Ørskogbanken på web
Ørskogbanken er generalsponsor for fotballgruppa og Ørskogbanken stadion

FOTBALLFEST 14. JANUAR 2014

Ørskog I.L.:

FOTBALLFEST MED FULLT HUS! 

Stor stemning og fullt hus då fotballgruppa i Ørskog I.L. inviterte til avslutningsfest for sesongen 2013.

Det har vorte ein flott, årviss tradisjon å samle alle frå aldersbestemte lag innan fotball til ei slik markering. Her fekk vi oppleve premieutdeling, loddsal med masse gevinstar, kiosksal med mat og drikke, opptreden av cheerleadinggruppa innan ØIL og ikkje minst eit par timar med skikkeleg sosialt samvær mellom unge og dei vaksne. Spelarar frå 6 – 16 år – gutar og jenter – kom saman med foreldre, trenarar, leiarar, besteforeldre og søsken – og meir til. Ørskog I.L. stilte med 8 lag i jenteklassane og 8 lag i guteklassane i 2013. Eit stort antall vaksne skal til for å få alle brikkene på plass i løpet av ein sesong. Vi slår fast at denne innsatsen frå foreldre og mange attåt er heilt nødvendig for at hjula skal gå rundt.

Leiaren i ØIL – Ragnar Bakken – saman med leiar i fotballgruppa Ireen Sjøholt hadde alliert seg med to frå seniorlaget Raoul Henrik lid og Tom Smith Nilsen til å stå føre presentasjon av spelarar, utdeling av fotballpremie til alle og blomster til trenarar og legleiarar. Publikum var godt med og ga dei ulike aktørane velfortent applaus.

Jentelaga: Jenter 7 år, jenter 8 år, jenter 9 år, jenter 10 år, jenter 11 år, jenter 12 år, jenter 14 år og jenter 16 år. Gutelaga: Gutar 6 år, gutar 7 år, gutar 8/9 år, gutar 10 år, gutar 12 år gutar 13 år, gutar 14 år og gutar 16 år. Rundt 200 gutar og jenter har vore aktive på desse 16 laga – verkeleg imponerande når vi tek omsyn til talet på barn/unge i desse årsklassane i Ørskog kommune.

Mange av desse er også aktive innan andre grupper i ØIL t.d. cheerleading, idrettsskule, volleyball, ski og friidrett. Eit flott og populært innslag under festen var cheerleadingjentene sine akrobatiske hopp og løft til fengjande musikk. Takk til gruppa med sine leiarar! Talet på spelarar i dei ulike årsklassane varierer – mykje ut frå størrelsen på årskulla – slik at litt «lån» av spelarar mellom årssstega må til. På den måten får flest mulig eit tilbod.

ØIL har i dag gode forhold for fotball – Ørskoghallen og kunstgrasbana viser seg å vere rette og gode investeringar i det å kunne gje aktivitetstilbod til mange! ØIL takkar i same rennet hovudsponsoren Ørskog sparebank for god støtte!

PremieutdelingA gjekk effektivt unna – laga stilte opp inne på parketten saman med sine trenarar/lagleiarar. Alle fekk namna sine opplesne og premiar vart tildelt. Her stilte alle likt – like premiar og like mykje applaus til kvart lag! Undervegs ga mange uttrykk for at dei satsar også på sesongen 2014 – flott! Olav Martin Amdam var primus motor for merketaking mellom dei aktive i 2013. Merke og diplomar vart utdelte. Takk til han for denne ekstrainnsatsen!

Fotballgruppa treng heile vegen pengar – difor pause med loddsal og gevinstar. Vi kan melde at alle lodda gjekk unna. Skikkeleg bra – med takk for støtte!

Ragnar Bakken takka til slutt alle frammøtte for innsats i 2013 – med ei særleg takk til fotballstyret med Ireen i spissen, trenarar, lagleiarar, foreldre og andre støttespelarar.

Mange ga elles uttrykk for at dette var ein skikkeleg kjekk kveld!

Med desse inntrykka køyrde folk heim og ein effektiv ryddegjeng tok over.

Vi satsar på ein flott 2014 sesong og ny fest om eitt år!

 RB

 

 JENTER 12 ÅR - 2013 - FÅR VELFORTENT PREMIE OG APPLAUS!

Send aktuellt stoff til sida!
Klikk på knappen for å sende stoff til sida!
Besøk supportersida
Link til "Murerane.com"