Styremøte ØIL 2. sept. 14 MØTEBOK

 

 

 

 

 

 Nedanfor finn møteboka frå ØIL sitt styremøte 2. sept 2014:

 

 

MØTEBOK

STYREMØTE – ØRSKOG I.L.

Tysdag 2. september 2014 kl 19.00.

 

Ørskoghallen

 

Til stades:

Ragnar Bakken - Tone Oliv Misund –  Tine Steinset – Jan Petter Øvstedal - Ireen Sjøholt –  Kjell Petter Braute – Kjetil Ramsvik – Anne Grete Refsnes Tennfjord – Annbjørg Gjerde Ramsvik – Harry Klein Hulse - Heidi Balseth (vara for Emma Karoline Hanssen)

 

Møteleiar: Ragnar Bakken. Ref. på møtet: Tine Steinset.

 

Ingen merknader til innkalling – pr e-post og post (dokument).

 

Til saklista: Saklista vart godkjend + ekstra sak + ekstra meldingar.

 

Sak 1. Møtebok frå styremøte 16. juni 2014.

Møteboka var utsend på førehand. Gjennomgang av vedtaka.

 

Samrøystes vedtak:

Møteboka frå styremøte 16. juni 2014 vert godkjend utan merknader.

 

Sak 2. Vi deler nytt frå dei sju gruppene i ØIL.

Cheerleading - Fotball – Friidrett - Idrettsskulen –  Ski/Trim – Sykkel - Volleyball.

Vi informerer kvarandre og spør – om arbeidet i gruppene. Gladnytt. Utfordringar. Problem.

 

Cheerleading:

Har starta opp att. Auka aktivitet med fleire deltakarar. Fleire frå Skodje. Ny trenar. Satsar på å vere med på nosrk meisterskap komande år

 

Fotball:

Haustsesongen er i full gang med avvikling av mange kampar. A-laget slit litt – med fleire tap. Satsar vidare på ein god haustsesong. Tine fotballskule 30. og 31. august med 70 deltakarar og ca 35 instruktørar frå senior og dame. 3 futsalturneringar i koamnde sesong + 2 rundar med KM for 13 år gutar. Granulat/vedlikehald av kunstgrasbana – det kosta over 100.000.

Slåing – rydding rundt anlegga står framføre.

 

Friidrett:

Skal starte opp att med det aller første. Karusell med konkurransar er under planlegging. Må ha på plass fleire nye trenarar. Sjå elles eiga sak om framdrift nytt anlegg.

 

Ski/Trim:

Dugnad Postvegen 4. sept. –jf. postvegmarsj 14. sept. Gapahuk på Verahornet – løyve er gitt. Rydding løype Geilhaugen – Løken --- Kjetil og Magne. Telltur slår godt an – mykje besøk på postane. Noko færre trimark er selde i år. Merking av turarløyper har pågått.

 

Volleyball:

Trenarar manglar – det må på plass dersom ein skal få i gang aktivitetar for 2.-5. kl og 6.-7.kl Trim damer/herrar kan kome i gang. Aktuelt med  samarbeid med Skodje??

 

Sykkel:

Om lag 50 medl. – ønskjer fleire damer/jenter! 7 frå ØIL tok del på Birken – fleire tok merke.

 

Idrettskulen:

Aktiviteten starta opp att i dag 2. sept. i hallen. Ca 20 i alder 2-6 år møtte! Fast tysdagar + symjing etter haustferien

 

Samrøystes vedtak:

Styret i ØIL tek orienteringane til vitande.

 

Sak 3. Nye tiltak/arrangement innan ØIL.

Jf. brev til gruppene datert 30. juli 2014. Leiar hadde skissert nokre oppfordringar mm til kvar gruppe. Desse vart drøfta og vedtekne.

 

Samrøystes vedtak:

Styret vedtek oppsettet frå leiar – kvar gruppe følgjer opp:

Fotball: Viktig at alt området på og ved dei to banene vert halde i god orden, klipp – fjerne småkratt – slodde grusbana (den må ikkje få lov til å gro att) mm. Viktig at rusk og rask vert fjerna – slik at området ser pent ut. Lukke til med haustsesongen! Turneringar – cupar

 

Volleyball: Sandvolleyballbana bør no fullførast – ikkje så svært mykje att! Få i gang att aktivitetane. Arrangere turneringar?

 

Friidrett: Vi bør stå på for framdrift av anlegg. «Mase» på kommunen – ordne tippemiddelsøknad – konkret planlegging av anlegget – bruke ekstern hjelp – i nært samarbeid med ØK. Tenkje på eigne arrangement – terrengløp? – klubbmeisterskap? – idrettsmerkeprøve? – andre tiltak?

 

Ski/trim: Starte planlegging av vintersesongen – på til enkle opplegg + enkle arrangement. Turmarsjar? Andre turopplegg? Kome vidare med skiløype frå Liasætra ---- Purre på kommunen for å få fram klarsignal for å kunne gjer arbeidet!

 

Cheerleading: Kome i gang etter ferien – satse vidare!

 

Sykkel: Kan det vere aktuelt med arrangement. For vaksne? For barn?

 

Idrettsskule: Planlegge og kome i gang att med aktivitetar.

 

Sak 4.  Friidrettsanlegg – situasjonsrapport.

Orientering ved leiar og Kjell Petter Braute. Ikkje skjedd noko spesielt sidan styremøtet 16. juni. Jf. rullering av plan for idrett og fysisk aktivitet + kommunal økonomiplan mm.

 

Samrøystes vedtak:

Styret vedtek å sende uttale og brev til kommunen der følgjande vert lagt til grunn:

I samband med rullering av plan for idrett og fysisk aktivitet bed ØIL om at utbygging av friidrettsanlegg vest for Sjøholt skule vert prioritert høgast råd er.

Midlar med fordeling vert å leggje inn i planen slik det alt vart gjort i 2013.

ØIL bed om at kommunen i samarbeid med ØIL (friidrettsgruppe og hovudstyret) gjennomfører nødvendig planleggingsarbeid med sikte på førehandsgodkjenning av prosjektet i løpet av hausten 2014. Søknad om spelemidlar må fremjast for 2015 (frist 15.01.15). Då må førehandsgodkjenning og midlar lagt inn i økonomiplannen vere på plass.

ØIL ser det svært viktig at framdrifta med dette prosjektet vert god – gjerne parallelt med planlegging Sjøholt skule sitt uteområde.

ØIL ser det ikkje rett å la planlegginga av fridrettsanlegget stå på vent – då vi registerer klare signal frå fridrettsmiljøet: Saka hastar – vi er utolmodige – vi er 60-70 barn/ungdommar og trenarar som ser på anlegget som uhyre viktig for å halde oppe og vidareutvikle arbeidet i denne gruppa i ØIL.

ØIL ser dette prosjektet som eit særs viktig bidrag til å auke breidda i tilboda innan laget ØIL og styrke barne-og ungdomsarbeidet i kommunen vår.

 

Sak 5. Fordeling av midlar - grupper – hovudstyret.

Midlar til fordeling:

  • Kulturmidlar Ørskog kommune:        70.000

  • Gåve Ørskog sparebank:                   45.000

  • STUI – LAM-midlar:                        89.332

  • Grasrotmidlar t.o.m. Mai 13:              50.646..........   Samla 254.978

  • Sponsormidlar Ørskog sparebank ..........................                20.000

     

    Samrøystes vedtak:

  • Cheerleading:            20.000

  • Fotball:                      90.000

  • Friidrett:                    15.000

  • Idrettsskulen:               5.000

  • Ski:                             20.000

  • Trim:                            5.000

  • Sykkel:                       20.000

  • Volleyball:                  10.000

  • Hovudstyret:              69.978.......................             Samla 254.978

     

    Bruk av 20.000 sponsormidlar:

  •  Hovudstyret:              5.000

  • Cheerleading:             5.000

  • Friidrett:                   10.000 ………............              Samla: 20.000

 

Sak 6. Ørskogfjellet som friluftsområde – tursti/løype Liasætra –    Ørskogfjellet – sløyfe frå Liasætra. Eventuelt nytt?

Leiar orienterte. Skråløypa frå Liasætra over Løken mot Steinsetsætra – dokument sendt til Fylket og vi ventar på klarsignal om det er ok at ein ryddar og byggjer bru over osen slik at ein får til ei rundløype med tanke på vinterbruk. Ikkje noko nytt i samarbeidet med Vestnes og Skodje. Jf elles sak tidlegare – seinast 16. juni 2014.

Leiar har bede Ørskog kommune om å purre på eit svar frå Molde – e-post 16.08.14.

Så langt – ikkje noko nytt derifrå.

 

Samrøystes vedtek:

Styret tek orienteringa til vitande.

 

Sak 7. Bygging av gapahukar – Liasætra – Verahornet.

Leiar LHL Odd Grande var til stades og orienterte om:

  • LHL sitt arbeid – og bidrag til ulike prosjekt i nærmiljøa.

    LHL vil stå som samarbeidspartnar med ØIL om bygging av ein gapahuk nær Liasætra LHL vil koste alle materialer ca 12.500 (- feste). LHL avtalar med grunneigarar og får på plass nødvendige løyve (kommunen) til å setje opp gapahuken.

    ØIL drøfta sin del av prosjektet – bygginga av gapahuken.

    ØIL sine planar knytta til ein gapahuk på Verahornet står ved lag.

 

Samrøystes vedtak:

Styret rettar stor takk til LHL for tilbodet om bidrag til bygging av ein gapahuk på/ved Liasætra. Følgjande vert lagt til grunn:

  • LHL v/Odd Grande avtaler og gjennomfører synfaring saman med grunneigarar med sikte på å finne ein eigna stad for gapahuken.

  • LHL v/Odd Grande får på plass alle nødvendige løyve knytta til prosjektet.

  • LHL bidreg med kostnader knytta til materialane ca 12.500 kr.

  • ØIL står for bygginga av gapahuken – gjennom dugnad og eventuelt innleigd hjelp.

ØIL sine planar om bygging av ein gapahuk på Verahornet står ved lag og skal gjennomførast.

Ski-/trimgruppa vil saman med hovudstyret vere sentrale i samband med gjennomføringa av desse to prosjekta.

 

Sak 8. Bruk av Ørskoghallen 2014-2015 – søknad – fordeling innan ØIL.

Ragnar orienterte om utlysing og felles søknad – datert 10.08.14. ØIL er einaste søkjar og vil få tildelt bruk av hallen i samsvar med søknad – same som sist år.

Ireen orienterte om gruppene sine ønskje så langt. Førebels oppsett vart lagt frm.

Gjennomgang av ønskja – justeringar m.m. Det ser ut som kabalen vil gå opp!. Dette takka vere at mange av fotball-laga vil nytte kunstgrasbana.

 

Samrøystes vedtak:

Styret viser til søknad om behov for tid i hallen 2014-2015 – datert 10.08.14.

Styret tek gruppene sine ønskje med i arbeidet med ei endeleg fordeling av tider i hallen.

Ireen Sjøholt – saman med leiar ØIL – utarbeider endeleg oppsett – dette vert å sende alle grupper og dagleg leiar for Ørskoghallen. Styret vil elles minne alle brukarar om reglar og rutinar knytta til bruken av hallen. Dagleg leiar arrangerer brukarmøte

Sak 9. Drifta av Ørskoghallen – organisering – nedlegging av driftsstyret?

Orienteringssak. Saka vart handsama i kommunestyret torsdag 19. juni.

Fleirtalet i formannskapet gjekk inn for å legge ned driftsstyret – mindretalet på tre gjekk inn for å behalde driftsstyret. I kommunestyret kom framlegg om å utsetje saka – innhente uttalar frå driftsstyret og brukarar. Deretter ny handsaming.

 

Samrøystes vedtak:

Styret viser til orientering og vedtak i k.styret 19.06.14 og tek dette til orientering. Styret reknar med å kome attende til saka gjennom uttale.

 

Sak 10. rullering av kommunedelplan for idrettog fysisk aktivitet. Handlingsdelen.

Leiar orienterte og viste til gjeldande plan. Uttalefrist 20.sept. Det vert elles vist til sak 4 om friidrettsanlegg.

 

Samrøystes vedtak:

Styret i ØIL vedtek:

I samband med rullering av plan for idrett og fysisk aktivitet bed ØIL om at utbygging av friidrettsanlegg vest for Sjøholt skule vert prioritert høgast råd er.

Midlar med fordeling vert å leggje inn i planen slik det alt vart gjort i 2013! Samla 4,5 mill.

ØIL bed om at kommunen i samarbeid med ØIL (friidrettsgruppe og hovudstyret) gjennomfører nødvendig planleggingsarbeid med sikte på førehandsgodkjenning av prosjektet i løpet av hausten 2014. Søknad om spelemidlar må fremjast for 2015 (frist 15.01.15). Dette inneber i realiteten at friidrettsanlegget vert prioritert høgst av prosjekt som ikkje alt er gjennomført eller påstarta.

 

Sak 11. Bytte/salg av brukt idrettsutstyr.

Det har kome ønskje om å arrangere ein «bytte-salsdag» for brukt idrettsutstyr.

Saka vart drøfta som ekstra sak på dette møtet.

 

Samrøystes vedtak:

Styret vedtek at ØIL arrangerer ein «bytte-salsdag» for brukt idrettsutstyr.

Komite som planlegg og gjennomfører snarast råd:

Ireen Sjøholt (leiar) – Merete Refsnes – Tone Misund

 

Sak 12. Skriv og meldingar.

Følgjande skriv og meldingar vart lagt fram for styret:

 

 V: Vedlegg M: Munnleg

 

  1. Nyhetsbrev frå Idrettskretsen. VEDLEGG. Gjennomgang/til orientering.

     

     b) Lagerhall/plasthall – noko nytt? MUNNLEG. Ikkje noko nytt.

 

     c) Aktivitetsmidlar m.m. – følg med på NIF si heimeside – MRIK. VEDLEGG Til orient.

 

    d) Sandvolleyballbaner – renovering – dugnad – økonomi. MUNNLEG   Til orientering     

  

    e) Politiattestar – status. MUNNLEG.

         Orientering ved Jan Petter. Alle aktuelle må ha attest.

 

    f)  Avisomtale – ymse utklipp – lokalavisa. VEDLEGG Til orientering

 

    g)  Grasrotandelen – situasjonsrapport. VEDLEGG Til orientering

 

    h)  Nettsida – bruk – utfordringar – vi satsar på endå meir bruk! Nye brukarar. MUNNLEG

         Oppmoding til alle grupper m.fl: Bruk sida.

 

  1. Vare- og tenestemoms 2014 – frist 15. august. Søknad. VEDLEGG. Innsendt.

     

    j)  Møterunden 2014 arr. Fylkeskommunen VEDLEGG. Kjell Petter – Kjetil møter.

 

    k) Nøklar – nøkkelkort Ørskoghallen. VEDLEGG Alle grupper går gjennom lista!

 

    l)   Ørskog sparebank –kontoar – jf nye reglar- opprydding. MUNNLEG. Alle ordnar opp.

 

   m)  LAM- midlar tildeling 2014 VEDLEGG Til orientering

 

    n)  Dugnader – stell av anlegg. MUNNLEG. Alle gjer sitt!

 

    o)  Norway Cup 2014 – deltaking frå ØIL VEDLEGG Til orientering

 

    p)  Leiar ØIL i Fotballheftet 2014 VEDLEGG. Til orientering

 

    q)  Måsøyra, planar og opparbeiding. Notat til orientering. VEDLEGG. Til orientering

 

    r)  Dugnad Postvegen 4. september. VEDLEGG. Til orientering

 

    s) Postvegmarsjen – ØIL trim medarrangør. VEDLEGG Til orientering

 

    t)  Midlar frå Tafjord – volleyballgruppa – 5000 kr.VEDLEGG Til orientering

 

    u) Reglar mm – bruk av Ørskoghallen.VEDLEGG . Alle grupper føljer opp

 

    v) Futsal KM 2014 – arr. v/ØIL MUNNLEG. Til orientering

 

   w) Nyhetsbrev – august 2014. VEDLEGG. Til orientering

 

   x)  Idrettsmerketaking VEDLEGG. Ski/trim følgjer opp

 

   y)      Fotballhefte 2014 VEDLEGG Til orientering

 

  z)       Cup Vigrahallen VEDLEGGTil orientering

 

  æ)      Langrenn – idretten for alle i heile fylket VEDLEGG. Til orientering

 

  ø)       Miniturneringar fotball VEDLEGG. Til fotball

 

å)         Idrettsråd – noko for Ørskog? VEDLEGG. Lite aktuelt i Ørskog

 

Samrøystes vedtak:

Skriv og meldingar tekne til vitande – jf. merknad/vedtak til nokre av punkta.

 

Sak 13. Eventuelt andre saker.

Ingen saker utover sak ført som nummer 11 framføre..

 

Inga sak på dette saksnummer

 

 

 

Møtet slutt 21.30

 

                                   Ref/notat på deler av møtet: Tine Steinset             

 

                                   Endeleg oppsett av møtereferat: Ragnar Bakken      

 

 

Til slutt:

 

Hugs å bruke Ørskog I.L. si nettside:

 

www.orskogil.no

 

 

NB – VIKTIG!:

Oppfølgjing av sakene:

 

  • Sak 1 og 2:     Til orientering for alle.

  • Sak 3:             Til orientering for alle.

  • Sak 4:             Styret + alle grupper – friidrett – Ørskog kommune mfl (brev).

  • Sak 5:             Styret /kasserar + alle grupper.

  • Sak 6:             Styret

  • Sak 7:             Styret  - ski/trim – Odd Grande LHL

  • Sak 8:             Styret + alle grupper

  • Sak 9:             Alle.

  • Sak 10:           Fotballgruppa

  • Sak 11:            Styret + 3 personsutval

  • Sak 12:           Alle grupper + styret