Ørskogbanken på web
Ørskogbanken er generalsponsor for fotballgruppa og Ørskogbanken stadion

Romjulsmoro...

Vinnar i dameklassa: Reitane senioritas

Då finalen i KM for sju veker sida vart spela, var det femten stakkars mennesker frå heilt andre grendelag på tirbuna i Ørskoghallen. Under finalane til Grendacup -2013 var det knappt om plass for alle som ville vere med.....Mest ørskogbygderar, men også utflytta, inngifta og besøkande frå inn- og utland.

Grendacupen har blitt ei høgtid i høgtida.... Frå klokka bikka ti til det heile var ferdig i fire-tida, var stemninga på topp. Nytt av året var futsal-ball og futsal-mål. Så kan ein sjølvsagt vere for eller imot dette: Små mål gir ferre målscore.-Spesielt når kampane er korte.... Men opplevingane av teknikk og magi er større med ein ball som kan kontrollerast på hard speleflate....

 

-Og taktikken for ein grendacup kan vere så mangt: gjerrig spel med sikkert forsvar para med raske overgangar såg ut til å vere ein gjengangsmelodi i år. Ein annan taktikk er å spele på motstanderen strekk: Ei lett oppgåve når viljen er større enn treningsgrunnlaget.  Av høgdepunkt kan ein sjølvsagt finne mange. Alle desse kan ikkje retast opp her, så vi lar minnet dvele med to mål på rappen av ein 55-årig sveisekuntstnar som neppe er komen ned på jorda att enno, nokre multiredningar av eit par keeperar og nokre lekkerbiskenar av nokre mål som såg elegante og lette ut.

 

Vi gratulerer Reitane senioritas og Lande FK med titlar, set inn linken til livescore, takkar Frode Balseth for bilder og ønsker velkomen til ny romjulsmoro om eit år.

 

Send aktuellt stoff til sida!
Klikk på knappen for å sende stoff til sida!
Besøk supportersida
Link til "Murerane.com"