saka.

Fylkesmannen har i brev 08.12.14 oppheva kommunen sitt vedtak og har sendt saka tilbake for ny handsaming i kommunen. Avslaget frå TU på søknaden frå ØIL var ikkje grunngjeven. Brevet ligg ved.

Neste steg vil vere ny handsaming i TU. Her kan TU vedta med grunngjeving det utvalet meiner er rett sett frå deira synsstad.

Saka har vakt interesse også i media – jf. ulike innspel i lokalavisa.                                                   ØIL ser det lite teneleg å bruke meir tid og krefter i denne saka og ser det ønskjeleg at ØIL saman med kommunen kan finne ei løysing som kan vere tenleg for alle. Ingen vil vere tent med at ei relativt lita «fillesak» skal versere i våre organ år etter år!

 

Samrøystes  vedtak:

Styret i ØIL gjer vedtak i samsvar med punkta nedanfor knytta til innspel overfor Ørskog kommune når det gjeld plasthallen ved kunstgrasbana.

  • Plasthallen får stå og tene som lager for ØIL så lenge han varer.

  • Store utbyggingar står føre knytta til Sjøholt skule og uteområdet – jf. eiga sak om anlegg for friidrett og nærmiljøanlegg for skulen. Her vil då bli endå meir utstyr som skal lagrast – utstyr som skal nyttast av skule og ØIL. Innspelet vil då vere: Kan ØIL og kommunen inngå eit samarbeid om eit permanent felles lagerbygg for diverse uteutstyr. Planlegging og plassering bør eventuelt takast saman med alt det andre som skal utførast i området. Planane om bygging av lager knytta til Ørskoghallen må også takast med i vurderingane. Når eit slikt bygg er på plass, vil plasthallen vere ute av biletet.

  • Dersom eit felles bygg ikkje vert aktuelt, må ØIL for eigen del starte planlegginga av eit permanent lagerbygg – med eventuell økonomisk støtte frå kommune og andre.

 

Sak 5. Bygging av gapahukar-Liasætra-Verahornet. Status.

Eg viser til utskrift frå møteboka 17.11.14 nedanfor:

Sak 7. Bygging av gapahukar-Liasætra-Verahornet. Vidare arbeid

Jf sak 7 frå møtet 020914. Vedtaket vart sendt LHL v/Odd Grande.

Vidare vert vist til skisser for gapahuk – overlevert frå Grande.

ØIL har også fått kopi av brev frå LHL til Liasætervegen v/Kjell Arve Lid.

Vi noterer oss noko avvik i arbeidsfordeling mm sett i høve til vedtaket 02.09.14.

Leiar ØIL har dessutan hatt samtalar med Odd Grande.

Vi har også fått brev frå Liasæterlaget om plassering.

 

Vidare framdrift vil kunne vere:

  • Semje/avtale om plassering av gapahuk i Liasæterområdet.

  • Søknad til Ørskog kommune om oppsetjing av gapahuk

  • LHL kostar materialane – rekning vert sendt LHL frå ØIL

  • ØIL etablerer dugnadsgruppe for oppføring av gapahuken – ski/trim har ansvaret.

  • Medlemmer og andre interesserte vert engasjerte i dugnadsarbeidet.

  • Same gruppe og opplegg kan nyttast i samb. med bygging av gapahuk på Verahornet.

  • Gapahukane bør byggjast i 2015 – eit viktig arbeid for heile ØIL å få gjennomført.

Vedtak:

Styret viser til vedtak i sak 7 frå møte 02.09.14 og kopi av brev 03.11.2014 frå LHL til Liasætervegen v/ Kjell Arve Lid og svar frå dei datert 13.11.14 om plassering.

Styret kunne gjerne sett plassering noko nærare Liasætra.

Leiar tek dette opp med sætreveglaget.

ØIL v/leiar ordnar med søknader til kommunen i nært samarbeid med grunneigarar i området ved Liasætra. Vidare arbeid med gapahukprosjekta vert i samsvar med oppsettet ovanfor.

 

Eg viser til oppsettet ovanfor. Søknad er sendt kommunen om bygging av gapahuken. Plasseringa ser som vist på kart.- rett nord for Liasætra v/resteplass, kasse ØIl og bom.

Når det gjeld Verahornet reknar eg med at prosjektet går sin gang.

 

I samsvar med framdriftsplan ovanfor, vert vidare arbeid og framdrift slik:

 

Samrøystes vedtak:

  • ØIL etablerer dugnadsgruppe for oppføring av gapahuken – ski/trim har ansvaret og melder tilbake til hovudstyret.

  • Medlemmer og andre interesserte m.a. representantar frå «Liasætervegen» vert inviterte til å ta del i dugnadsarbeidet.

  • Gapahuken skal byggjast i 2015 – eit viktig arbeid for heile ØIL å få gjennomført – med innviing i Friluftsåret 2015!

 

Sak 6. Tursti/løype Liasætra – Ørskogfjellet – sløyfe frå Liasætra.

Saka vart handsama sist på møte 17.11.14.

Sidan sist:

  • Kopi av brev frå Fylkesmannen 10.11.14 til Ørskog kommune VEDLEGG

  • Kort synfaring saman med J.Tomren og K.A.Lid.

  • Førespurnad til Friluftsrådet om vidare synfaring – endeleg fastsetjing av trase. ‘

    Denne synfaringa må nok kome over vinteren 2015.

  • Deretter innsending av opplysningar til Fylkesmannen og kommunen.

  • Vi håper på å få nødvendige løyve.

  • Dugnadsarbeid – sommar/haust 2015?

 

Samrøystes vedtak:

Styret i ØILtek brev frå Fylkesmannen datert 10.11.14 til vitande og vil følgje opp saka slik som skissert ovanfor. Styret vil fortløpande få orientering knytta til framdrift m.m. i saka.

 

Sak 9. Årsmøte 2015 . Påminningar. Møtet fastsett til 10.03.15.

Vi tek med frå saksdokumenta:

Vi ser litt på det som må gjerast fram mot årsmøta i 2015:

 

  • Tidfesting av hovudlaget sitt årsmøte – skal etter lovene haldast innan 15. mars

    Framlegg til dag 2015: Tysdag 10. mars – kl 19.00 – Ørskoghallen

 

  • Årsmøta i gruppene må haldast i god tid før 10. mars – helst før 1. februar 2015

Rekneskap – årsmelding – val + eventuelt andre saker skal handsamast

  • Brev til grupper og tillitsvalde vert utsendt – her får vi nyttig informasjon i tillegg til fristar. Les godt og hald fristane

 

  • Brev til valnemnda for hovudlaget sitt årsmøte vert sendt ut – her vert gjort greie for dei val som står føre og kva valnamnda si oppgåve vert.

     

  • Grupper og einskildmedlemmer som har saker til handsaming på hovudlaget sitt årsmøte 10. mars 2015, må ha levert desse til leiar seinast 2 veker på førehand.

 

  • Viktige påminningar:

     

    Idrettsregistreringa – medlemstal m.m. EIGE SKJEMA frist 1. januar 2015

    Innberetting av lønn mm til kasserer innan 1. januar 2015.

    Reviderte rekneskap frå gruppene til kasserar innan 10. februar 2015

    Alle opplysningar frå gruppene og valnemnda som skal nyttast i hovudlaget si årsmelding til leiar innan 25. februar 2015.

 

  • Viktig: Laget sine lover som har alt om årsmøta m.m. – er å finne på laget si heimeside.

 

Samrøystes vedtak (17.11.14):

Styret fastset årsmøtet for ØIL 2015 til: Tysdag 10. mars 2015 – kl 19.00 – Ørskoghallen. Styret sluttar seg elles til innhaldet i breva daterte 09.11.14 til grupper, tillitsvalde og valnemnd. Styret bed om at alle oppsette fristar vert haldne.

 

Førebuingane til årsmøta i ØIL er mange. Viktig at fristar vert haldne. Alle grupper avviklar sine årsmøte og gjev rapportar til leiar m.fl. Alle tillitsverv skal fyllast. Årsmeldingar og rekneskap (reviderte) skal gjennom systemet i samsvar med våre eigne lover.

 

Samrøystes vedtak:

Styret minner om vedtaket frå 17.11.14 og føreset at oppsette fristar vert haldne.

Saker frå gruppene til handsaming i hovudlaget sitt årsmøte: til leiar seinast 2 veker før årsmøtet.

 

 

Sak 8. «StikkUt» - nytt turopplegg – jf Telltur m.m.

Det vert vist til dokumenta i saka – brev og orienteringar. Orientering også frå leiar i ski7trim. Samordning med vårt opplegg med turbøker er under vurdering.  Frivillegsentralen har bede om ØIL vil vere med på dette opplegget ved m.a. å stille med ein person i eit StikkUt-råd:

 

Samrøystes vedtak:

Styret vedtek at ØIL engasjerer seg i dette turprosjektet og stiller med 1 person i eit StikkUt-råd. Ski/trimgruppa finn snarast fram til ein person som kan representere ØIL.

 

Sak 9. ØIL 100 år 25.02.2018. Jubileumsbok? Årsmøtesak?

Litt frå møtet 17.11.14:

Ørskog I.L. vart stifta i 1918. Dette betyr at laget rundar 100 år i 2018. 100 år bør markerast på ulik måte. Vi kan merke oss at eit nabolag rundar 100 år no i 2014. Det gjeld I.L. RAVN.

Vi har om lag tre år fram til 2018. Vi bør starte planlegging av markeringar alt no. Det gjeld sjølvsagt i første rekkje prosjekt som kan ta noko tid.

100 år kan vere rette tidspunkt å få gitt ut ei jubileumsbok (jf. Ravn). Dette krev planlegging, samling av stoff – tekst og bilete, skriving og finansiering.

ØIL drøftar saka på styremøte 17.11.14 – med ei oppfølgjing på årsmøtet 2015. Vidare bør vi starte tenking rundt eventuelle andre markeringar i jubileumsåret.

Ein skikkeleg ideduganad i styre, grupper og mellom medlemmene vil sikkert vere nyttig – før vi gjer endelege vedtak.

Samrøystes til vedtak (17.11.14):

Styret i ØIL slår fast at ØIL rundar 100 år 25. februar 2018. Styret ser det rett at dette jubileet vert markert på ulik vis.  Styret tek sikte på å leggje fram ei eiga sak alt på årsmøtet i 2015 med tanke på drøfting av utgjeving av ei jubileumsbok – ØIL 100 år.

Saka vart no drøfta på nytt og stemninga for å prøve å få laga ei jubileumsbok var klart til stades.

Samrøystes vedtak:

Styret i ØIL legg saka om jubileumsbok fram for årsmøtet 2015 til endeleg avgjerd. Boknemnd: Styret får fullmakt til å setje saman ei nemnd på 5 personar og engasjere redaktør for prosjektet. Styret får oppgåva med å arbeide fram finansieringsplan og utarbeide endeleg mandat for nemnda sitt arbeid. Boka må vere ferdig i rimeleg tid før 25.02.2018.

 

SAK 10.  Skriv og meldingar 12. januar 2015.

Følgjande skriv og meldingar vart lagt fram for styret:

 

  V: Vedlegg M: Munnleg

     a) Idrettsregistreringa – innspurt. MUNNLEG. Til orientering. Alle grupper følgjer opp.

     b) Vardebrenning 28.12.14. Tåke mm. 22 V – 3 L – 15 G – 60 Elvasti. MUNNLEG

         Til orientering. ØIL på Verahornet

     c) Rullering av plan for idrett - --- handlingsdelen – sluttresultat 16.12.14. VEDLEGG

         Til orientering. Jf vedtak k.styret 161214.

     d) Jule – og nyårshelsing frå leiar. VEDLEGG Til orientering

     e) Politiattestar – status. Orientering v/Jan Petter. MUNNLEG Til orientering. Følg opp.

     f)  Avisomtale – ymse utklipp – lokalavisa. VEDLEGG Til orientering

    g)  Reguleringsplan området ved Sjøholt skule og idrettsanlegga. VEDLEGG

         Til orientering

    h)  Nettsida – bruk – utfordringar. Nye brukarar. MUNNLEG Til orientering. Bruk sida

    i)  MOMS-refusjon ØIL 2014. VEDLEGG Til orientering. 75999 kr til ØIL

    j)  Måsøyra – aktivitetspark – fullfinansiert. MUNNLEG Til orientering

    k)  Cheerleading – NM-kvalifisering. VEDLEGG Til orientering.

    l)   Brukarmøte Ørskoghallen? Når? Reglar og rutinar bruk av hallen. MUNNLEG

         Til orientering. Møte 20. januar?

   m)  Brev frå Ørskoghallen – reglar for bruk mm VEDLEGG Til orientering

    n)  Ravn 100 år – fest mm 22. nov + arrangement 23. nov. – Leiar tok del. MUNNLEG

         Til orientering. Leiar tok del.

    o)  Handballsamlingar i Ørskoghallen – treningar o.l må vike/flytte --- MUNNLEG

         Til orientering. E-post til alle grupper

    p)  Trimfest ØIL – 2014. VEDLEGG Til orientering. Godt arrangement

    q)  Kretsting SFK + jubileumsgalla. Kortref. frå fotballgruppa. VEDLEGG

         Til orientering 4 frå ØIL

    r)   J/g 15 år SFK + J19 – nye klasser. VEDLEGG Til orientering

    s)  Nye tiltak – jf. sak frå styremøte 2. sept. 2014. MUNNLEG Til orientering. Ikkje klart

    t)   Lysløypa Brauta – repr. av straumboks – status. MUNNLEG Til orientering

    u)  Nominasjonar til kretstinget SFK. VEDLEGG Til orientering

    v)  Futsal KM m.m. MUNNLEG Til orientering. Flott arrangement

    w) Friluftsåret 2015. VEDLEGG Til orientering. Ta del – meld inn arrangement!

    x) Førstehjelpskurs 07.10 og 11.11.14. Kort oppsummering. MUNNLEG Til orientering

    y) Drifta av Ørskoghallen – driftsstyre – organisering.  MUNNLEG  Til orientering     

Samrøystes vedtak:

Skriv og meldingar tekne til vitande – jf. merknader til nokre av punkta.

 

Sak 11. Eventuelt andre saker.

 

Ørskogdagen 13. juni 2015

Invitasjon frå Frivillegsentralen e-post 09.01.15 om eventuell stand på Ørskog dagen 13. juni 2015. ØIL har hatt stand på tidlegare Ørskogdagar.

 

Samrøystes vedtak:

Styret i ØIL vedtek at laget ønskjer å delta med stand på Ørskogdagen 13. juni 2015. Eventuelle aktivitetar vert å kome attende til.

 

Møtet slutt 21.30

                                   Ref/notat på møtet: Tine Steinset                 

                                   Endeleg oppsett av møtereferat: Ragnar Bakken         

 Til slutt:

 

Hugs å bruke Ørskog I.L. si nettside:

 

www.orskogil.no

 

 

 

 

 

 

NB – VIKTIG!:

Oppfølgjing av sakene:

 

  • Sak 1 og 2:      Til orientering for alle.

  • Sak 3:              Til oppfølgjing leiar + friidrettsgruppa – Ørskog kommune.

  • Sak 4:              Leiar/styret – fotball – Ørskog kommune.

  • Sak 5:              Ski/trim + leiar.

  • Sak 6:              Styret/leiar

  • Sak 7:              Styret  + alle grupper – valnemnd m.fl.

  • Sak 8:              Styret + ski/trim - Frivillegsentralen

  • Sak 9:              Leiar/styret – årsmøte 2015.

  • Sak 10:            Alle

  • Sak 11:            Leiar/styret

     

    styre 120115  ref

     

    Alle grupper m.fl.:

  • Årsmøteførebuing

  • Idrettsregistreringa

  • Emma finne person til StikkUt

  • Emma dugnadsgruppe gapahuk Liasætra