Friidrett, intro

Gledeleg nytt i 2012. Ø.I.L. har fått på plass ei gruppe for friidrettsaktivitetar. Dette kom etter ønskje frå «grasrota» og nokre tidlegare aktive. Vi må fleire ti-år attende for å finne eit aktivt miljø innan friidrett i Ørskog. På 70- og 80-talet hadde laget fleire gode utøvarar.

Gruppa har hatt ein fin start med 60-70 interesserte gutar og jenter. Her er utfordringar i det å gje desse eit attraktivt og kvalitativt godt tilbod. Vi ønskjer gruppa lukke til!

Anlegg – innandørs:             Ørskoghallen.

Anlegg utandørs:             Vi har i dag ikkje anlegg for friidrett i Ørskog. Ei nemnd frå friidrettsgruppa                                     har starta arbeidet med å få retta på dette. Målet er eit anlegg knytta til arealet                                     rett vest for Sjøholt skule der vi i dag har ei grusbane. Friidrett, fotball og                                skulen må her samarbeide med kommunen.

                                    Ei omregulering av området må truleg gjerast.

Fotballgruppa, intro.

FOTBALL:

Fotballen engasjerer mange i Ø.I.L. Gruppa har aktive gutar og jenter frå 7-årsalderen og vidare inn i vaksen alder. Hovudtyngda av spelarar finn vi i grunnskulealder – 6 – 16 år. Vi reknar at godt over 200 aktive er knytta til Ø.I.L. si fotballgruppe.

Vi har hatt deltakande lag i SFK sitt seriesystem sidan 1950-talet. Jentefotballen har særleg blomstra site 10-åra. Påmelde lag i seriesystemet har siste åra vore om lag 20. I 2012-sesongen står vi dessverre utan seniorlag på herresida. Dette må bli kortvarig! Mest årvisst har lag frå Ø.I.L. delteke i Norway cup og andre turneringar.

For å kunne gje tilbod til så mange, krevst ei rekkje tillitsvalde, trenarar og støttespelarar. Vi er glade og takkar for at så mange stiller opp!

Anlegg – innandørs:             Ørskoghallen – ferdig 2008.

Anlegg utandørs:             Ørskogbanken stadion – kunstgras frå 2011 (naturgras frå 1978).

                                        Grusbane + ballbingar ved skulane.

Ørskog IL - Introduksjon

ØRSKOG IDROTTSLAG (ØIL) vart skipa 24. februar 1918. Laget rundar såleis 94 år i 2012 – og kan førebu seg på 100-årsmarkering i 2018.

Laget sine lover vart fornya gjennom vedtak i laget 10. nov. 1986 – og endra seinast 13. mars 2003.

 

I §1 finn vi følgjande føremålsordlyd:

«Laget skal ved samarbeid og kameratskap arbeide for å fremje idrett i sunne former.»

 

Ørskog I.L. prøver å femne breitt og få til tilbod om fysisk aktivitet for innbyggjarar i Ørskog – med hovudvekt på aktivitetar for barn og unge. Gjennom dei over 90 åra som ligg bak, har nok skiaktivitetane vore til tider dominerande. Laget har hatt fleire utøvarar som har hevda seg godt langt utover eige lag. I dei siste 10- åra har fotballen engasjert flest – særleg mellom dei yngste.

I dag har laget tilbod om eit breitt spekter av aktivitetar.

 

I 2012 (frå årsmøtet mars 2012) har ØIL 7 undergrupper skipa i høve ulike idrettsgreiner og aktivitetar. Gruppene er relativt sjølvstyrte – mykje er delegert frå hovudstyret.

 

-                    Cheerleading – Kontaktperson

-                    Fotball –  Kontaktperson

-                    Friidrett –  Kontaktperson

-                    Idrettsskule –  Kontaktperson

-                    Ski/trim –  Kontaktperson

-                    Sykkel –  Kontaktperson

-                    Volleyball –  Kontaktperson

Leiarane i dei sju gruppene saman med arbeidsutvalet utgjer hovudstyret for laget.

Friidrettsgruppa vart gjenoppretta på årsmøtet 2012 etter å ha lege nede i fleire tiår.

Sykkelgruppa vart også formelt skipa på dette årsmøtet – eit heilt nytt tilbod i ØIL si historie.

 

 

Ved årsskiftet 2011/2012 hadde laget 532 medlemmer – noko som er ny klubbrekord!

Ein vesentleg del av desse er barn og unge.

Laget har plass til fleire – både aktive og støttemedlemmer!

Grunnkontingent for 2012 er 50 kr + aktivitetstillegg som gruppene sjølve vedtek.

 

Dei viktigaste anlegga:

Ørskoghallen stod ferdig i 2008. ØIL stilte med 4 millionar innsamla midlar og om lag 5000 dugnadstimar verdt 1,5 millionar. Hallen vart offisielt opna i 2009. Han er eit stort aktivum for ØIL og innbyggjarane i Ørskog.

 

Kunstgrasbana vart bygt på grasbana frå 1978 og vart teken i bruk i 2010. Offisiell innviing var i  august 2011. Totale kostnader vart i overkant av 7 mill. ØIL har stått for ca 1,7 mill. av desse.

 

 

Grusbana vest for Sjøholt skule. Dette er eit samarbeidsprosjekt mellom skulen og ØIL. Bana kom på plass midt på 1990-talet.

 

Skiløypene frå Geilhaugen til Svartløkområdet – med lysløype sør for Sjøholtsætra. Dette er godt preparerte løyper som vert mykje nytta.

Auka parkeringskapasitet ved Geilhaugskiftet er no på plass.

 

Turkassene – som ski/trimgruppa har ansvaret for. Dette tiltaket er med på å få folk ut på tur.

 

Symjebassenget ved Sjøholt skule vert også nytta av ØIL.

 

Friidrettsanlegg. Arbeidet med å få dette på plass har starta. Årsmøtet 2012 valde ei nemnd som skal stå for arbeidet i nært samarbeid med skulen og kommunen. Anlegget må plasserast i tilknyting til grusbana vest for Sjøholt skule. Ei omregulering må truleg på plass først.

 

Naturen rundt oss gjev godt høve til å drive friluftsaktivitetar både sommar og vinter! Mange nyttar seg av dette!

 

Har du spørsmål, idear og framlegg i høve drifta av ØIL ta gjerne kontakt med oss.

Leiarane i gruppene kan kontaktast – eller du kan kontakte leiaren i ØIL.

 

Ragnar Bakken – 70270063/90205435 – Denne e-postadressa er beskytta mot program som samlar e-postadresser. Du må aktivere javaskript for å kunne sjå den.

 

Oppdatert pr mai 2012.

Besøk supportersida
Link til "Murerane.com"