Underkategoriar

 Fotballen engasjerer mange i Ø.I.L. Gruppa har aktive gutar og jenter frå 7-årsalderen og vidare inn i vaksen alder. Hovudtyngda av spelarar finn vi i grunnskulealder – 6 – 16 år. Vi reknar at godt over 200 aktive er knytta til Ø.I.L. si fotballgruppe. Fotballgruppa, intro.

Gledeleg nytt i 2012. Ø.I.L. har fått på plass ei gruppe for friidrettsaktivitetar. Dette kom etter ønskje frå «grasrota» og nokre tidlegare aktive. Vi må fleire ti-år attende for å finne eit aktivt miljø innan friidrett i Ørskog. Les meir her: Friidrett, intro

Volleyballaktivitetar for gutar og jenter – barn og vaksne – er målsetjing og målgrupper for denne gruppa i Ø.I.L. Talet på aktive har variert noko gjennom dei åra som ligg bak.  Les meir:Volleyball-intro

Frå 2011 vart skigruppa og trimgruppa slått saman. Årsaka var manglande rekruttering innan ski. Ski har derimot lange tradisjonar i laget – heilt tilbake til skipinga i 1918. Ø.I.L. har hatt gode aktørar både i langrenn, hopp og alpint. Les meir:Ski / trim -intro

I ei rekkje år har Ø.I.L. hatt eit eige aktivitetstilbod for dei aller yngste – frå 3 år og opp til  7-8 års-alderen. Aktivitetane er allsidige: Innandørs i Ørskoghallen, i bassenget ved Sjøholt skule – eller ute i naturen.

Aktivitetane er allsidige: Innandørs i Ørskoghallen, i bassenget ved Sjøholt skule – eller ute i naturen.  Les meir:

Idrettsskulen -intro

ØRSKOG IDROTTSLAG (ØIL) vart skipa 24. februar 1918. Laget rundar såleis 94 år i 2012 – og kan førebu seg på 100-årsmarkering i 2018.

 Ørskog IL