Gledeleg nytt i 2012. Ø.I.L. har fått på plass ei gruppe for friidrettsaktivitetar. Dette kom etter ønskje frå «grasrota» og nokre tidlegare aktive. Vi må fleire ti-år attende for å finne eit aktivt miljø innan friidrett i Ørskog. Les meir her: Friidrett, intro

Anlegg for friidrett

Anlegg for friidrett knytta til ØIL er under planlegging.

ØIL gjorde vedtak på sist årsmøte og har no sendt brev til kommunen om å setje saka på dagsorden.

Ørskog kommune,

Rådhuset

6240 Ørskog

 

FRIIDRETTSANLEGG – ØRSKOG I.L.

I 2012 vart ei eiga gruppe for friidrett oppretta innan Ørskog I.L.

Interessa mellom barn og unge for denne idretten har vist seg å vere stor.

60-70 har teke del på samlingar og treningar – leia av ivrige leiarar/trenarar.

Fleire vaksne har teke del på trenarkurs mm.

I 2012 oppretta ØIL ei ei gruppe/nemnd som sidan har arbeidd med planar for å få til eit utandørsanlegg for friidrett i Ørskog. Jf. vedlegg.

Saka har fleire gongar vore handsama i ØIL sitt styre. Jf. vedlegg.

På laget sitt årsmøte 12. mars 2013 stod saka på kartet. Jf. vedlagde særutskrift m.m.

Anleggsgruppa har kome eit langt steg vidare og årsmøtet gjorde sine prioriteringar knytta til val av utbyggingsalternativ.

ØIL ønskjer ei utbygging knytta til grusbana og området vest for Sjøholt skule.

Utbygginga kan reknast som ei vidareføring av prosjektet med grusbane frå ca 1995.

Føreliggjande prosjekt kan kallast byggesteg nr 2.

 

ØIL ser det svært viktig å få til eit godt og fruktbart samarbeid med Ørskog kommune og Sjøholt skule. Sjøholt skule har vore/er med i anleggsnemnda.

Vi inviterer no Ørskog kommune til å kome på bana.

Prosjektet må bli eit samarbeidsprosjeket – der Ørskog kommune står som byggherre.

 

ØIL ser det difor rett ut frå vedtaket på årsmøtet å sende saka over til kommunen slik at vi der kan få gjort dei nødvendige vedtak før planarbeidet held fram.

 

ØIL viser til:

  • Relevante saksdokumet frå arbeidet til ØIL si anleggsnemnd.

  • Saksutgreiing til årsmøtet 12. mars 2013.

  • Særutskrift av møteboka til ØIL sak 8 på årsmøte 12.03.2013.

 

ØIL ser det rett å be Ørskog kommune setje prosjektet på sakskartet – slik at vi kan få ei avklaring om og på kva måte kommunen saman med ØIL kan greie å realisere draumen om eit godt eigna anlegg for friidrett i kommuen vår.

Fleire spørsmål må avklarast – m.a.:

  • Kommunen si evne og vilje til å satse på prosjektet.

  • Plassering – bruk av grusbane og nærtliggjande areal. Eventuelle mindre reguleringsendringar?

  • Omfang/alternativ for utbygging.

  • Kostnader – finansiering – fordeling av kostnader – tippemidlar m.m.

  • Kommunal prioritering – økonomiplan - budsjett.

  • Kommunen som byggherre – jf MVA-reglane.

  • Oppretting av ei plannemnd – med deltaking frå ØIL og skulen.

  • Framdrift. ØIL ønskjer at prosjektet bør kome med i økonomiplanen ved handsaminga seinare i år (september 2013).

  • Kanskje kan prosjektet kome med i 2014? Det er sterkt ønska.

 

Lista ovanfor kunne sikker ha vore utvida.

ØIL er sjølvsagt optimistiske og vonar på ei positiv haldning frå kommunen si side.

 

Vi er også utolmodige for snarast å få på plass eit anlegg for fridrettsinteresserte gutar og jenter i Ørskog. Anlegget vil verte eit flott tilskot til anlegga som alt er på plass i området.

 

Med dette vert saka sendt kommunen for handsaming.

ØIL – spesielt ved vår eigen anleggskomite – står heile vegen til disposisjon for drøftingar, spørsmål m.m.

 

 

6240 Ørskog, 19. mars 2013.

 

Med helsing

 

Ørskog I. L. - Ragnar Bakken – leiar -

 

 

øil friidrett120313anlegg

 

 

Kopi:

Styret Øil

Anleggsgruppa friidrett