Ørskog sykkelklubb på øytur i havgapet.

Ørskog sykkelklubb er Ørskog IL si sykkelgruppe og i samband med Friluftslivets år inviterte klubben store og små til sykkeldag på Haramsøya i Haram kommune.  Sissel Nogva Refsnes er oppvaksen på øyane og ho og mannen Jan Arild Refsnes var klare med planlagte turalternativ og eingongsgrillar.

 

Det var knytt stor spenning til oppmøtet og ein kunne med stor glede konstatere at heile 17 personar kom til øya. I strålande solskin tok dei sprekaste turen over fjellet via Haram til Ulla fyr medan dei som ynskte ein meir bedageleg tur sykla beine vegen til Ulla. Rett nok med ein avstikkar til  Sandvika for å sjå på dei flotte sandstrendene på nordsida av Longva.

 

Tilbake på Ulla fyr møttest alle for ein trivelig grillstund, før den sprekaste delen av gjengen tok runden rundt Longva. Ein fabelaktig flott dag både vermessig og opplevingsmessig der praten gjekk lett om at dette nok var ein tur enda fleire kunne hatt glede av å delta på. Og vi vil i den samanheng også minne om at Ørskog sykkelklubb ønsker å legge opp turane slik at syklistar i alle aldrar og på alle nivå kan ha glede av å vere med.

 

Med denne erfaringa i minne konkluderte vi med at vi skal forsøke å gjere dette til ein god tradisjon, også med utgangspunkt i dei andre flotte øyane i området.

Besøk supportersida
Link til "Murerane.com"