Drift av Ørskoghallen

Saka har vore svært aktuell siste tida. Administrasjonen i kommunen la fram tilråding om at driftsstyret for hallen skulle leggjast ned frå 1. juli 2014. Fleirtalet i f.skapet støtta dette. I kommunestyret vart saka utsett med tanke på at det skal førast drøftingar/samtalar mellom kommunen og driftsstyret før saka på nytt skal politisk handsamast. alle brukaruttalane har vore eintydige: Driftsstyret må halde fram!

Saka har skapt stort engsjement. ØIL sitt standpunkt har vore klart heile vegen. Brukarane må ha dette organet - driftsstyret.  På denne måten kan frivillig arbeid og kommunal innsats sameinast og samkøyrast til beste for dei mange brukarane av hallen.

ØIL vonar at endeleg utfall i saka framleis vil ta omsyn til brukarinteressene gjennom å halde på eit driftsstyre for hallen.

 

RB