Fellesturar i sykkelklubben

Fellesturane til sykkeklubben held fram utover hasten.

Dette er turar som går kvar onsdag med start frå Fysiotrimmen. Turane har ikkje anna mål enn at fleire interesserte kan ta ein tur i lag. Lengde og vanskegrad vert gjeve utifrå kven som dukkar opp. Det er med andre ord ikkje nødvendig å inneha noko sværande god form for å bli med her. Turen har normalt starta kl 1800 men dette vil vanligvis bli endra suksessivt med tidlegare mørke kveldar.

Oppdaterte tider finn de på klubben si facebook side.  

Det er allereie i ferd å bli mørkt tidlegare om kveldane og dermed er behovet for lys/markering aukande. 
Husk å bruke lys på sykkelen. Gjerne både framover (kvitt) og bakover (raudt). Bruk også klede som er godt synlige i trafikken og gjerne refleksvest ytterst. 

Med tanke på skriveria i avisene der nokre bilistar legg fram syklistar som ei pest og ei plage i trafikken, så skal vi gjere det vi kan for å vere tydelig for bilistane.Om ikkje bilistane vil dele vegen med andre så slår vi andre køyrande eit slag for tolleransen og deler gjerne vegen med bilistane.

Ha ein strålande tur :-)