Ørskogbanken på web
Ørskogbanken er generalsponsor for fotballgruppa og Ørskogbanken stadion

Dei viktigaste anlegga:

Ørskoghallen stod ferdig i 2008. ØIL stilte med 4 millionar innsamla midlar og om lag 5000 dugnadstimar verdt 1,5 millionar. Hallen vart offisielt opna i 2009. Han er eit stort aktivum for ØIL og innbyggjarane i Ørskog.

 

Kunstgrasbana vart bygt på grasbana frå 1978 og vart teken i bruk i 2010. Offisiell innviing var i  august 2011. Totale kostnader vart i overkant av 7 mill. ØIL har stått for ca 1,7 mill. av desse.

Sandvolleyball-banene ligg midt i idrettsanlegget. Desse vart anlagt på 90-talet, og er mykje brukt heile den lyse årstida.

 

Grusbana vest for Sjøholt skule. Dette er eit samarbeidsprosjekt mellom skulen og ØIL. Bana kom på plass midt på 1990-talet.

 

Skiløypene frå Geilhaugen til Svartløkområdet – med lysløype sør for Sjøholtsætra. Dette er godt preparerte løyper som vert mykje nytta.

Auka parkeringskapasitet ved Geilhaugskiftet er no på plass.

 

Turkassene – som ski/trimgruppa har ansvaret for. Dette tiltaket er med på å få folk ut på tur.

 

Symjebassenget ved Sjøholt skule vert også nytta av ØIL.

 

Friidrettsanlegg. Arbeidet med å få dette på plass har starta. Årsmøtet 2012 valde ei nemnd som skal stå for arbeidet i nært samarbeid med skulen og kommunen. Anlegget må plasserast i tilknyting til grusbana vest for Sjøholt skule. Ei omregulering må truleg på plass først.

 

Naturen rundt oss gjev godt høve til å drive friluftsaktivitetar både sommar og vinter! Mange nyttar seg av dette!